Arendalsvegen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Arendalskrysset heilt til venstre i biletet. Derfrå slyngar Arendalsvegen seg forbi Tingberget og vidare austover forbi Ørnefjell mot Galteland.

Arendalsvegen er det ein kallar Fylkesveg 42, vegen mellom Arendal og Egersund, gjennom Evje.

Historie[rediger]

Kravet melde seg om ein høveleg veg mellom Evje og Arendal. I slutten av 1860-åra tok arbeidet til frå Arendal gjennom Øyestad, Froland, Mykland og vidare til Vegusdal mot Evje. I 1877 oppmoda Evje heradstyre amtsingeniøren om å få stukke ut og kostnadsreikna veg frå Bjorvatn om Åneland, Rosseland og vidare til Fennefossen. Seinare, i 1882, ville heradstyret heller ha vegen om Steinsfjell, Rosseland, Galteland og Åneland til Bjorvatn. Men vegen blei stukken ut omlag der han ligg i dag. I 1883 løyvde Stortinget pengar til å bygge vegen, og arbeidet kom også i gang. Men det tok si tid, og Arendalsvegen stod ikkje ferdig gjennom Evje før i 1908. Det tok altså 25 år å gjere dette etter måten korte vegstykket, frå Evje sentrum til grensa mot Vegusdal, ferdig. Men då vegen endelig låg der, vart han eit stort framsteg for den køyrande trafikken og for sambandet mellom Arendal og Setesdal.

Kjelder[rediger]