Li, Øvre (Evje og Hornnes gnr. 39)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Li, Øvre.
Liegruva.
Foto: Geir Daasvatn

Li, Øvre er ein gard (gnr. 39) langs Fylkesveg 292 på heia sør-aust i Evje og Hornnes, heilt inn mot grensa til Iveland i aust. Mot sør ligg Li, Nedre. Mot vest ligg Vånne. Den svære Liegruva ligg på garden Li sin grunn.

Det er usikkert kor gamal garden Li er. Den lokale gardkjennaren Oddmund Mogstad syner til at det er eit usamansett naturgjeve namn, som gjer at garden kan vere svært gamal. Samstundes peikar han på at garden har bunden form i leidanglistene, noko som kan tyde på at han heller stammar frå mellomalder.[1] Også i kultursoga for Evje og Hornnes stillast det spørsmålsteikn ved om garden er så gamal som namnet kan tyde på. Såvidt ein veit er det ikkje gjort gravfunn frå heiden tid på Li. [2]

Li var den einaste garden i denne søre grenda av Evje som var busett i 1601.

Kart[rediger]

Laster kart...

Referansar[rediger]

  1. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 34
  2. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, side 69