Dåsnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Dåsnes ligg ytterst i "trekanten" mellom Otra og Dåsåna.

Dåsnes er ein tettstad og eit knutepunkt for biltrafikk i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Staden ligg ytterst på neset mellom Otra og Dåsåna. Riksvei 9 går forbi Dåsnes. Fylkesveg 311 går gjennom Dåsnes til Fennefoss bru. Fylkesveg 302 går nordover frå Dåsnes gjennom Dåsvannsdalen til fylkesgrensa mot Vest-AgderStaven øverst i Linddalen.

I Dåsnes er det daglegvarebutikk, Joker Dåsnes, bensinstasjon, bilverkstad og Hornnes bedehus. I nyare tid er den svære verksemda Dekkomsetning kome til. Det nedlagde Hornnes hjelpefengsel ligg i Dåsnes. I dag er det gamle fengselet eit kulturminne. Det er også eindel bustadhus i tettstaden. Rett nord for Dåsnes ligg Dåsnesmoen bustadfelt og Jortveitmoen med Hornnes landsgymnas.

Historie[rediger]

Eit stykke av den gamle Setesdalsvegen gjennom Dåsnes.

Dåsnes låg opphaveleg på grunn som høyrde Jortveit-garden til. Dåsnes og den nærliggande garden Faret, på andre sida av Dåsåna, var frå gamalt av eit knutepunkt for trafikken opp og ned Setesdal. Faret var ferjestad for overfart over Otra til Evje-sida. Her måtte ein òg ferje over Dåsåna for å kome seg vidare nordover eller sørover på Hornnes-sida, fram til den første brua kom.

I 1840-åra kom den første køyrevegen oppover Setesdal. Gjennom Dåsnes kom vegen rundt 1840. Om lag samstundes vart den første brua over Dåsåna bygd, og det vart slutt på ferjinga over denne åna. Men folk frå Evje måtte framleis ferje over Otra ved Faret for å kome inn på hovudvegen.

Den første bygningen i Dåsnes kom truleg opp i 1849. Han var sett opp av Ola Olson Steinsland. Steinsland hadde løyve til å selje øl i Dåsnes. Han kjøpte også etter kvart meir jord i Dåsnes. Noko vart delt frå hans eigedom til kai for dampskipa som gjekk på Kilefjorden på den tida.

Gunnar O. Abusdal kjøpte fleire eigedomar i Dåsnes i 1884 og byrja med landhandel der. Eigedomen med dei opprinnelege husa han hadde blei teken att på odel. Han bygde då nye store hus på austsida av hovudvegen, som i den tida gjekk midt gjennom Dåsnes, og heldt fram med handelen. I desse svære husa er det framleis forretning, no daglegvarebutikken Joker Dåsnes.

Det nemde hjelpefengselet vart bygd på byrjinga av 1860-talet. Hornnes landsgymnas vart etablert i 1918, og det nye gymnasbygget på Jortveitmoen kom i 1925. Det gjorde at det blei bygd mykje nytt i Dåsnes. Dåsnes blei etter kvart det største senteret i Hornnes-bygda.

Setesdal skulle få kompensasjonsveg etter at Setesdalsbanen vart lagd ned i 1962. I 1965 var den nye vegen ferdig gjennom Dåsnes. Nyvegen kom då nærare elva og utanom husa i Dåsnes. Den gamle vegen vart meir ein bygdeveg.

Sommaren 2013 blei det bygd ei ny, stor rundkjøring på Riksvei 9 forbi Dåsnes, og trafikken på tilstøytande vegar vart også lagt noko om. Det nye anlegget består av rundkjøringa, 400 m med gang- og sykkelveg, busstopp for pendlarbussen og 29 parkeringplassar.

Sjå også[rediger]

Rundkjøringa i Dåsnes 17. mai 2014.

Kjelder[rediger]