Torlidalsfjell

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Toppen av Torlidalsfjell, 962 moh.
Torlidalsfjell mot høgre og litt av Mjåvatn, sett frå turløypa til Aust-Agder Turistforening.
Foto: Reidar Tveito
Utsikt frå høgdedraget sør for Torlidalsfjell. Utlaupet av Mjåvatn mot høgre.
Foto: Reidar Tveito
Toppen av Torlidalsfjell mot venstre, med Torlidalen framforbi.
Foto: Reidar Tveito

Torlidalsfjell er høgaste toppen i Bygland austhei, og i det tidlegare Austad kyrkjesokn austhei. Dei tri øvre sokna i Bygland kommune, Austad, Sandnes og Bygland, vart samanslegne i 1997. Høgda er 992 moh. og toppen ligg i området mellom Straumsfjorden og Mjåvatn, lengst aust og nord i Bygland.

To like høge fjell?[rediger]

Aller lengst nord og aust i Bygland kommune, på grensa til Valle kommune, ligg Sletteheii. Der er toppområdet dela opp i to knausar med ein avstand seg i mellom på omlag 100 meter. Den nordre knausen har ei høgde på 993 moh., og ligg på vallesida av kommunegrensa. Det gjer også den søndre knausen, men grenselina mot Bygland går nokså langt inn mot toppen, som er innringa av ei ekvidistansekurve som bryt 995 meter. Men dette er ein kartfeil, for denne høgaste kurva skulle vore teikna som ein pytt. Det kan ein sjå på flyfoto over knausane. Difor er det nærliggande å tru at den luten som ligg i Bygland, berre så vidt er over 990 meters høgde. Dermed vert Torlidalsfjell, som ligg 2,5 km lengre mot sør, den høgaste staden i Bygland austhei med sine 991,97 moh.

Om det hadde vore viktig å vita sikkert, så måtte ein ha kontrollmåla båe toppane med presisjonsinstrument. Men kven bryr seg om det?

Korleis koma hit[rediger]

Torlidalsfjell er ikkje noko vanleg turmål, difor går det ingen merka løyper direkte hit. Men hovudløypa til Aust-Agder Turistforening går ikkje så langt unna, og ein kan kome inn på denne anten frå Birte eller frå Øvre Birtedalen. Då kan ein nytta Granbustøyl eller Nutevasshytta til overnatting.

Som dagstur kan ein gå frå Kvipt, kryssa løypa til turistforeninga og koma seg over på vestsida av Mjåvatn. Dette terrenget er småkupert. Vassføringa ut frå Mjåvatn kan nok til tider vera så stor at vading er naudsynt. Like nord-vest for utlaupet av Mjåvatn er det eit myrområde, og på fjellryggen nord for dette er det greit å koma opp i høgda, og vidare mot Torlidalsfjell.

Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelde[rediger]