Høgetveit

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bærtunnel på Høgetveit.
Foto: Høgetveit gård
Høgetveit.

Høgetveit er ein gard (gnr. 44) i Evje og Hornnes. Garden ligg på heia aust for Evje sentrum, langs Fylkesveg 292 som går frå Galteland mot Iveland. Mellom nabogardane er Rosseland i nord-vest, Kjebekk i nord-aust og Lauvland i sør-vest.

Næringsdrift

På første halvdel av 1900-talet var det svær gruvedrift etter feltspat på Høgetveit. I dag driv eigarane Sjur Høgetveit og Wenche Rundsag Høgetveit stort innan fruktproduksjon, særleg med morellar, som dei marknadsfører innan Smaken av Setesdal, men også sel til grossist og til folk som kjem innom.[1] Dette er høgaste plassen i Norden for morelledyrking, og det skjer trea står i plast-tunnellar for å hindre frost om våren i bløminga.Om morelledyrking på Høgetveit

Historie

Garden er i bruk i 1601, og svarer då både leidang og tidend. Men namnet tyder på at han ikkje er eldre enn frå omlag 1200. Rundt den tida gjekk «hå» over til «høg». Truleg har garden gått ut frå Åmland, som i si tid igjen kanskje er gått ut frå den eldre og meir sentrale garden Rosseland.

Sjå også

Kjelder

Referanser

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...