Hornnes landsgymnas

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Setesdal vgs)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hornnes landsgymnas 2. mai 2021.
Hornnes vidaregåande skule og Otrahallen
Foto: Reidar Tveito

Hornnes landsgymnas vart etablert i 1918 som eit privatgymnas på Hornnes i noverande Evje og Hornnes kommune. Frå 1922 blei det eit fireårig landsgymnas, ein status det hadde til 1975, då skulen vart vidaregåande skule. Det offisielle namnet var likevel Hornnes gymnas fram til 1995. Då blei skulen heitande Hornnes vidaregåande skule fram til samanslåinga med avdelingane i Valle og på Hovden i 2006, til Setesdal vidaregåande skule. Etter det har namnet vore Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes. Studietilboda frå hausten 2022 er: Studiespesialiserande, Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag og Helse- og oppvekstfag.

Historie

Hornnes landsgymnas hadde real- og engelsklinje. Frå 1924 fekk ein latinlinje, den hadde skulen fram til 1947. I perioden 1931 til 1939 var det ingen elevar på engelsklinja. Over 80 prosent av elevane kom frå dei to Agder-fylka. Første artiumskull i 1922 hadde 18 kandidatar, to av desse var jenter. I 1928 var det 31 artianarar, i 1947 var det 44. Kvinneandelen dobla seg frå 17% i 1922-1940 til 35% i 1963-1970.

Under andre verdskrigen brukte tyskarane gymnastikksalen til potetlager, og i februar 1942 var det ein elevdemonstrasjon som førte til at NS kravde bortvisning. Rektor Daniel Danielsen nekta å vise dei bort. Same året vart elevar nekta å få eksamen om dei ikkje melde seg inn i NS, og i mars var Lærarsambandsstriden. Då var skulen stengd i fleire veker, og ein av lærarane, Kaare Glømmen, vart arrestert og send til Kirkenes. Under krigen mista desse åtte elevane livet: Knut Almedal, Ragnar Lømsland, Peder Mollestad, Knut Mykland, Bjørgulv G. Rysstad, Sigurd G. Rysstad, Gunnar Thompson og Alfred Ugland.

I samband med 30-årsjubileet i 1948 kom jubileumsboka Hornnes Landsgymnas 1918-1948 ut.

Rektorar

Daniel Danielsen

Nokre lærarar

Olav Arne Kleveland.

Nokre elevar

Her er nokre elevar og året dei tok artium:

Grete Faremo.
Foto: Dybdal / PRT Meymaneh
1970
1971
1972
Utan årstal

Kjelder

Eksterne lenker