Bjørgulv T. Berg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bjørgulv T. BergSymbol unrelated.svg
Btb.jpeg
Foto: Setesdølen.
Født: 28. mai 1949 (70 år)

Bjørgulv T. Berg (født 28. mai 1949 i Kristiansand) er medarbeidar i NAV Valle. Han hadde eit vikariat som han begynte i etter å ha arbeidd i Risa til 2009, men sidan vart det fast stilling. Han gjekk på realskule i Åmli og Hornnes landsgymnas 1969. Deretter gjekk han på Menighetsseminaret, deretter var han sivilarbeidar på Oslo sjømannskirke. Deretter vart han tilsett på Oslo sjømannskirke og var der i fire år, før han var assistent ved sjømannskyrkja i Antwerpen i to år. Deretter var han fem år i Blå Kors i Oslo før han flytte heim til Berg i Hylestad og begynte i halv stilling som menighetssekretær Valle kommune i 1981.

Deretter har han hatt mange ulike jobbar i Valle. Han var bonde med sauer, kyr og ungdyr, men avvikla gardsdrifta i januar 2009. Han arbeidde sju år på Valle sosialkontor og var flyktningsekretær ein periode. Etter det var han utviklar i Brokke Eigedom, der han er ein av medeigarane, før han starta i Risa.

Han har vore aktiv i politikken som medlem av Valle kommunestyre for Valle Kristeleg Folkeparti og vore i formannskapet. Han var tre periodar i Aust-Agder fylkesting.

I mange år har Bjørgulv T. Berg vore medarbeidar i Valle Radio, fyrst som ein av tre som alternerer om å ha programposten «Tankar frå Bibelen», deretter som vanleg programleiar.