Åsland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Eitt av bruka (bnr. 1) på Åsland.
Bnr. 5 (t.v.) og bnr. 2 på Åsland.
Foto: Geir Daasvatn

Åsland er ein gard (gnr. 51) i Evje og Hornnes. Han grensar til Galteland i sør og vest og Odde i nord. Mot aust ligg Åneland. Han er truleg frå same tida som nabogarden Galteland, altså frå folkevandringstida (frå år 400 til 600 e.Kr.).[1] Garden låg øyde under Galteland etter Svartedauden, og har nok mista areal til den garden.[2]

Historie[rediger]

I 1362 kjøpte Galteland Åsland. Handelen er dokumentert i det eldste dokumentet ein kjenner frå Evje. Etter fleire generasjonar delte to søner på Galteland Åsland mellom seg, og slo seg til der.[3]

Åsland sine øygardar (støylar) var Ormetjønnåsen og Lisleøygard. Ormetjønnåsen er seinare blitt til gardsbruket Åsen.[4]

Kart[rediger]

Laster kart...

Referansar[rediger]

<references>

  1. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 68
  2. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 35
  3. Oddmund Mogstad, Seterdrift i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein 2011, side 48
  4. Oddmund Mogstad, Seterdrift i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein 2011, side 48