Pål Dale

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Pål Dale
Pål Dale.jpg
Født: 11. juni 1944 (72 år)

Pål Dale (fødd 11. juni 1944 på Dale) var varaordførar i Valle kommune frå 11. august 2010 til nytt kommunestyre var vald hausten 2011. Han var også varaordførar i perioden 1987 til 1991, då Pål Åmlid var ordførar.

Etter folkeskulen gjekk han på framhaldsskule i Valle, deretter vart det Bygland jordbruksskule og Bygland skogskule. I 1967 gjekk han på Fritz Pettersens handelsskule i Arendal, det var ein privat handelsskule. I 1996 var han raudruss etter å ha gått på Valle vidaregåande skule og Hovden vidaregåande skule. Etter det vart han immatrikulert på Universitetet i Oslo.

Militærtenesta gjorde han unna tidleg, deretter arbeidde han heime på garden på Dale og hadde fleire tilfeldige jobbar. Ein periode frå 1968 arbeidde han for Vest-Telemark Bilruter. Han jobba også for Voldseth og Løyland sitt maskinfirma med bygging av skogsvegar. I 1974 starta han med køyring i samband med tunnelarbeid for Ingeniørbygg AS. Etter tre år der fekk han jobb på Otra Kraft, der han mellom anna var damkontrollør ved bygging av Vatndalsdammen. I utbyggingsperioden i Bykle var han ambulansevakt og køyrde ambulanse. Då var han stasjonert på Holen kraftverk. I 1987 flytta han til Rysstad og jobba som fagarbeidar i kraftstasjonen. Etter samanslutninga til Agder Energi fekk han ansvar for reinhald og forefallande arbeid på alle stasjonane til Otra Kraft. Dette heldt han på med til han gjekk av med AFP i 2006.

I 1969 gifta han seg med Toril Skomdal frå Fyresdal. Dei overtok garden på Dale i 1982 og dreiv den med kyr, han hadde opp til 15 kyr og påsett. Garden gav han vidare til dottera Margit Dale i 2003. Ho bygde kaldtfjos til sau og driv no med sauer på garden. Pål var den første i Setesdal som dreiv med økologisk mjølkeproduksjon.

Politisk aktivitet[rediger]

I 1975 vart Pål Dale vald inn i Valle kommunestyre for fyrste gong. Det var på lista for Senterpartiet i Valle, og her var han til 1987. I perioden frå 1987 til 1991, då han var varaordførar, var han uavhengig i kommunestyret, men i 1991 starta han Valle Bygdeliste saman med Henry Johansen. Den lista heldt i to periodar, siste perioden vart det til at lista samarbeidde med Kristeleg Folkeparti og han fekk plass i formannskapet. Dermed var det naturleg for han å melde seg inn i KrF då Bygdelista ikkje lenger stilte til val. Etter det har han representert KrF i kommunestyret og i formannskapet. I 2000 vart han vald til leiar av partiet. Dermed vart han og medlem av fylkesstyret for Aust-Agder KrF. Han har og vore med i partiet sitt utval for kraftpolitikk i samband med kraftskattereforma.

Som varaordførar i perioden 1981 til 1991 fekk han vere med på å sjå Brokke-Suleskarvegen opna, han var også med på å vedta at Hekni kraftverk skulle realiserast. Han stilte til val i 2011, men då både dottera Margit Dale og svigerson Frode Verpe engasjerte seg politisk, trekte han seg frå KrF-lista i Valle 2011, der han stod på førsteplass etter nominasjonsmøtet. Pål Dale er den kommunestyrerepresentant som har halde på lengst samanhengengande i Setesdal, frå 1975 til 2011 er 36 år samanhengande i kommunestyret, og Kommunenes Sentralforbund opplyser at han ligg høgt på landsstatistikken også.

2. desember 2011 vart han tildelt Norske Kommuners Sentralforbunds hederstegn for si lange teneste.

Skriftleg aktivitet[rediger]

I 2010 hadde Pål Dale ideen til ei bok om 17. mai-tradisjonar i Øvre Setesdal og Telemark. Han fekk med seg Arne T. Aabø, Leonhard Jansen og Bjarne Tveiten og laga boka Folkefest frå fjell til fjord, der dei to siste var redaktørar. Det har vore mykje diskusjon om 17.-mai-feiringa. Difor ville dei få dokumentert noko om tradisjonane. Elles har han mest skrive innlegg i Setesdølen og framlegg til vedtak i samband med det politiske arbeidet.

Kjelder[rediger]

Sjå også[rediger]