Ei overnatting ved Hovatn
Ei overnatting ved Hovatn er den femte og siste av artiklane som Hallvard Eldhuset skreiv i Fædrelandsvennen i 1971 om slitet si soga i Åraksbøheiane.
Supplement til artikkelen
Krokan var husmannsplass under Lidtveit (Bygland gnr. 22) bnr. 1. Krokan ligg ovanfor Lidtveit der den gamle vegen gjekk opp til Hovatn. I artikkelen høyrer vi om ein av Hovass-karane som heiter Nils Olavson Krokan (1874-1915). Han var frå Krokan og reiste til Amerika i 1908 og blei kalla skomaker i emigrantprotokollen. Han kom heim etter nokre år og blei gift med Gyro Kristensdotter Arneberg (1880-1952). Nils drukna i Hovatn i 1915 da han gjekk gjennom isen etter at han hadde vore ute og sett etter snarene sine. Dei kunne fylgje skispora hans og såg der han hadde drukna. Son til Nils var fødd 1915 og heitte Olav, oppkalla etter far til Nils. Olav var gift med Gro Halvorsdotter Lidi (1904-1990). Ho hadde 7 syskjen og var tante til Harald (1945) og Margit Lidi (1955) frå Nedstoga bnr. 16 Lidi. Olav Krokan blei tilsett som damvaktar i 1955 etter Kjetil Gakkestad.
Den andre av Hovass-karane i artikkelen er Tomas Torsteinson Haugen (1859-1910) som kom frå Nordre Haugen (Bygland gnr. 30) bnr. 3 og var gift med Ragnhild Torsdotter Borgi (1864-1896). Dei hadde sonen Torstein Haugen (1893-1983) som hadde døtrene Ragnhild (1933-2010 ) og Gudrun (1942). Dotter til Ragnhild, Marie (1971), driv no garden saman med mannen Arild Bue (1965). Det var Torstein som oppdaga Topsæ stokkebåten.
Den tredje Hovass-karen som er nemnd i artikkelen er Olav Gunnarson Lidtveit (1874-1927) som hadde sonen Gunnar (1907-1980). Han blei gift med Borghild Gjerden (1907 ) frå Bykle. Dei fekk sønene Olav Lidtveit (1950) og Georg Lidtveit (1954-2014). I dag er det Olav som driv Lidtveit bnr. 1 Oppigard.
Så er det nemd ein kar som heitte Torbjørn Aslakson Lidtveit (1870-1955). Han kom frå Lidtveit bnr. 3 Bakkan som broren Halvor overtok. Torbjørn fekk ein del av garden bnr. 5 Negarden. Han var gift med Liv Salvesdotter Heistad (1866-1903). Son deira Aslak Lidtveit gjekk Noregs Landbrukshøgskule på Ås og blei landbruksdirektør i 1955. I Bygland gard og ætt blir det fortalt at det var Torbjørn som oppdaga bjørnen som blei skoten i 1912. Så fekk han med seg Knut og Tomas Liestøl som hadde skote 6 bjørnar før og så skaut dei bjørnen. Den blei slakta på Frøysnes og vog 300 kg.
I artikkelen er det nemd ein plass som heiter Bruledheia. I referansen Kulturminner på Setesdal vesthei, Ryfylkeheiene og Setesdal austhei kan vi lese: «Brudled betyr brudefølge og består av en rekke med runde stein som er lagt ned på berget, og slike finnes særlig ved fjelloverganger i heiene. Den vanligste tolkingen er at steinene er lagt ned av brudefølger som var på vei til et bryllup. Ofte kunne det være bryllup hvor brudeparet var fra hver sin bygd eller var på vei til en kirke i en annen bygd. Det ble satt ned en stein for hver person eller hest i brudefølget, og gjerne to litt større stein for brud og brudgom». Hallvard fortel i artikkelen at det skulle ha frose ihel eit heilt brurefølgje over denne heia.






(Bilete 1) Kart over området der Hovass-karane henta høy. Det var Nils Krokan som skulle ha dei tre høystakkane som stod i Rauetheia. Ruta startar difor i Krokan og går opp Hovdestøl til Hovassdammen. Det skulle vere ein stad mellom Krokan og Jadde at den siste bjørnen blei skoten. Så går ruta vidare over vatnet til Bleilibukta og forbi Bleilistølen og opp Finndalen over Brudledheia. På kartet står det Raudestøl, men det er Rautheia eller Rautstøylen som blir brukt i daglegtale.
(Bilete 2) Hovasselva eit stykke nedanfor Hovassdammen i området der Hovdestøl er. Den gamle vegen gjekk over elva på brua som ein ser. Skulle folk i Åraksbø til Vestre Kile, måtte dei over denne brua. Dette biletet er frå 1968 då det var naturleg vassføring dersom det ikkje var regulering med damlukene. I 1971 blei alt vatn i Hovatn ført gjennom tunellen ned til Austad der kraftstasjonen er.
(Bilete 3) Hovatn som er ein del nedtappa sett frå Hovassdammen i februar 2016.
(Bilete 4) Dette biletet er teke i 1967 frå Bleilibukta over Hovatn mot Hillesgrø. Der kjem kraftina frå Brokke kraftverk som vart opna i 1965. På denne tida var det ikkje bygt bilveg frå Hovassdammen til Bleilibukta.
(Bilete 5) Rotur til Røynestøyl i 1970. Det er Torgrim Eldhuset som ror og son til Olav Gunnarson Lidtveit, Gunnar (1907) som snur seg og ser mot Røynestøyl.
(Bilete 6) Dette er Bleilstølen eller oftast berre kalla for Bleili i 1967. Bua oppe i bakken høyrer til Nordenå og bua nærast høyrer til Nordenå bnr. 2 Kåsi. Hovass-karane kom køyrande forbi denne støylen ned frå Bruledheia til Bleilibukta. Knut Tarjeison Nordenå (1915-1982) og kona Gro Knutsdotter Gakkestad (1915-2003) slo på denne støylen heilt til 1970 åra. Knut køyrde høyet heim til Nordenå om vinteren med hest og slede.
(Bilete 7) Rauetheia i 1986 sett frå Rauetkleiva eit stykke ned frå Bruledheia. Det var her Hovass-karane henta høystakkane. Både Gakkestad bnr. 1 og bnr. 2 hadde støylsbuer her. Begge buene er borte. Bua på bnr. 2 blei flytta ned til Jarnverk ved Topsæ i 1968. Det var Tarald og Eivind Gjermundson Kile frå Vestre Kile som gjorde den jobben.
(Bilete 8) Teikning av Jan O Henriksen i Fædrelandsvennen som viser overnattinga med hest og slede.
Kjelder
- Basert på opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2008, s. 325-326, 358, 445-449, 457-460, 505, 513-516.
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, s. 239-243, 565-570.
- Kulturminner på Setesdal Vesthei, ryfylkeheiene og Setesdal austhei (side 32)
- Norgeskart.no
Ei overnatting ved Hovatn
Høgt, fritt og veldig ligg Hovatn over dalen og bygda med si breie, blå flate, 500 m er fallet ned til Byglandsfjorden som med si breidd og ro held bratte fjellsider og lubne skogåsar frå å smekke saman over frendene. Som hender frå ei opphavstid grip dei smale jordteigane opp i skogen. Utsynet er så takande at ein vert ståande med fedrelandssalmen på tunga.
Vatnet er 6-7 kvadrat kilometer stort og mest rundt i søre enden. Her vert difor eit ope, fritt rom mellom heiegardane på båe sider, gråe av røsslyng eller grøne av slåttmyrar. Her er rom for nordavinden. Han bryt oppå vasspegelen til store bølgjer, køyrer dei mot dammen som stengjer med si snorbeine line så kaskadar av sprøyt og styrløyse vert slengt over på berga nedanfor dammen.
Herifrå har ikkje elva ei einaste kvilestund før i fjorden. Etter flaum ser ein henne langt bortanfrå som ei villkvit ungdomsglede gjennom fureskogen. Men faret sitt følgjer ho med skavl og skvett og skunding. Lite har ho forbrote seg — ja, ein gong i mellom legg ho opp meir enn lovleg store ismengder og køyrer dei gjennom Djuvet til fjords så uvyrde at folk fæler. I Djuvet er «ruinane» av eit privat kraftverk som bygdefolket forlyfte seg på i 1920-åra.
Er vatnet stort, så var fisken det og, —- var—— ja, for det går med Hovatn som Sørlandet elles: Livet bukkar under i surt vatn. Men omrit av fisk som er fanga her er å finna i Hovasshytta. Desse saman med det gamle veit å fortelja, vitnar om eventyrfangstar. Den som har stått på dammen ein gul septemberdag og sett storauren koma opp frå djupet og glida langs damveggen, veit at synet nå er berre i hans eige sinn. Kanskje går det nå att berre ein eller annan storkult som vitne om at fattige slitarar hadde råd til å lata livet følgja si naturlege lei.
Det har vi ikkje nå. Hovatn skal gjeva kilowatt og arbeidsplassar og levestandard. Med brutalt sprengstoff skal det omskapast til tri store søylebasseng når det er nedtappa. Utbygginga går etter planen, medan naturen sitt finstemte hjarta tek til å arbeide i planlause dulp. Rjupa skarrar vel ennå i kjerra i Kvihei og på Jadde, men ikkje i slike mengder som før. Den siste bjørnen her i distriktet vart skoten av Torbjørn Lidtveit i 1912. «Bjørnen var så sint at han vreid av tjukke bjørker» , fortalde Torbjørn. —-Rein som somme vintrar ikkje finn føde lenger nord, kjem på vitjing i heiane rundt Hovatn.
Viktige trafikkårer gjekk om Hovatn. Om sommaren for slåttefolk, krøterflokkar, fiskarar og saueleitarar etter den steinute stranda. Om vinteren skar sledespor og skilåmer over den store snøflata på vatnet. Skulle folk til Kile om sommaren, rodde dei ofte den 5-6 km lange turen etter vatnet til Røynestøyl.
Høykøyrarane var ofte fleire i lag. Som karavanar seig dei utover vatnet. I marssola sov ofte køyrkaren på lasset. Men kom uveret, var Hovatn den verste leia ein kunne køyra.
Det fekk Tomas Haugen, Olav Lidtveit og Nils Krokan sanna. Den dagen dei skulle henta tri høystakkar for Nils, var av dei likaste februardagar det året. Himmelen var halvklar då dei streva seg oppover Hovdestøl mot Hovatn. Vatnet la dei snøgt bak seg og tok fatt på den bratte Brudledheia. Rett nok vart det tettare på himmelen då dei var komne til stakkane i Rauetheia. Dei leste i kapp. Stakksneisene stod att nakne, og hestar, lass og menn tok til att på heimvegen, som var bratt og tung oppover Hjellen mellom dei svarte fjellveggene. Einskilde snøflokar kverva ned.
På høgaste Brudledheia såg dei eit uver nærma seg. Dei stogga og kom til å hugsa brurefølgjet som skulle ha frose i hel her, og såleis gjeve namn til heia. Ja, her kunne vera kaldt og hjartelaust. Hovatn kom til syne att —- berre så vidt, for nå bar det laust. Kaven stod tett over alle fjell. Då dei køyrde ut på vatnet, klemte snø og kald skodd verda saman til ein liten krins rundt hestene og lassa.
Men det nauda ikkje. Hestene fann vegen, mennene var kjende som i sitt eige tun, og vegen ut til dammen var ikkje lang. Derifrå kunne ingen ta feil ned mot bygda. Den kjende luftinga med seleskraml og hovslag tok til. Vatnet var lett å køyra på, men det var uråd å sjå formannen lenger. Berre dei kjære lydane vegleidde.
«Slepp min hest føre», sa Olav. «Han er sikker på vegen». Nei, meinte dei to andre. Det var ikkje naudsynt. Dei var då snart ved dammen. —-Nei, dei var ikkje det. Ingen dam. Ikkje ein stein, ikkje eit tre, ikkje eit kjent punkt, berre is, snø, skodd. Sør og nord var borte. Kvar var dei ? Nå var dei visse på eitt: At dei ikkje visste det. Kanskje var dei nær dammen, kanskje nørdst i vatnet ? Berre dei fann land kvar det så var, så var dei berga. Ein svart bergvegg dukka fram or dette halvdimme, kalde. Mørkret kom og no, utruleg fort. Ingen kjende steinen. Kva gagn var det nå i å ikkje køyra lenger ? Det var rådlegging, og avgjerda kom snøgt: Overnatta her var einaste utvegen.
Avgjerda vart snøgt sett i verk: Lassa vart køyrde saman så dei laga ein firkant inn til fjellveggen. Eit op mellom to av lassa tente som dør. Hestene vert leidde inn i «stova». Mennene kravla etter —- for å frysa i hel ? Nei, så gjaldt det å få opp eld snøgt. Men berre med rå bjørk! Ei rive laut ofrast. Der var god tyri i skaftet. Olav såg på si: Riva som far hadde halde i, riva som hender hadde glide langs etter i mannsaldrer, riva som hadde raka saman livberging for mange menneske. Nei, riva kunne ikkje ofrast. Men nå gjaldt det livet. «Eg tar mi», sa Tomas.
Riva vart omlaga til lange tyrikrullar, Olav og Nils hadde henta bjørk, og snart lyste den livbergende elden opp i «herbergeet». Dei tetta med snø under lassa, og snart vart det verande der inne. Dei skiftest til å henta ved og halde ved elden. To fekk då sova lange stunder.
—- Og så skreid den lange februarnatta fram, medan kreftene leika vilt i romet utanfor. Vinden peip, ylte og syrgde gjennom strå og bjørk. Bjørkekubbane susa og saud, men dei brann og —- vermde. Det var tingen nå. Mat var småting mot varme. Eit par langstøvlar og eit par snøsokkar brann mest opp medan karane sov, men eigarane kjende ikkje stort til den sorga då Tomas som hadde henta ved, kunne fortelja at det trongst ikkje meir ved, for nå kom dagen, ljoset og leidene attende. Dei visste kvar dei var. Snart var hestane i skjækene att. «Herberget» kvarv som ein huldreheim. Nå såg dei at dei hadde lege berre ein kilometer nordafor dammen!
Brått skimta dei omritet av ein mann gjennom snødrevet som nå vart tunnare. Det var Olav, far hans Nils. Han hadde kanskje, saman med dei som venta heime, hatt ei verre natt enn Hovass-karane.
Men høylassa kom velberga heim, og dei var ei vinternatt verd.