Gamle veger i Vest-Agder

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bokomslaget syner trekkferja over Trysfjorden under Trekkferjefestrivalen
Foto: Jonas Haarr Friestad

Gamle veger i Vest-Agder er ei bok som Statens vegvesen har gjeve ut. Boka handlar om vegar i fylket gjennom tidene. Forfattar er Torfinn Normann Hageland. Han er ein kapasitet på dette området, og i Vest-Agder har ein sett verdien i å få hans kunnskap ut i bokform. Boka er på 403 sider, illustrera med nye fargebilete og har heile 65 kartblad i tillegg. I motsetning til Aust-Agder fylke, så har både Vest-Agder og Rogaland vore utgjevar av fleire bøker om gamal samferdsle, anten av Statens vegvesen eller av fylkeskommunen. Fleire av dei omtala vegane vert fylgd inn i Aust-Agder og Setesdal, og kan vera nyttig lesnad for interessera i denne landsdelen.

Torfinn Hageland har tatt føre seg utvikling av dei ulike vegstrekk frå då ein nytta hest med kløv til moderne tider med biltrafikk. Bilrutekøyring, postgang og vedlikehald av vegane og godt omtala, likeså er mange hendingar opp gjennom tidene tatt med. Boka er underhaldande og samstundes eit oppslagsverk om vegutvikling gjennom tidene.

Boka kom ut i år 2000, men er i dag (2014) nær umogeleg å fa tak i, korkje hjå bokhandlar eller i antikvariat. Men ein finn boka digitalisera hjå Nasjonalbiblioteket slik at ho kan lesast på nett.

Innhald[rediger]

  • Forord
  • Hilsner
  • Generelle opplysninger om gamle veger
  • Postvegen langs kysten
  • Dalevegene
  • Heieveger i Kristiansandsområdet
  • Harkmarkvegene
  • Bruer i Manndalen
  • Heieveger på austsida av Manndalen
  • Heieveger mellom Manndalen og Audnedalen
  • Heieveger mellom Audnedalen og Lyngdalen
  • Heieveger mellom Lyngdalen og Kvinesdal
  • Veger i Lista-området
  • Veger i Flekkefjordområdet
  • Heieveger i Sirdal
  • Vegliste av 1913
  • Kilder

Kjelde[rediger]

Ekstern lenke[rediger]