Tingberget bustadfelt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Evje sentrum med firemannsboligane i Tingberget bustadfelt rett bak. Bak der igjen Tingbergheia bustadfelt.
Foto: Geir Daasvatn
Tingberget bustadfelt ligg ved Tingberget, litt nord-aust for Evje sentrum, mellom Arendalsvegen i nord og Grenjå bustadfelt i sør, og rett nedanfor (vest for) Tingbergheia bustadfelt. Mellom Tingbergheia bustadfelt og Tingberget bustadfelt går Grenjåvegen. Feltet vart regulert i 2002 - reguleringsplanen for Tingberget er gjeldande frå 31. mai 2002. Bygningane i feltet er mest firemannsboligar i to etasjer og tomannsboligar i ein etasje. Til saman er det meir enn 38 bueiningar i feltet.
Bygningane ligg på festa grunn. Grunneigar er Anna M. Galteland. Utbyggar har vore Elektroinvest ved eigar Arild Gjeitrem.
Adressene i feltet (vegnamnet) er Tingberget, med husnummeret etter.