Knut Mykland (1913)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Mykland (1913)
Født: 6. oktober 1913
Død: 30. april 1940 (26 år)

Knut Mykland (fødd 6. oktober 1913, død 30. april 1940) var frå Vegusdal. Han hadde gått på Hornnes gymnas, og tok seinare befalsskule og krigsskule. Då krigen braut ut var han løytnant, og deltok i felttoget i Sør-Norge. Han blei hardt skadd under bombing av Setnesmoen 30. april, og brakt til sjukehus i Molde. Der døydde han same dag.

Eigedelane Knut hadde med seg under felttoget blei sendt heim til familien, som seinare donerte utstyret til Setesdalsmuseet.

Kjelder