Eldhuset

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Eldhuset nede i venstre hjørne.
Nordgarden bnr 2 og Eldhuset bnr 5,6, og 3 i 1965.
Eldhuset bnr 5 i 1954.
Foto: Bilder fra Norges Bebyggelse

Eldhuset er ein av seks matrikkelgardar som utgjer «Bygda» i Åraksbø i Bygland. Eldhuset er gnr. 28 i Bygland. Det er fire hovudbruk i garden, bnr.1,5,6 og 3, som ligg i denne rekkefølga med tuna på oversida av bygdevegen, sør for krysset med Kleivegrends-vegen. I tillegg høyrer dei fire Heggtveit-bruka i Kleivegrend til Eldhuset.

På biletet til høgre er der hesjer i vodden ovanfor huset på bnr. 5. Det er Hallvard Eldhuset som har brukt første traktoren i Åraksbø til å slå graset. Hesjene står tett fordi han vendte jorda med traktoren omtrent kvart fjerde år for å få grovt og godt timotei høy til kyrne. Traktoren blei brukt til å frese i naturgjødsel. Han slo heilt inn til gjerda mot begge nabo gardane med langorv. Ei talje var festa under mønet på låven, og ein elektrisk vinsj trekte høylasset ut i løa med taug som på førehand var sveipt rundt lasset.

Historie[rediger]

Eldhuset er gått ut frå den gamle Årak-garden. Truleg oppstod han som eigen gard kring år 1500. Frå ca. år 1700 var det tre hovudbruk; frå 1880-åra fem. Eitt av bruka, bnr. 2, blei sundlappa i 1904 og opphøyrde snart som eige bruk.



Kjelder[rediger]


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.