Kattedalsbekken

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut med vasshjulet i Kattedalsbekken.
Nordgarden bnr 2 og Eldhuset bnr 5,6, og 3. Bnr. 1 er utanfor venstre biletkant.

Kattedalsbekken er ein bekk som har sitt utspring i Sunedalen ovanfor Segberg. Bekken er lagt i røyr over garden på Segberg. Vidare renn han ned Kattedalen og midt gjennom Åraksbø ned til Åraksfjorden. Bekken renn gjennom Eldhuset bnr. 1,5 og 6 og Nordgarden bnr. 2. På biletet til høgre som er frå 1965 ser ein holet der bekken renn igjennom muren under postvegen. Hallvard Eldhuset la bekken i røyr over jordet på bnr. 5 nedom vegen like før biletet vart teke. Då den gamle grusvegen blei utbetra og asfaltert først i 1980 åra, blei bekken lagt i røyr gjennom muren. Ånund Eldhuset la også bekken i røyr ovanfor vegen på bnr. 5.


Biletet til venstre viser bekken rett ovanfor postvegen før den blei lagt i røyr rundt 1965. Knut Eldhuset (1958) hadde ein kadd (vasshjul) her som han hadde stor glede av. Han bygde også stem i bekken og hadde det veldig spennande når han sleppte stemmen og bekken rann flaumstor ned mot fjorden. Knut og leikekameraten Gunnulf Haugen, som var son til Hallvard Haugen, åla seg gjennom røyra nedom vegen når bekken var tørr om sommaren. Det var 40 røyr (rundt 50 m langt) og kolmørkt der inne. Ein gong prøvde dei å fyre der inne med never og nokre vedskier. Heldigvis brann det dårleg og slokna.


Bekken renn under hjørnet av vedskjolet på bnr. 1. Ein gong hadde Aasmund K. Eldhuset og sønene hans reist på heia. Kona hans, Birgit T. Eldhuset, var ein gong åleine heime då det kom eit forferdeleg regnver. Utpå kvelden auka bekken opp og rann gjennom vedskjolet og tok med seg mykje av veden nedover heile tunet. Birgit vart redd og måtte ryme til naboen Birgit Eldhuset og sove der om natta.


Bekken var dessutan søvndyssande for dei som skulle leggje seg i Eldhuset. Sola skin til over klokka 10 om sommaren. Denne songen kan fortelje korleis der var då:

1. Fager kveldsol smiler, over heimen ned, jord og himmel kviler, stilt i heilag fred. 2. Berre bekken brusar, frå det bratte fjell, høyr kor sterkt det susar, i den stille kveld. 3. Ingen kveld kan læra, bekken fred og ro, inga klokke bera, honom kvilebod. 4. Så mitt hjarta stundar, bankande i barm, til eg eingong blundar, i Guds Faderarm.


Kjelder


Kart

Laster kart ...