Ånund B. Åkre
Ånund B. Åkre | ||
---|---|---|
Født: | 24. oktober 1889 | |
Død: | 1985 (alder 95–96) |
Ånund Bjugson Åkre (fødd 24. oktober 1889, død 1985) var gardsarbeidar, offiser, bank formann og revisor i Valle.


Ånund var fødd i Nordigard Åkre. Han var son til odelsbonden Bjug Torleivson Aakre (f. 1849, d. 1939) og kona Birgit Olsdotter Åkre (f. Heistein, 1860, d. 1946). Ånund var bror til Torleiv B. Aakre og Torjus Aakre.
Han gifte seg i 1921 med Birgit Bjørnsdotter Kveste (bnr 1) ( f 1899). Tippoldefar til Birgit var Eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten. Dei hadde 6 born saman: Birgit (1922), Bjug Aa. Aakre (f. 1925), Tone (f. 1929), Bjørn (f. 1934), Inger Å. Åkre (f. 1936) og Olav (f. 1942). Birgit (f. 1922) gifte seg i 1948 med Hallvard Eldhuset i Åraksbø . Birgit (f. 1899) døydde alt i 1968. Etter det var Ånund og Inger som regel 14 dagar hos Birgit (1922) i Åraksbø vår og haust.
Ånund gjekk underoffiserskulen i Kristiansand i åra 1907-1910. I 1912 tok han eit kurs ved Treiders handelsskule i Oslo. Då han reiste til Oslo gjekk han på ski over heia frå Valle til Bandaksli i Telemark i sprengkulde. I 1916 vart han fastlønt sersjant ved Agder infanteriregiment. Han var også lærar i Bykle ein vinter i 1917. I 1930 vart han fenrik og i 1935 løytnant.
Ånund kjøpte gnr 42 Prestegarden bnr 11 og 13 Skeidvodden i 1925. Denne selde han att i 1934 til bror sin Torjus Åkre. Svigermor hans kjøpte gnr 54 Kveste bnr 1 Sygard på auksjon i 1934 og overlet garden til Ånund. I 1940 kjøpte han gnr 45 Rike bnr 7 Skumstein. Biletet nede til høgre viser utsikten frå huset på Skumstein over Valle bygda med den særmerkte steinen midt på jordet. Det er ein noko mindre stein bak huset også der det skulle vere ei lita tjørn før i tida. Når det bles skulle det visstnok lagast skum når vatnet slo mot steinen. Kanskje dette er opphavet til namnet Skumstein.
Ånund var heradskasserar i Valle i 6-7 år. Han var og ei tid med i Valle heradstyre. Han kom inn i forstandarskapet i Valle Sparebank i 1928 og gjekk over i styret i 1934 der han var formann frå 1944 til 1961. Han var revisor i Valle handelssamlag i 36 år og styrar ei tid av Valle Handelssamlag.
Kjelder[rediger]
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 108,220,229,442.
- Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 212-216.
- Tarald Nomeland, Ein av dei stillfarande, Aanund B. Aakre har slutta som formann i Valle Sparebank , avisutklipp 1962.
- Leonhard Jansen , Valle sparebank 150 år, 2017, side 202-204.
- Delvis basert på opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)