Gullsmedmoen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gullsmedmoen 14. oktober 2017.

Gullsmedmoen er ein stad, opphaveleg ein gamal husmannsplass, under garden Senum i Evje og Hornnes, på vestsida av Otra, rett vest for Byglandsfjord over Senumsund bru. I eldre tid, før 1750, blei plassen kalla «Monen» eller «Senumsmonen». På første halvdel av 1700-talet levde ein Anders Nilsson på denne husmannsplassen. Truleg var han ein slags gullsmed, for etter skiftet etter han i 1749 vart Senumsmoen heitande Gullsmedmoen.

Den eldste kjerrevegen frå 1804 enda på Gullsmedmoen. Her har derfor folk gjennom lange tider halde på med båtfrakt vidare oppetter Byglandsfjorden. Herfrå var det også ferje over på austsida av fjorden. Ulike ferjer var i drift frå Gullsmedmoen heilt til 1966, då Senumsund bru stod ferdig.

Kjelder

Kart

Laster kart...