Senumsundet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Senumsundet april 2011 (utsikt nordover), då isen tok fortøyningane til Byglandsfjord Båtforening
Senumsferja omkring 1960. I framgrunnen litt av ei jarnbanevogn.
Begge dampbåtane på Dale i 1941 i samband med ei tilskiping.
Foto: Olav N. Tveito (Reidar Tveito)

Senumsundet er eit sund lengst sør i Byglandsfjorden. Sundet er 140 meter breitt, og Senumsund bru går over sundet. På austsida av sundet bygde Byglandsfjord Båtforening båtplassar i 1980. Isgangen i april 2011 reiv med seg akterfortøyningane for 61 båtar.


Gamal ferdselsveg[rediger]

I Setesdal var ein avhengig av å få tilført dansk matkorn. Otra vart nytta til frakt der elva var lageleg til det, men Otra har mange større og mindre fossefall der frakta laut foregå over land. Ikring år 1800 var det ein dugande stiftsmann i Kristiansand Stift som ville betra livsvilkåra for setesdølane, ved å byggje vegar framom fossane. Vegen frå Fennefoss til Senum vart ferdig i 1804, og dette var den fyrste køyrevegen i indre Agder. I 1840 vart det bygd køyreveg mellom Kristiansand og Valle, men i området her gjekk denne vegen på austsida av dalføret. Difor var det naudsynt med ferje over Otra i Senumsund, eller Ferjesundet som det óg vert kalla.

Frakt over vatn[rediger]

Gullsmedmoen er ein del av bygdelaget Senum, og når Otra og Byglandsfjorden var isfri, hadde ein del folk der som levebrød å frakte reisande og gods over sundet og oppetter fjorden. Ved Storestraum vart båtane dregne over land for vidare ferd opp til Ose, og heilt til Granheim om vassføringa var lageleg. Frakta oppetter fjorden fekk avløysing då dampbåten Dølen kom i drift frå 1867, og hadde sitt utgangspunkt frå Gullsmedmoen. Då Setesdalsbanen kom i drift i 1896, vart Bjoren flutt opp til Byglandsfjorden. Denne hadde hatt rute over Kilefjorden nedanfor, men vart overflødig då jarnbanen kom.

Men sjølv med dampbåtar og jarnbane, var det heile tida naudsynt med ferje over Senumsund. Desse store båtane vart rodd med handemakt med fleire mann på kvar side ved årene. Etter siste krig fekk ein ei motorisera ferje som drog seg over sundet etter ein wire. Denne kunne take store køyretøy og vart avløyst av ei bru etter 1965. Restar etter Ferjehytta, der ferjemannen budde når han hadde vakt, kan ein ennå sjå på Senumsida.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...