Kiledalskleiva bru

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kiledalskleiva bru.

Kiledalskleiva bru er ei steinkvelvbru bygd i 1840 på den gamle Setesdalsvegen. Ho går over Kiledalsbekken i Kiledalskleiva i Kiledal i Hægeland, rett sør for fylkesgrensa til Aust-Agder og Evje og Hornnes kommune.

Kiledalskleiva var bratt, og det var uvanleg med ei bru i ein slik bratt bakke, skriv Reidar Tveito i den vakre boka si om bruene langs Rv-9. Brua er framleis i god stand. Breidda er 5,70 meter, lengda 12,70 meter og ljosopninga 5,60 meter.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]