Olav Mosdøl (lyrikar)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav MosdølSymbol unrelated.svg
Olav Mosdøl.jpg
Født: 10. februar 1937 (87 år)

Olav Mosdøl (fødd 10. februar 1937 i Bykle) er ein norsk lyrikar. Han bur i Kviteseid, der han var lærar, undervisningsinspektør og rektor på Kvitsund gymnas til han i 1999 pensjonerte seg. Han er utdanna lærar ved Kristiansand lærerhøgskole 1958–60. Så fekk han jobb i ungdomsskulen i Lillesand og Birkenes frå 1960 til 1962, då han drog til Oslo og studerte norsk, kroppsøving og historie ved Universitetet i Oslo til 1965. I Kviteseid har han og engasjert seg i lokalpolitisk arbeid og vore med i kommunestyret frå 1999 for KrF. I perioden 2007-2011 var han varaordførar, og han var kommunestyremedlem også perioden 2011-2015. Han er leiar av styret for Kviteseid bygdetun.

Produksjon

Debuten kom med diktsamlinga Kvite symrer i 1977. To år seinare kom I Lydeskar. Den handlar om å høyre til og gav han eit gjennombrot som forfattar. Sidan er det blitt mange bøker i ulike sjangrar: lyrikk, biletbøker, sakprosa, salmar, spel og skodespel. Komponistar som Bjarne Sløgedal, Sverre Eftestøl, Geir Knutson, Bjarne Stølen, Jon Hinna, Eilert Hægeland, Knut Nystedt, Vidar Hansen, Sigvald Tveit, Sondre Bratland, Hege Bålsrød og Gunstein Draugedalen har sett melodi til dikta hans. Mange er kome ut på CD, fleire av desse er laga som diktsyklusar som heng saman. Han har tekstar i ei rekke antologiar og har publisert essay, epistlar, noveller i Sørlandsk Magasin (Agder Litteraturlag), Årbok for Telemark, Jol i Telemark, Jol i Setesdal, Varden, Telemark Tidend, Fædrelandsvennen og Gamalt frå Kviteseid 2006.

Bibliografi

  • 1977 Kvite symrer, dikt
  • 1979 I Lydeskar, dikt
  • 1980 Kvitsund, monografi
  • 1987 Menneskelandskap, dikt
  • 1988 Eit anna land, barnebok
  • 1992 Sylvdropan, suite
  • 1993 Barn av sommaren, dikt/folkeviser
  • 1995 Songen frå Sion, kantate
  • 1997 Berget det blå, musikkspel
  • 1999 Kjempa for Norge, historisk spel
  • 2000 Løyndomsfulle Setesdal, tekster/dikt
  • 2000 Missa Millennium, dikt
  • 2001 spor.sørland, prosa/poesi
  • 2002 Landskapet opnar seg, helsingsskrift
  • 2006 Røter, dikt i utval
  • 2006 Songen frå Sion, musikkalbum
  • 2011 Det syng, musikkalbum, saman med Hege Bålsrød
  • 2021 Ingen kan tjore fugletrekket, tekstar og musikkalbum med Hege Bålsrød, illustrasjonar ved Liv Andrea Mosdøl

Stipend/prisar

  • Kulturprisen frå Kviteseid kommune, 2007
  • TONO-stipend 2007, og fleire gonger før
  • Emmausprisen 2006 (Årets beste skjønnlitterære bok.)
  • NOPA-stipend 2002, 2007
  • Den norske forfatterforenings stipend, 1999
  • Telemark fylkes kunstnarstipend, 1998
  • Bykle kommunes kulturpris, 1997
  • Målprisen i Setesdal, Bygland 1991
  • NRK Telemarks diktpris, 1984

Eksterne lenker