Tingbergheia bustadfelt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Evje sentrum i framgrunnen og Tingbergheia bustadfelt bak og øverst i bildet.

Tingbergheia bustadfelt er eit bustadfelt ca 1 km nord-aust for Evje sentrum. Hovudinnkjøyrsla til feltet er frå Arendalsvegen. Nedanfor (vest for) Tingbergheia ligg Tingberget bustadfelt og Grenjå bustadfelt.

Grunnen der bustadfeltet ligg er gått ut frå garden Galteland. Utbygginga har skjedd frå byrjinga av 1980-talet og frametter. Reguleringsplanen for området er dagsett 9. oktober 1978.