Ragnhild Robstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnhild RobstadSymbol unrelated.svg
Ragnhild Robstad.JPG
Født: 13. november 1946 (78 år)

Ragnhild Robstad (fødd 13. november 1946) er pensjonert lektor og rådgjevar frå Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes. Ho vaks opp på Abusland og gjekk dei seks første åra på skule der før skulen vart sentralisert til Moisund. Ho tok artium på Hornnes gymnas i 1967. I 1973 kom ho tilbake til landsgymnaset på Hornnes som kroppsøvingslærar. Då hadde ho arbeidd i Forsvaret medan ektemannen Odd Harald Robstad gjekk på lærarskulen på Hamar. Ho hadde også jobba eit år i shipping hos Mosvold i Kristiansand.

Ho har hovudfag i pedagogikk ved Universitetet i Oslo i 1995 med hovudoppgåva Inntak på spesielle vilkår til vidaregåande skule i Aust Agder. Utvikling av sjølvbilete og motivasjon. Ho har og grunnfag i idrett, økonomi og handelsfag. Ho har og mellomfag i idrettsbiologi og første avdeling juss og har studert både ved Universitetet i Oslo og ved Universitetet i Bergen. Frå 1. august 2013 vart ho pensjonist etter 40 år i skulen.

I perioden 1985 til 1989 var ho medlem av «Fagstyret for Statens skogskole Bygland», deretter var ho varamedlem til styret for Statens skogskole Bygland i fire år.

Ragnhild Ropstad var ein ressursperson i oppstartingsfasen då volleyballgruppa i Otra IL stod opp til nytt liv midt på 1980-talet. Ho var også ein ivrig løpar i orienteringsgruppa i mange år, minst 18, og var med i styret i gruppa (sekretær) i 1985.

Kjelder