Kjersti Park bustadfelt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kjersti Park med litt av Grenjå i framgrunnen.

Kjersti Park bustadfelt ligg rett aust for Evje sentrum, mellom Grenjå bustadfelt og Evje stadion. I nord ligg Tingbergheia bustadfelt.

Byggmeister Håkon S. Hansen la i 1971 fram planar for dette bustadområdet. Utbygginga tok til sist på 1970-talet, etter ein reguleringsplan vedteken i 1978. Utbyggar var nemde Hansen. Den første reguleringsplanen vart seinare endra, og gjeldande plan for området er reguleringsplan for Kjersti Park, dagsett 22. mars 1984.

Tilkomsten til Kjersti Park med bil er frå Alfred Uglands veg sør for Evje sentrum.

Kjelde[rediger]