Postvegen
Postvegen var det ein kalte den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Då vegen kom, blei det oppretta fast postrute.
Historie
Ved kongeleg resolusjon 23. april 1839 gjorde regjeringa vedtak om å bygge veg frå Kristiansand til Valle kyrkje, og løyvde 59 000 speciedalar av statskassa til føremålet. Vegen var meint å skulle vere eit «spleiselag» mellom staten og oppsittarane langs vegen.
Vegen kom gjennom Kiledalen i Hægeland fram til Moi og Hornnes i 1840. Han passerte over Dåsåna i Dåsnes på bru, og gjekk vidare på vestsida av Otra opp til Gullsmedmoen. Først rundt 1887–1889 blei det bygd veg mellom Evje og Byglandsfjord på austsida av Otra.
Ved Gullsmedmoen var det ferjestad over til austsida av Byglandsfjorden. Det vanskelegaste punktet for vegbyggarane vidare oppover langs austsida av fjorden var Fånekleiva mellom Longerak og Lauvdal. Kleiva vart forsert i 1842. Vegen var køyrande fram til Valle i 1844. Heilt ferdig til Valle var han i 1846. Han blei avlevert i 1847. Til Bykle kom vegen først i 1879. Då hadde ein arbeidd seg forbi det mest utfordrande stykket på heile vegen, Byklestigen.
Ei livsnerve
Den nye hovudvegen fekk enorm innverknad på samfunnsutviklinga i Setesdal. Det blei no mykje enklare og raskare å reise til Kristiansand, og varer kunne fraktast langs landevegen i staden for å måtte kløvjast på hesteryggen. Den gamle, tradisjonelle tilknytninga til Nedenes amt og Arendal blei for ein stor del broten. I eit brev frå formannskapet i Bygland i 1839, ført i pennen av sokneprest Münster, til vegmeisteren i amtet, meiner byglendingane at den nye vegen sikkert er det viktigaste faktum i heile dalens historie.
Sjå også
- Riksveg 9
- Byklestigen
- Flateland bru
- Topteneset
- Fånefjell vegmiljø
- Fånekleiva
- Djupedalsmuren
- Rakkenesbakken (Postvegen)
- Senumsundet
- Senumsferja
- Orreleiksmyr
- Pelekleiv
- Pederskleiv
- Kiledalskleiva bru
- Eljannskleivan
- Fossåna bru
- Espelandskleiva
- Reiersdalskleiva
- Reiersdal eldste bru
- Linbekk bru
- Lintjønnkleiva
- Almkleiv
- Myrbotnkleiva
- Knutskleiva
- Moldkleiv
- Auglandskleiva bru
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 243–245
- Edvard Bull, Økonomisk og administrativ historie, artikkel i Norske Bygder - Setesdalen, Alb. Cammermeyers forlag, 1921, side 72–73
- Knut K. Homme, 1844 - eit tidsbilete, artikkel i Setesdal og setesdølar 2015, utgjeve av Setesdal sogelag, side 47–51
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen, Vest-Agder, 2000, side 182–194
Eksterne lenker
- Geir Daasvatn sine bilete på Flickr av Postvegen slik han ser ut i dag
- Artikkel på OpplevEvje.no om Postvegen mellom Slettefet og Pederstjønn heilt sør i Hornnes