Aasulv Lande (1937)

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Aasulv Lande)
Hopp til navigering Hopp til søk
Aasulv Lande
Alandeulv.jpg
Født: 25. desember 1937
Død: 8. juli 2019 (81 år)

Aasulv Lande (fødd 25. desember 1937 på Lauvdal i Bygland kommune, død 8. juli 2019) var ein norsk prest, tidlegare misjonær og teologiprofessor med religionsdialog som spesialområde. Han tok artium ved Arendal Gymnas i 1955 og studerte deretter ved Menighetsfakultetet og vart cand.theol. i 1962. Med stipend frå Kyrkjenes Verdensråd studerte han eitt år ved Durham University før han kom tilbake til Noreg og tok praktisk-teologisk eksamen i 1964.

Frå 1965 til 1980 var Aasulv Lande misjonsprest i Japan saman med kona Gunvor Lande. Seinare har han vore førsteamanuensis i japansk ved Universitetet i Oslo (1989-90) og førelesar og forskar i misjonsstudiar ved Selly Oak Colleges i Birmingham/ University of Birmingham. Frå 1994 til 2005 var han professor i misjonsvitskap og økumenikk ved Lunds Universitet. Han var også styremedlem i det svenske Institut för kontextuell teologi. I perioden 1996-2005 var han president i European Network for Buddhist-Christian Studies. Lande har ein omfattande fagleg produksjon i misjonsvitskap, særleg om religionsdialog og om japanske religionar.

Saman med kona Gunvor har Aasulv Lande tre born: Eivind, Anne og Liv.


Kjelder

Eksterne lenker