Han døydde under Steinen
Han døydde under Steinen er den andre av 5 artiklar som Hallvard Eldhuset skreiv i Fædrelandsvennen i 1971 om slitet si soga i Åraksbøheiane. Den første artikkelen kan ein finne her: Då ungguten Knut omkom under høykøyring på heia.
Supplement til artikkelen
I artikkelen som fylgjer fortel Hallvard om Olav Rosevoll som døydde under Steinen. Olav Torgrimson Rosevoll var fødd i 1804. Han var skulehaldar nokre år frå 1822, då han tok over som omgansskulelærar i Bygland etter Vrål Gunnarson Bygland. Han hadde det med å falle i uvit og i 1826 kom han fram for retten der fleire skulle vitne slik at han kunne bli friteken frå lærarstillinga. Han blei gift i 1826 med Gro Tomasdotter Nordgarden (1808-1870). Dotter deira Signe (1832-1917) var berre 15 år då ho blei gift med enkemann Kjetil Vrålson Haugen (1816-1894) og sonen Torgrim (1836) overtok garden etter Olav. Det var Torgrim som var med foreldra til Steinen då han var to år gamal. Frå 1836 skal han ha vore brukar av halve Nordgarden bnr. 1. Då Torgrim var til dåpen i 1836 skreiv presten at han var fødd på Rosevall, men klokkaren skreiv Nordgarden i kyrkjeboka.
Så blir det referert til Reidar Bollings ættesoge s. 161: «Det døydde ei kvinne på Setberg av koppane. Olav møtte ned og var med og la ho i kista. Der fekk han smitten. Han for på heia og ville slå, men døydde på stølen Steinen». Olav døydde 8. august 1838, berre 34 år gamal.
Den kvinna som døydde av koppane på Segberg skal vere Gunvor Olavsdotter Austenå (1804-1838) som kom til Segbeg som foreldrelaus til morsyster Gunhild Gunnarsdotter Greibrokk (1790-1826) som var gift med Tarjei Knutson Segberg (1777-1854).
Vi går ikkje i detalj i ættene, men Olav var tipp oldefar til Hallvard Eldhuset. Far til Hallvard, Torgrim Vrålson Haugen (1884-1952) var frå Nordre Haugen (Bygland gnr. 30) bnr 1. Han blei gift med Jorånd Halvorsdotter Eldhuset (1880-1956). Det var bror til Jorånd som det er fortalt om i artikkelen Då ungguten Knut omkom under høykøyring på heia. Olav var også tipp oldefar til Tone Torgrimsdotter Nordgarden (1951) som er gift med Knut Gunnarson Gakkestad (1955). Det er son deira, Lars Tore (1986) som har overteke Nordgarden bnr. 1.

(Bilete 1) Dette er eit bilete frå Sveige teke sannsynlegvis rett etter krigen. Sveige ligg på austsida av Sveigshyl. Det er forfattaren av denne artikkelen, Hallvard Eldhuset, som halvsit til venstre i biletet og har ein del av støylsvollen på Sveige og Steinefjellet i augesyn. Støylen Steinen ligg ein stad under Steinefjellet. Syster hans Gro Torgrimsdotter Eldhuset (1916-2006) (gift Nordenå) rører i gryta og far deira Torgrim Vrålson Haugen (1884-1952) sit til høgre. Sveige var ein stor støyl med fleire bruk, eitt av dei høyrde til Eldhuset bnr. 5.
(Bilete 2) Dette er eit bilete frå Sveige som kan vere rett før eller under krigen. Torgrim sit med stuttorvet i handa. Legg merke til naglane fremst i skoa hans. Så er det Gro som sit mellom Torgrim og Hallvard. Dei to andre kan vere kameratar til Hallvard frå lærarskulen i Volda eller turistar. Setebua høyrer til Eldhuset bnr 5 og hadde jordgolv. Det var ein skåle i andre enden av bua. Tømmeret i skålen brukte Ånund Eldhuset slutten av 70 åra til å lage ei lita hytte på støylen , resten av bua var i dårleg stand på den tida.
(Bilete 3) Utsikt over Rosevall (eller Rosevoll) i framgrunnen sett frå Sylvberget. Segberg er like nedanfor Rosevoll. Lenger unna ser ein Åraksfjorden ,Ose , Moi og Austad lengst borte. Teke i 1964.
(Bilete 4) Våningshuset på Rosevall i 1954.
(Bilete 5) Her er ein høyslede som har blitt liggjande under steinen på støylen Steinen. Slik såg den ut i 1974.
(Bilete 6) viser ei teikning som Jan O Henriksen laga til artikkelen i Fædrelandsvennen i 1971. Her er det Olav Torgrimson Rosevoll som leier hesten med sonen Torgrim oppå hesteryggen.
Kjelder
- Basert på opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, s.403, 513, 520.
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, s.348, 418, 576-577,623.
- Norgeskart.no
Eksterne lenker
Han døydde under Steinen
I Årdalen ligg ein støl som heiter Sveige. Fagrare stad har ingen sett. Utsynet er storfelt både sørover og nordover den dalen som i dei siste 20 år har fått vere i fred for menneskehand, men som for 50 år sidan var full av verksemd og onn, ei verksemd som knapt skadde ein stakkars bjørkebuske.
Utsynet mot vest er sjeldsynt: Steinefjellet ris opp i heile sitt velde. Frå elva breier seg myrteigar mellom steinrabbar og furukollar. Så vert det brattare. Det skifter over til granskog som tøyer seg i ei stripe under den bratte lia. Ho er tilvaksen med bjørk og veldige åkrar med loke (ei bregneplante). Fjellbruna bøyer av både til høgre og venstre sørover mot Dale og heimover mot Åraksbø.
Men midt i den rolege lina skjer seg ned ei uvyrden stripe av sundrive fjell. Eit stort fjellstykke trugar med død og undergang for alt som er under. Nedramla steinar dekkjer heile lida. Ein av dei største har stogga midt på ein finnvaksen rygg som går på tvers under lia. Han ragar over granskogen og endar i ein tårnforma topp. Eit par meter frå bakken tepper han av innover slik at ein kan sitje under han, turr og god, om det regnar aldri så stridt.
Her vart det rudt ein støl, kanskje på 1500-talet då garden som eig han, Rosevoll, vart rudd. Bua stod tett ved steinen, og verka så lita og låg ved sida av kjempa. Stølen vart og heitande Steinen. Somme gamle sa Under Steinen. Det var kanskje endå betre. Augo våre søkte ofte Steinen når vi etter gjetsledagen sat utanfor buene på Sveige og saug inn biletet av det landskapet som enn i dag dreg med den same trolldomsmakt. Når dei siste strålane frå ei raud kveldssol stod skrått nedover lia og spela på toppen av Steinen, då vart han om til ei kyrkje, ei einsleg forlaten kyrkje i den stille lia. Stølsvollen vart kyrkjegarden med sine ville, vakre blomar som ingen vyrdslar om, endå det er som dei nikkar på grava åt han som enda sine dagar her.
Olav Rosevoll heitte han, men det var lenge sidan, visste vi. Når dei gamle omtala han, sa dei oftast «Mannen som døydde under Steinen», og då måtte det vere lenge sidan. For oss hjuringgutane vart han den ukjende, løynd attom hundrad lange år, og likevel ein som var der, der under Steinekyrkja.
Og så vart vi sitjande i kvelden, fordrøymde, stirande på Steinen og —- attover i ætta sin strid for det berre liv.
Stølen var nedlagd. Ingen bøygd slåtterygg synte seg mellom dei ljose bjørkeleggane på vollen, ingen blå røyk frå flagna (berr) turrkvist steig frå bua som vart berre lågare under steintårnet, ingen gjetargut — eller -jente hauka i lia. Likevel vart vi ikkje kvitt førstellinga om at bak kjempegranane og steintårnet var det folk.
—- Vi venta klang frå ei klokke som frå steintårnet forkynte slutten på ein strid —- eit liv. Men steinen tagde som steinar plar gjere. Berre ein utsliten treslede under han fortalde sitt der han låg i livd for regnet tiår etter tiår, tilsidesett etter siste gongs bruk. Meiane var tunnslitne, men angande storrhøy frå Finnbakken hadde lege på han hundrad gonger.
Det er året 1838. Garden Rosevoll ligg mellom endane av to lubne skogåsar. Austanfor stig ei svær skogli. Mot sør opnar Rossedalen seg ut mot Sandnes. Garden var ein av dei beste i bygda, i alle høve då prisane på tømmer vart gode, for skog er der. Slåttemarka var mindre god. Dette året såg dessutan ut til å verte eit skinår. Sola var nådelaus dag etter dag. I Bakkane sveid graset av. Myrane var betre, men det vart nok likevel å slå meir på heia.
Olav Rosevoll stod i kveldvinden ved det gamle stabburet med kjempetømmeret. Det susa lint i lønen. Åkeren hadde kome opp, men var heller stutt. Storufs stod loddrett og trollsvart over ein kvit hegg i Bakkane.
Der kom grannen. Kunne det vere —- ? «Ja, nå er ho død», sa han. Der kom det Olav hadde venta. «Gjekk det så fort?» svara han stilt. «Ja, vi tenkte nå ikkje det gjekk så fort» svara Segbergs-mannen med tårevåte augo.
På den tid herja koppane i bygda. Menneska stod hjelpelause. Dei hadde ingen å vende seg til, ingen råder hjelpte. Så gjekk dei bort dei som skulle gå bort, trudde folk.
«Vi har fått kista. Kan du vere med ?» heldt grannen fram. Olav var viljug. I stova på Segberg låg den unge kvinna på likstrå. Den heimegjorde kista stod open, klar til å gøyme henne som låg der. Olav og Segbergs-mannen la henne oppi, let att loket, stod ei stund med falda hender, og gjekk så kvar til seg.
Turken heldt fram. Det kom nok til å verte lite høy. Anten måtte Olav slakte ned av buskapen, eller han måtte slå så mykje meir på heia. Difor gjaldt det å kome seg av stad.
Ein morgon stod hesten i tunet påkløvja. Kona, Gro, kom ut, berande på vesle toårige Torgrim. Han heitte etter bestefar sin, som eg har høyrt var med og nominerte Eidsvollmannen, Eivind Torkjelson Lande.
Dei tok fatt på den 15 km lange heievegen. Det gjekk seint. Kløva var tung, og mann og kone måtte skiftast om å bere vesleguten. Olav var ung, berre 34 år, så ein slik tur kosta han ikkje stort. Men det gjorde det nå den gongen. Han visste ikkje kvifor han måtte kvila så ofte. Han og kona tala ikkje om det. Dei vart berre gåande tagale lange stykke. Det var ikkje vanleg. Heieturen og opphaldet på stølen var sommareventyret jamvel om det var stride dagar. Nå steig dei inn på stølsvollen. Steinen reis mektig over bua.
Olav sat ei stund før han tok av kløva.
Dagen etter var slåtten i full gang. Finnbakken var god som vanleg. Her sikla vatn frå berga ovanfor, så turken synte mindre. Olav slo storr, kona breidde, og lia suste som ho plar gjera. Bjørk og loke stod tett i ura. Fisken plumpa og vakte i Kjeddingstalone kvar kveld. Her var same freden som alltid, same eventyret, same trollmakta tok sinn og tankar. Storren var livberginga som før om åra, men ei ukjend tyngsle hadde kome over Olav. «Papa, sa vesle Torgrim der mora hadde lagt han på eit teppe i slåtta. «Papa», sa han, men papa var sjuk, svara mest ikkje.
Ein dag stogga det viktigaste av alt, slåtten. Olav vart liggjande i bua, raudprikkut på hender og armar, over heile kroppen. Var det —- sjukdomen? Og i eit glimt såg han den unge i kista på Segberg. Var han smitta? Nå var det ikkje tvil lenger: Han v a r. Olav visste det, og Gro visste, men dei nemde ikkje lenger henne som nå låg på Sandnes kyrkjegard. Brått stod ein skræmeleg tanke for Gro: Nå kunne det stå om tri liv. Ho måtte røme frå smitten. Men kvar av? Steinen vart berginga. Her budde ho med gutungen, låg der om nettene. Kor mange veit ein ikkje. Myhanksurr blanda seg ofte med barnegråt. Gro måtte gjere opp varme for å halde utyet vekk.
I bua låg Olav, feberheit og raud. Han stirde nå og då opp i det sotsvarte taket, opp gjennom ljåren der han såg sommarskyer sigla på ein blå høyvershimmel. Men han skulle ikkje berge høy meir.
Han skulle døy. Ein sliten svart bibel kom fram.
Gro lista seg inn og ut, såg til mannen sin og stelte mat til han. Det vart lenger og lenger mellom måltida.
Ei natt høyrde Gro ugleskrik i lia, varsel om at timen snart skulle kome.
Ho sat hjå han i dødsaugneblinken. Det hadde kome ei regnskur om natta. Om morgonen kom sola att, og alle strå gret —- blanke tårer. Nå måtte Gro hente folk frå ein av dei næraste stølane. Ho gjekk den lange vegen bak båra med vesle Torgrim, heim til siste kvilestaden på Sandnes kyrkjegard.
Gro livde til 1870, det året Jarnkanslaren gjorde opp med Napoleon den tridje.