Aslaug Bjoraa

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Aslaug Bjoraa
Født: 28. april 1920
Død: 13. oktober 2006 (86 år)

Aslaug Bjoraa (fødd 28. april 1920, død 13. oktober 2006) var misjonær i Kamerun. Ho var dotter til Jens O. Bjoraa og Gyro Bjoraa, fødd Vassend. Ho gjekk på Birkeland ungdomsskole 1937-38, tok artium ved Hornnes landsgymnas i 1943, eksamen ved Oslo lærerskole i 1947 og arbeidde sidan som lærar fleire stader i Norge.

I 1953 tok Aslaug Bjoraa eit lærarkurs ved Statens kvinnelige industriskole, deretter eitt semester ved Misjonsskolen for kvinner i Oslo. Etter språkstudium i Frankrike kom ho i juni 1955 til Kamerun som lærar for misjonærbarn i Ngaoundere. I juni 1960 kom ho heim til Norge og arbeidde som lærar i Telemark. I april 1962 reiste ho tilbake til Kamerun, der ho var leiar for skulane i Ngaoundere.

Kjelder[rediger]