Valle Radios blogg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Valle Radios blogg er ein blogg som Harald Haugland skriv. Han starta bloggen i oktober 2005 for å støtte opp om Valle Radio sine program i den tida radioen ikkje hadde sending. Ettersom Valle Radio bare har sending tysdagar og onsdagar, kunne det vere aktuelt å kommentere ting som hadde vore tekne opp i sendingane og gje folk som ikkje hadde høyrt programma, høve til å kunne lese litt om det som hadde vore omtalt. Dei fleste programoversyna er difor lagde ut på bloggen, gjerne med taggen program. Og bloggpostane prøver å knytte til stoff som har vore omtalt i Valle Radio, sjølv om det av og til kjem innlegg som er meir prega av det forfattaren opplever enn av program i Valle Radio. Det gjeld særleg i sommarperioden, då det ikkje er sendingar i radioen.

Statistikk[rediger]

For det meste skriv Harald Haugland eit innlegg kvar dag, i snitt er det nærare 100 som les bloggen, sjølv om det bare er 21 som abonnerer på han som e-post og får melding i sin epostkasse når det er kome eit nytt innlegg. Til saman er det pr. 23. mai 2011 skrive 2555 innlegg på bloggen og det hadde vore over 505.000 pageviews den same datoen.

Siste innlegg på bloggen[rediger]

I dag hadde vi torskerogn til middag. Det minna meg om fersk skrei, lever og rogn som vi hadde til middag i vintersesongen då vi budde på Stokmarknes. Men då var ho ikkje steikt på panna, men p… —  05. desember 2022
I dag fekk vi vere med på vigsling av svensk erkebiskop på tv. Vårt Land skreiv dette om han i sommar: Martin Modéus vant erkebiskopvalget, og skal innsettes som ny erkebiskop den 4. desember,… —  04. desember 2022
Dette er tittelen på eit foredrag Torbjørn Greipsland har halde fleire stader. Komande onsdag kan du høyre det i Valle Radio klokka 20. Her fortel han litt om det: Nylig var jeg i Furuset menigh… —  03. desember 2022
I dag fekk eg ein hyggeleg telefon. Det var Ingvar Frøyland som var på tråden. Han var lærar saman med meg på Hadsel folkehøyskole på Stokmarknes i mange år før han flytta sørover og vart… —  02. desember 2022
Det er tid for julemesser rundt om i landet. Handarbeid og kransekaker loddast ut i bedehus og idrettshallar, folk samlast til sosialt samvær og forkynning, Hundrelappane flyg ut av lommebøkene o… —  01. desember 2022
Det er alltid hyggeleg å få respons på program eg har i Valle Radio. I dag fekk eg ein slik respons frå Torbjørn Greipsland, han hadde funne ut at han ville høyre på meg då eg presenterte s… —  30. november 2022

Eksterne lenker[rediger]