Valle kyrkje
Valle kyrkje er ei korskyrkje i lafta tømmer frå 1844. Kyrkja har ca 400 plassar, og kyrkjegarden i Valle ligg rundt kyrkja, som ligg på Vaddarhaugen like ved den gamle riksvegen gjennom bygda. Ho er bygd av «kyrkjebyggjar» Anders Torson Syrtveit. Kostnaden var 900 speciedalar. Dette skulle ytast av alle med matrikulera jord. Kyrkjebygda i Valle var mest skoglaus på denne tida, så det meste av tømmeret kom frå Rygnestadheia. Tømmer til bord vart hogge og saga i Finndalen lagt inne i heia. Noko kom også frå Bjørgedalen i Hylestad. Mange bygdefolk var med og bygde kyrkja og lagde innreinaden.
Interiør
Altertavla sitt motiv er gravlegginga av Jesus. Ho er frå ca 1650 og kopiert av ein ukjend nederlandsk kunstnar inspirera av eit måleri av Federigo Barocci. Orgelet er frå 1997 og er bygd av Orgelmakerij Steendam i Nederland. Det har 22 stemmer.
Medarbeidarar
- Hallvard B. Haugen, kyrkjetenar
Litteratur og kjelder
- Knut K. Homme, Kyrkja på Vaddarhaugen 1844-1994, utg. Valle sokneråd, 1994. Boka på nb.no
- Valle kyrkje 1844-1944
- Knut K. Homme, «1844 - eit tidsbilete frå Valle», Setesdal og setesdølar, Årsskrift for Setesdal sogelag, 2014, s. 47-51
Eksterne lenker
| Kyrkjer og forsamlingshus i Valle kommune | ||
| Hylestad kyrkje · Valle kyrkje | ||
| Broderheimen bedehus · Oveinang grendehus · Nomeland bedehus · Valle menighetshus | ||
| Fjellro grendehus på Hovet · Gardane grendehus på Brokke · Hylestad soknehus Treungen grendehus på Helle · Homme og Tveitebø grendehus |