Alfred Ugland
Alfred Ugland | ||
---|---|---|
Født: | 27. januar 1914 | |
Død: | 15. mars 1945 (31 år) |
Alfred Ugland (fødd 27. januar 1914 i Evje, død 15. mars 1945)[1], var jurist og motstandsmann under andre verdskrigen.
Alfred Ugland var sønn av Daniel Ugland (f. 1878, Froland) og Sigrid Eilifsdotter Ugland (fødd Aasland 1879, Evje). Han var bror av Ragnvald Ugland. Alfred tok reallina ved Hornnes landsgymnas i 1935, og juridisk embetseksamen i 1941. Han arbeidde med ulike ting i studietida. Etter eksamen var han assistent og seinare sekretær i Riksrevisjonen. Etter krigsutbrotet i 1940 var han med i illegalt arbeid frå første stund. Han rømde til Sverige våren 1942.
Av den norske legasjonen i Stockholm vart Ugland i 1942 sett til å vere leiar av ein kurèrorganisasjon. Han blei arrestert av tyskerane i Oslo 19. februar 1943, etter at han var blitt såra av eit skot i hofta. Han gjekk gjennom 14 avhøyr med tortur, og blei dømd til N.N.-fange og send til Tyskland.
I Tyskland var Ugland i ulike fangeleirar. I februar 1945 blei han send på utekommando frå ein leir som låg under Buchenwald konsentrasjonsleir. Etter dette høyrde ingen meir frå han.[2]
Namnet til Alfred Ugland er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje, som er reist av ungdom i Evje til minne om dei som ofra livet i kampen for fedrelandet i krigen 1940–1945. Alfred Uglands veg i Evje sentum er oppkalt etter krigshelten Alfred Ugland.
Kjelder
- Daniel Danielsen, Hornnes Landsgymnas 1918-1948, jubileumsskrift for Hornnes landsgymnas, utgjeve 1948, side 33 og side 95
Referanser
- ↑ Alfred Ugland hos stiftelsen-arkivet.no
- ↑ Våre falne 1939-1945, band IV, Grøndahl, 1950, s. 446-447