Daniel Danielsen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Daniel Danielsen
Daniel Danielsen.jpg
Født: 17. september 1879
Død: 4. april 1957 (77 år)

Daniel Danielsen (fødd 17. september 1879 på Askerøy i Tvedestrand, død 4. april 1957) var rektor på Hornnes landsgymnas frå 1923 til 1950.

Biografi

Daniel Danielsen vart fødd inn i ein skipsførar- og reiarfamilie. Han tok artium i Tvedestrand i 1897 med beste karakter i nesten alle fag. Deretter studerte han realfag på Universitetet i Kristiania. Her fekk han vere med i forsking saman med professor Reidar Birkeland og Fridtjof Nansen. Han tok matematisk-naturvitenskapelig lærareksamen i 1902, deretter var han lektor ved Kristiansand Katedralskole i 21 år. I den tida var han medlem av Kristiansand kommunestyre frå 1911 til 1922. Frå 1917 til 1919 var han varaordførar i Kristiansand.[1] Etter tida i Kristiansand kom 27 år som rektor ved Hornnes landsgymnas.

Han var frå 1904 gift med Olga Teresia Sunde, lærardotter frå Drammen. Sonen Andreas vart sidan førstekonservator ved Botanisk avdeling, Tøyen.

Sakprosaforfattar

Danielsen var ein flittig forfattar av både bøker og tidsskriftartiklar, mest innan geologiske emne.

Elles var hovedinteressen slekts- og lokalhistorie. Han skreiv ei lang rekke artiklar i historietidsskrift og årbøker. Men framfor alt var han oppteken av lokalhistorie frå Dypvåg. I 1930 gjorde han ein avtale med gymnasrektor Sophus Jenssen i Oslo, som var frå Skibvik i Dypvåg, om at dei skulle lage eit lokalhistorieverk saman. Jenssen leita i arkiva og skreiv om eigedomane, medan Danielsen skreiv om slektene.

I 1965, ni år etter at Daniel Danielsen døydde, kom Dypvåg Gårds- og slektshistorie i tre bind - heile 2394 sider. Nærare 24.000 personar er omtalt i verket. Dette arbeidet var sterkt medverkande til at begge forfattarane fekk Kongens Fortenstmedalje i gull.

Bibliografi

  • Bidrag til Sørlandets kvartærgeologi 1910
  • Kvartærgeologiske streiftog på Sørlandet 1912
  • De gamle havmerker i Brufjellet ved Aaensire 1917
  • Um steinane og jordi 1921
  • Festskrift til Hornnes kyrkje sitt hundradaars-jubileum 1928
  • Hornnes landsgymnas 1918-48 1948
  • Dypvåg Gårds- og slektshistorie 1958
  • Navneregister til Dypvåg gårds- og slektshistorie 1999

Referansar

  1. Daniel Danielsen i Hvem er Hvem 1938 side 120

Eksterne lenker