Om Fisstøyl i Finndalen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

I denne artikkelen Om Fisstøyl i Finndalen er det teke med to artiklar som omhandlar støylslivet på Fisstøyl i Finndalen. Kveld på Fetstøyl er ein artikkel som Bjørn T. Aakre skreiv i Jol i Setesdal 1972. Far til Bjørn, Torleiv B. Aakre, skreiv ein artikkel i Agder Tidend frå Fisstøyl i 1927 som hadde tittel Fraa Finndalen, Festøyl. Den siste artikkelen kan ein finne i boka Meir gamalt or Sætesdal III av Olav M. Holen. Men ikkje mange år etter at folk slutta med støylsdrift i Finndalen, vart Fisstøyl og fleire andre støylar liggjande under vatn.

Supplement til artiklane

Av Knut Eldhuset (1958)

Det blir brukt fleire skrivemåtar for støylen i Finndalen det blir fortalt om. Torleiv B. Aakre skriv Festøyl og Bjørn T. Aakre skriv Fetstøyl. I andre samanhengar kan ein finne Fisstøyl slik som ein seier i daglegtale. I 1963 blei det bygd kraftverk i Finndalen og store område vart demd ned slik at tre atskilde vatn Raudvatnet, Fisstøylvatnet og Hovatn blei ein samanhengande innsjø, Torsdalsmagasinet. Magasinet kan regulerast mellom 685 og 706 moh. Det var nok ei stor sorg for alle som hadde opplevd støylslivet rundt desse tre vatna. Tenk å sjå dei store fagre støylsvollane og heiegarden Torsdalen drukne i vatnet. Men nokre støylar, slik som Håvestøyl, låg trygt høgt oppe i lia.


Bjørn fortel om ein overlækjar som var mykje i Finndalen. Han heitte Sofus Wiederøe og omkom i ei flyulykke. Han var onkel til flygaren Arild Wiederøe som var pilot i flyet som styrta i Bunnefjorden utanfor Oslo. Arild Wiederøe var med og grunnla Wiederøes flyveselskap. Torleiv B. Aakre fortel i boka Meir gamalt or Sætesdal III om då bror til Arild, Viggo Wiederøe, var på besøk med fly som landa på Fisstøylvatnet Olsokdagen i 1935. Viggo blir rekna for å vere stiftaren av Wiederøes Flyveselskap og ein av pionerane i norsk luftfart.


(Bilete 1) Kartet viser Torsdalsmagasinet som opphaveleg var tre vatn, Raudvatnet, Fisstøylvatnet og Hovatn.
Foto: Norgeskart
(Bilete 2) Dette er Torsdalsdammen teke i 1979.
(Bilete 3) Dette bilete er teke i 1981 over Fisstøylvatnet.
(Bilete 4) Fisstøyl teikning.
Foto: Teikning av Bjørn T. Aakre
(Bilete 5) Fotografi av Fisstøyl.
Foto: Knut O. Aakre/Setesdalsmuseet
(Bilete 6) Ein del av familien på Nordigard Åkre ved bueveggen.
Foto: Frå Setesdalsmuseet
(Bilete 7) Gode grannar på veg til Finndalen.
Foto: Frå Bjug Åkre
(Bilete 8) Folk og buskap på Håvestøyl i 1946.
Foto: Frå Birgit Eldhuset


(Bilete 1) Viser kart av Torsdalsmagasinet som før oppdemminga var dei tre vatna Raudvatnet, Fisstøylvatnet og Hovatn. Fisstøyl er avmerka i nedre venstre hjørne og elva Opte er markert. Håvestøyl er også markert.


(Bilete 2) Torsdalsdammen teke frå nordsida. Like ved låg garden Torsdalen som strauk med under oppdemminga i 1963. På Bilete 1 er dammen merka av i nedre høgre hjørne på kartet.


(Bilete 3) Slik såg Fisstøylvatnet ut i første del av juli 1981. Vatnet er merkeleg nok nesten fullt så tidleg på sommaren. Vatnet i framgrunnen gøymer den gamle Fisstøyl, og akkurat i dette området renn elva Opte inn i vatnet. Til venstre i kanten av skogholtet kan ein skimte eit par hytter som er bygd opp etter oppdemminga.


(Bilete 4) Teikning av Bjørn T. Aakre av Fisstøyl. Det var 5 eigarar frå Åkresgardane som hadde buer her. Bjørn T. Aakre budde på Nordigard Åkre saman med systera Inger som er med på Bilete 6.


(Bilete 5) Fotografi av Fisstøyl ein gong føre oppdemminga. Ein ser elvefaret av Opte over støylen ned til Fisstøylvatnet. Biletet står på side 187 i Meir gamalt or Sætesdal III og er knytta til artikkelen av Torleiv B. Åkre: Fraa Finndalen, Festøyl (side 186-189).


(Bilete 6) Fotografi ved bueveggen på Fisstøyl. Heilt til venstre står Birgit O. Aakre (1860-1946) som var kona til Bjug Torleivson Aakre (1849-1939). Så er det tre av ungane deira: Ånund B. Åkre (1889-1985), Inger Åkre (1893-1983) og Torjus Åkre (1897-1990). Biletet står på side 188 i Meir gamalt or Sætesdal III og finst på Setesdalsmuseet. Dersom me seier at Torjus er 4 år, er biletet teke i 1901. Denne bua høyrer då sikkert til Nordigard Åkre.


(Bilete 7) Her er det gode grannar som er på støylsveg sommaren 1916. Det er ved Fisstøylvadet på Midtfjøddi der vegen gjekk til Fisstøyl. Det er Torleiv B. Åkre frå venstre. Så er det Kristoffer (Stoffer) Viki og Kjetil O. Rike.Torleiv B. Åkre var eldst av ein syskenflokk, men han blei ikkje eigar av Nordigard Åkre. Sonen Bjug T. Åkre (1909-1972) overtok i 1932 etter bestefaren Bjug Torleivson Aakre. Biletet står på side 184 i Meir gamalt or Sætesdal III.


(Bilete 8) Her er eit bilete teke i 1946 frå Håvestøyl som er nabostøylen til Fisstøyl. Den ligg på austsida av Fisstøylvatnet (sjå Bilete 1). I 1940 kjøpte Ånund B. Åkre gnr 45 Rike bnr. 7 Skumstein som hadde støylen Håvestøyl. Ånund hadde vakse opp på Nordigard Åkre. Jentene til høgre i biletet er døtrene til Ånund, Birgit og Tone (1929-2011) (gift Røysland).


Kjelder


Kart

Norgeskart.no


Kveld på Fetstøyl

Av Bjørn T. Aakre, Jol i Setesdal 1972


Fetstøyl i Finndalen var ein kjær stad for dei fem bøndene på Aakre, som hadde støylen og buene der. Men då denne støylen vart sett under vatn med store oppdemmingar i Finndalen, miste me alt dette vene. Den store stemmen ved Rakkefoss, litt ut for heiegarden Torsdalen, sette store delar av Finndalen under vatn i året 1963.

Fire av eigarane på Fetstøyl hev sett opp buene på ny, og so pass langt inn på land at stemmvatnet ikkje tek deim. Det Finndalsbrevet som kjem nedanfor er skrive for mange år sidan. Då blømde støylslivet der inne i Finndalen. Ein minnest med glede og takk dei gilde stunder der, mellom far og mor og syskin, og alle sine kjende og kjære. Hest, ku og kalv, sette ogso sin farge på det herlege støylslivet.

Fetstøyl er ein uneleg stad som ligg 1 1/2 mil inn på austheii frå Valle, Setesdal. Ei elv som heiter Opte byter støylen i tvo. I denne elvi var det ei oppgangsag som vart saga mykje bord på i tidi framover til 1870 til 80 åri.

Sumarsdag er det uneleg og gildt å vera på støylen når buskap og folk er samla. Lid og fjell, skog og vatn gjer det heile so stemningsfullt og lokkande. Når det lid mot kveld og soli held på og sig ned over Ørnefjellet i vest vert alt so stilt og fredfullt. Kyrne er komne heim or skogen. Kveldstellet er undangjort. Her og der ut over støylen og ved buene ligg ku og kalv og kviler. «Aakrei», bjøllekui, må av og til taka seg ein tur til buedøri, der fær ho ei ekstra klype salt av matmor. Endå om soli er gladd er luft metta av varme etter ein blank og solfull dag.

Eg ruslar burt over støylsvollen og set meg på ein stein, og tankane vert forma i ord:

                        Kor det er gildt og på støylen vera,
                        når gode tankar i hug ein bera.
                        På støylsvoll er det so gildt å gå,
                        i sinn og tankar ein ro kan få.
                        Og Fetstøylvatnet det ligg og blinkar,
                        i avdagselden det roleg vinkar.
                        I vatnet speglar seg nut og fjell,
                        der skuggen klårt ned i djupet fell.
                        Og Storefjellet det høgt seg spanar,
                        og kruna høgt i mot himlen tanar.
                        Det skodar ut over dal og dæld,
                        med skuggar myrke i lidi fell.
                        Og Opte-elvi so ljuvt det susar,
                        i mellom steinar og svad ho brusar.
                        Den låten er meg so kjend og kjær,
                        når eg til susen der lyda fær.
                        So mange minne dei på no strøymer,
                        i minnekransen eg på dei gøymer.
                        Frå bufardag og frå bufarkveld,
                        eg hugsa må det på denne kveld.


Ja, det er gildt å lata tankane leika. Minne på minne kjem strøymande. Burte i kanten av støylen stend stova etter overlækjar Sofus Wiederøe. Det var ein folkekjær mann, som me støylsfolk fekk stor vyrdnad for. Sumaren 1934 høvde det slik at eg var i Finndalen heile sumaren. Eg vart då godt kjend med Widerøe, og han kom ofte på vitjing til oss i bui. Han fekk greida på at eg sysla litt med skriving. «Du», sa han. «No skal du skriva litt om Vond-Orm Viki som du hev så god kjennskap til. Når eg reiser tilbake til Oslo skal eg taka det med og få stykket inn i «Tidens Tegn», eller «Aftenposten» ». Du kan veta eg vart ihuga og gjekk i gang med arbeidet med ein gong. Fyrr me skildest den kveld laut me lova å fylgje Widerøe, bror hans, og ei tenistgjente frå Fyresdal, som han hadde hjå seg, ut på Storeholmen, for å sjå staden der Orm Viki livde som fredlaus mann i heile 3 år.

Det vart avtala kvelden me skulde taka denne turen, og det var ei gild reis, som endå stend klårt i minnet.

Sumaren 1937 var siste gong Widerøe var i Finndalen. Fram på hausten same året kom det melding om at Wiederøe og kona hadde sett til i ei flygeulukke saman med føraren på Oslo hamn.

                         Frå Fetstøyl vil me deg lækjar minnast,
                         om ikkje lenger du der vil finnast.
                         Me hugsa vil deg for venskap stor,
                         i dine fotefar gleda stor.


Frå Finndalen, Festøyl

Av Torleiv B. Aakre, Agder Tidend 1927


No hev me vore ei heil stund i Finndalen, med buskapen — og det hev vore eit framifraa godt beite, so dei kjem mette og gode heimatt um kveldane og gjev mjølk i ringja (mjølkekar av tre med hank på).

Det vart umlag fjortan dagar seinare me fekk flytje paa heidi iaar enn vanlegt. Dei varme dagane i fyrsten av juli fekk snjoren til aa vika og graset til aa gro, — so det vart inkje lenge fyrr buskapen fekk mat, so dei mette og vælnøgde gjorta um kvelden, utanfor budøri, — og tenkte paa dei kalde sultedagane heime i dalen, tidlegare paa vaaren. Ja, sant aa seia fekk dei svelta, og det so mykje livet tolde. Um kveldane aat dei bygghalm som det skulle vera heimehøy.

Det er eit storfelt syn naar den eine buferdi etter den andre dreg yver heidi den same veg, og førarane i flokk og fylgje, med ruskeklyvjar (ting ein trong ha med seg på støylen) paa hesteryggen med mat og klæde og elles alt ein treng. Men det verste er den som vert med kalvane. Ja, den som hev freista aa faa dei yver heidarne veit eg eg vil sanna, at grisen er inkje mangetider verre, um han hev ord for aa vera av dei vrangaste dyr me hev.

Finndalen ligg halvonnor mil aust på heidi fraa Valle, der storparten av bøndene paa austsida av Otra hev støylane. Naar ein veit at kvar gard hev sin støyl — ja, mange hev endaa tvo, som dei slær annakvart aar (det kallar ein å kvile slåtta), so vil alle som les dette skyna, at der er mange støylar. Det vanlege er, at paa kvar gard er der tri, fire bønder, —ja, paa sume er der fleire.