Åneland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Eit bruk på Åneland.

Åneland er ein gard (gnr. 52) på begge sider av Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) aust for Galteland og vidare austover mot Bjorvatn aust i Evje og Hornnes. Nabogard i vest er Åsland. I nord ligg Haugen. Bjoråna kjem frå Bjorvatnet og renn gjennom Ånelands-bygda. På dette strekket kallast ho gjerne Ånelandsåna.

Historie[rediger]

Garden er ein -landgard, og stammar truleg frå folkevandringstida (år 400-600 e.Kr.).[1] Fleire ting kan tyde på at nabogarden i nord, Haugen, frå først av høyrde til Åneland. Så er han blitt skild frå seinare, kanskje i vikingtida.[2] Den lokale gardkjennaren Oddmund Mogstad meiner at gardane Lauvås og Raudstøl oppover mot Høvringsvatn kan ha høyrd til Åneland etter svartedauden.[3]

Etter Svartedauden flytta folket på den nedlagte garden Håland på Hålandsheia til Åneland, og la Håland som tilleggsjord til Ånelands-garden. Tidlegare hadde dei flytta frå eit stort forhistorisk gardsanlegg frå folkevandringstida langt inne på Ånelandsheia og ned til Håland i Hålandsdalen. Oddmund Mogstad meinte at folket på Åneland på denne måten kanskje er dei einaste i landet som kan følge forfedrane sine heilt attende til folkevandringstida for 1500 år sidan.[4]

Det var skulestove på Åneland 1862-1959.[5] Skuledistriktet omfatta Åneland, Haugen, Landsverk, Odde Evje prestegård, Åsland, Tveit, Flåt og Undeland.[6]

Kart[rediger]

Laster kart...

Referansar[rediger]

  1. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 68
  2. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 35
  3. Gardsnamn i Evje, side 36
  4. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 200
  5. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 198-199
  6. Kultursoge for Evje og Hornnes, side 351-352