Inger Lise Stulien

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Inger Lise StulienSymbol confirmed.svg
Til heimesideG.jpg
Født: 20. april 1975 (49 år)

Inger Lise Stulien Robstad (fødd 20. april 1975) er musikar og lærar busett på Syrtveit i Evje og Hornnes kommune. Ho er fødd og oppvaksen på Byremo i Grindheim i Audnedal. Inger Lise er tilsett som lærar på Evje barneskule i kommunen, men er mest kjent som musikar.

Biografi

Inger Lise er gift med Olav Robstad og har tre barn. Ho er adjunkt med opprykk (fire år med allmennlærarutdanning) i tillegg til fire årsstudium frå Universitetet i Agder.

Song og tradisjon er sentrale omgrep i livet til Inger Lise. Det musikalske landskapet hennar ligg i folkevise-pop-sjangeren, med innslag av country, roots og folkemusikk. Ho skriv dei fleste av tekstande sine sjølv, i tillegg til nokre av melodiane. Ho har mykje samarbeid med musikarane og låtskrivarane Knut Kjetil Møen på gitar og Kim Roger Larsen på piano.

Ho var bare fire år då ho første gong song i radio på NRK Sørlandet. Ho kjem frå ein sangglad familie der ho er yngst i ein søskenflokk på åtte. I 1998 gav familien ut eigen cd med far Arthur Stulien med trekkspelet saman med sine fem døtre. Seinare har det blitt fleire soloutgjevingar for Inger Lise.

Som songar har ho sunge saman med Bjøro Håland og fleire andre innan countrysjangeren. Musikalske samarbeid har ho og hatt med Kirsten Bråten Berg, Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch, Kim André Rysstad, Olav Stedje, Sveinung Hølmebakk, Alexander Rybak m.fl. Ho har mellom anna opptrådt i Nashville og på Norsk Høstfest i Minot, Nord Dakota. Ho spelte og ein del med dansebandet Riders, der og ein bror og ei søster var med.

I samarbeid med Mållaga på Agder har ho laga barnekulturkveldar på Agder der ho har laga potpurri av nynorske barnesongar frå Odd Norstoga si: Song for deg og meg, og invitert til allsong. Dette har vore svært populære arrangement for både unge og eldre. Seinare laga ho kyrkjekonserten Ti vers og ti songar som ho har halde både på Sørlandet, i Nord-Norge og på Svalbard. Taube og Theodorakis-turnear har ho hatt mange av saman med Jan Engervik. 30 barnehagekonsertar rundt om i begge Agderfylka vart stor suksess, dette for å få borna til å syngje og lese meir på nynorsk.

Inger Lise held årvisse joleturnear og ho har laga to jolemusikkvideoar som ligg på youtube:Eit jolekort og Heim te jol. Begge er spela inn i Setesdal med joletradisjonar i fokus. Steikeplatå handlar om joletradisjonar frå dei indre bygder, der samla ho inn kring 50 jolematoppskrifter frå heimtraktene og laga som ei kokebok inni coveret. Fleire samarbeidsprosjekt har det vore med born frå Evje og Hornnes kommune frå begge barneskulane der. På plata: Min vår har ho med seg 200 born til å kora på to av songane: Blåmann og Fager kveldsol smiler. Ho er oppteken av å vidareformidla gode songskattar frå den gode gamle songtradisjonen. Ho nyttar nynorsk og dialekt i songane ho framfører, både dei kjende og kjære og dei nyskapande ho skriv sjølv.

Diskografi

Inger Lise Stulien har vunne på Sørlandstoppen fleire gonger, første gongen med songen Lonely At The Right Time 14 år gamal. Ho gav ut sin første kassett då ho var 15. Ein annan song som har vore på Sørlandstoppen, er From A Distance og i 1997 var Don't Make It Hard For Me på toppen.

Setesdal Kulturné

Grunna koronapandemien i 2020–2021 måtte Inger Lise som mange andre kulturarbeidarar og artistar tenke nytt. Ho etablerte då Setesdal Kulturné og Jol på Syrtveit i samarbeid med Risdal Touring. Her blir folk inviterte heim til gards for konsert, enkel servering, kunstutstilling og jolemarknad.

Heider

I 2003 fekk Inger Lise Stulien Målblome 2003 på landsmøtet til Noregs Mållag. Grunngjevinga var at ho nyttar det norske språket med rett rygg og glimt i auga og er eit førebilete for andre.

Kjelder