Knut Eldhuset (1958): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
 
(3 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste)
Line 45: Line 45:


== Publikasjonar ==
== Publikasjonar ==
*[https://app.cristin.no/search.jsf?t=Eldhuset&type=result&filter=person_idfacet~59879 Knut Eldhuset i Christin database over vitskaplege artiklar]
*[https://nva.sikt.no/filter?query=Knut+Eldhuset Knut Eldhuset sine artiklar i Nasjonalt vitenarkiv]
*[https://publications.ffi.no/nb/search?q=eldhuset  Eit utval av Knut Eldhuset sine publikasjonar ved FFI]
*[https://www.ffi.no/sok?q=Eldhuset Eit utval av Knut Eldhuset sine publikasjonar ved FFI]
*[https://ieeexplore.ieee.org/stamp/stamp.jsp?tp=&arnumber=7887754 Internasjonal artikkel (2017) med matematisk preg forfatta av Knut Eldhuset og med hans biografi]
*[https://ieeexplore.ieee.org/document/7887754 Internasjonal artikkel (2017) med matematisk preg forfatta av Knut Eldhuset og med hans biografi]
*[https://www.tandfonline.com/doi/full/10.1080/01431161.2017.1320452 Internasjonal artikkel (2017) forfatta av Knut Eldhuset der Åraksbø er avbilda med satellitt radar]
*[https://www.tandfonline.com/doi/full/10.1080/01431161.2017.1320452 Internasjonal artikkel (2017) forfatta av Knut Eldhuset der Åraksbø er avbilda med satellitt radar]
*[https://ieeexplore.ieee.org/document/9829295 Internasjonal artikkel (2022) forfatta av Knut Eldhuset]
*[https://ieeexplore.ieee.org/document/9829295 Internasjonal artikkel (2022) forfatta av Knut Eldhuset]
Line 73: Line 73:


{{DEFAULTSORT:Eldhuset, Knut}}
{{DEFAULTSORT:Eldhuset, Knut}}
[[Kategori:Fysikere]]
[[Kategori:Forskere]]
[[Kategori:Forskere]]
[[Kategori:Bilder av Knut Eldhuset (1958)]]
[[Kategori:Bilder av Knut Eldhuset (1958)]]

Siste versjonen frå 9. februar 2026 kl. 22:45

Knut Eldhuset (1958)
Knut Hallvardson Eldhuset
Født: 27. november 1958 (67 år)
Knut med vasshjulet i Kattedalsbekken.
Nordgarden bnr 2 og Eldhuset bnr 5,6, og 3. Bnr. 1 er utanfor venstre biletkant

Knut Eldhuset (fødd 27. november 1958) er forsker I , dr. scient., tilsett ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) på Kjeller, avdeling Sensor- og overvåkingsystemer.

Utdanning og karriere

Han gjekk reallina på Hornnes gymnas 1974-1977 og studerte realfag ved Universitetet i Oslo (UiO) 1978-1983. Han studerte matematikk, kjemi, fysikk og informatikk og tok hovudfag (cand. scient.) i eksperimentell kjernefysikk ved syklotronlaboratoriet ved UiO. Han vart tilsett ved FFI i september 1983 og har heile tida fram til i dag jobba med satellitt radar der matematikk og fysikk er viktigaste grunnlagsfag. Han gjennomførte doktorgradsarbeidet medan han jobba ved FFI og tok doktorgraden i fysikk som 28 åring ved Universitetet i Tromsø. Rettleiaren hans var Kaare Aksnes. I fleire år på 1990 talet var han sensor ved Norges Tekniske Høgskole (NTH) i faget satellitt fjernmåling. Han fekk opprykk til forsker I ved FFI i 1994 og FFIs kommunikasjonspris i 2012 for arbeid i ei NATO gruppe.

Knut bruker avansert matematisk analyse til å rekne på fysikken i forskjellige satellitt radar system og lagar algoritmer som kan programmerast i ein datamaskin. Det er likningar for å rekne ut kvar satellitten går i bane rundt jorda og korleis radar bylgjene forplantar seg med lyshastigheten frå satellitten til jorda og tilbake. Så er det matematiske likningar for å tolke det som radar bylgjene reflekterer frå jordoverflata. Arbeidet Knut har gjort ved FFI har vore nyttig i mange nasjonale prosjekt og i Europeisk forsvarsforskning og for den Europeiske romfartsorganisasjonen ESA (Euoropean Space Agency). I 1993 jobba han eit heilt år for ESA for å analysere nye radar system for satellitt. Algoritmer har blitt kommersialisert av Kongsberg gruppa og eksportert internasjonalt. Kongsberg Satellite Services i Tromsø (KSAT) tek ned signal frå satellittar som har fanga opp radar refleksar og lagar ein slags bilete. Forsvaret brukar desse bileta for overvåking av feks skipstrafikk. Heile tida ved FFI har han publisert i internasjonale tidsskrift.

Familie

Knut er son til Birgit og Hallvard Eldhuset og voks opp i Eldhuset bnr 5. Han er bror til Ånund og Torgrim. Han er etterkomar etter Eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten som var tipp tipp oldefar til Birgit. Forskartrongen melde seg tidleg, og den fekk han f.eks. tilfredstilt i Kattedalsbekken rett nedom huset.

Han er gift med Anne-Cathrin (f Jarl). Ho er sjukepleiar og tenesteleiar ved Nittedal legevakt. Dei har budd i Nittedal sidan 1985 og har tre døtrer: Ingrid (1988) er siviløkonom, Aase (1990) er psykolog og Solveig (1991) er sjukepleiar. I fritida er han på turar i skog og mark med familien. Han syter for å halde seg i god fysisk form med springing eller skiturar. Når det er bar mark blir det opp til 50 km i veka med springing og i løpet av vinteren kan det bli 1200-1500 km på ski pluss 20 km springing i veka.



Publikasjonar

Bibliografi:

Kjelder