Galteland (Evje og Hornnes gnr. 50 bnr. 2)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bnr. 2 på Galteland.

Galteland (Evje og Hornnes gnr. 50 bnr. 2) er eit gardsbruk i garden Galteland i Evje. Husa ligg vest for (nedanfor) Lauvlandsvegen. Heimelshavar frå 1993 er Jørgen Galteland. Før Jørgen overtok bruket var det foreldra hans, Sverre Galteland og Anna Galteland, som hadde eigedomen.

Galtelandsteinen

Den berømte Galtelandsteinen stod på Listeinsmoen ved Fennefossen i Rosseland mark i ca. 700 år. Rundt år 1750 blei han teken ned og frakta til Galteland, der han blei sett opp på tunet på bnr. 2. Seinare, i 1855, vart steinen slegen i sund i sju delar, som blei murde inn i ein skorstein på bruket. Etter forhandlingar med grunneigaren, Peder T. Galteland, fekk Universitetets Oldsakssamling lov til å rive skorsteinen, og plukke ut den sundslegne steinen. I 1875 er steinen komen til Universitetets Oldsakssamling i Oslo.

Kjelder


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.