Anders Anderssen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Anders AnderssenSymbol unrelated.svg
Født: 27. januar 1930 (89 år)

Anders Anderssen (fødd 27. januar 1930 i Evje, busett på Hermansverk) er sivilingeniør og har vore fylkesingeniør og fylkesmiljøvernsjef i Sogn og Fjordane. Han tok artium ved Hornnes Landsgymnas. Han er utdanna ved Universitetet i Oslo, har sivilingeniøreksamen frå University of Idaho i 1959 og eksamen Master of Urban Planning 1967 frå University of Washington.

Anderssen budde 15 år i USA før han vart tilsett som fylkesingeniør i Sogn og Fjordane i 1971. Han var oljekonsulent i Sogn og Fjordane 1972-1982 og fylkesmiljøvernsjef 1982-1995.

Anderssen har ikkje vore utøvande musikar sjølv, men har lagt ned eit stort arbeid som organisasjonsmann innan musikklivet. I USA-tida gjorde han opptaket til Grieg Festival Association i Seattle i 1969, han fekk skipa Symfoniorkesteret i Sogn i 1974 og Sogn og Fjordane Symfoniorkester i 1976. Han har vore medansvarleg for Vestlandske Sommarsymfoni på Nordfjordeid ved skipinga i 1979, Leikanger Folkemusikkverkstad i 1991 og Sogn Ungdomsorkester i 1992.

Anders Anderssen er fødd og vaks opp på Evje. Faren var Thorleif Anderssen. Mor hans var Birgit Kleveland Anderssen, som først dreiv landhandel og sidan i mange år kledeforretning i Sentrumsbygget i Evje (B. Kleveland). I 1953 hadde han «sommarjobb» med å farte rundt i Evje, Hornnes og Iveland for å ta bilete til bokverket Norges Bebyggelse. Anderssen har skrive mange fine artiklar i Arnstein og andre stader om oppveksten og ungdomstida i Setesdal.

Artiklar av Anders Anderssen[rediger]

  • Evdølen som torpederte Blücher, Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2012, s. 41-43
  • Landhandlarmiljøet på Evje før i tida, Arnstein, 2011, s. 45-47
  • På reise før masseturismen slo igjennom, Arnstein, 2000, s. 35-42
  • Sommaren 1953, Arnstein, 2008, s. 24-27
  • Sommaren 1943, Arnstein, 2013, s. 8-13

Kjelder[rediger]