Tormod Oksefjell
| Tormod Oksefjell | ||
|---|---|---|
| Født: | 28. februar 1937 | |
| Død: | 2009 (alder 71–72) | |
Tormod Arnfinn Oksefjell, født 28. februar 1937 og død 2009. Han var opphaveleg frå Kvinesdal, men var lærar og rektor ved Hornnes landsgymnas størstedelen av livet. Han budde i Dåsnesmoen bustadfelt i Hornnes saman med kona Ruth Oksefjell.
Oksefjell tok matematisk-naturvitenskapleg embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1962 og pedagogisk eksamen i 1961. Han var hjelpelærar ved Universitetet i Oslo 1961-1962, lektor ved Hornnes gymnas frå 1962, studieinspektør ved same skule 1975-1978 og rektor frå 1979 til han vart pensjonist. Oksefjell har hatt ei rekkje omsetningsoppdrag for forlag av lærebokmanuskript frå bokmål til nynorsk.
Tormod Oksefjell var også politikar, der han i alle år representerte partiet Venstre. I ei årrekkje var han medlem av og kasserar i fylkesstyret, og han var ein dyktig representant for Venstre i fylkestinget. Lokallaget i Evje og Hornnes leia og dreiv han i mange år. Heilt til det siste deltok han i partiarbeidet, i lokallaget, på fylkeårsmøter, og i det siste formelle vervet som fylkeslaget sin revisor.
Oksefjell var leiar av Evje og Hornnes kyrkjelege fellesråd ein periode. I ei årrekkje song han i Evje og Hornnes menighetskor. Han hadde og ein kjær hobby med å dyrke blomar. Georginer var spesialfeltet.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, 1990, s. 505
- Kyrkjelydsbladet Ljosglimt, nr. 4/2009