Tankar i fotspora hans bestefar

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Tankar i fotspora hans bestefar er ein artikkel som Hallvard Eldhuset skreiv i Jol i Setesdal 1971. Artikkelen skildrar korleis han minnest livet på heia med arbeid og slått og ei takksemd til det forfedrane hadde gjort. Samstundes ser han fisken daue i heievatna på grunn av svovel i regnet som kjem ned tidleg i 1970 åra, noko som gjev grobotn for pessimisme for framtida sjølv om velstandsamfunnet kjem for fullt. Dette var utan tvil ei mennesekapt øydeleggjing av naturen, men heldigvis løyste dette problemet seg. I dag meiner nokon at vi har ei klima endring som er menneskeskapt, medan andre meiner det er sola som styrer klimaet.

Supplement til artikkelen[rediger]

Av Knut Eldhuset (1958)


Bestefar i denne artikkelen er Vrål Kjetilson Haugen (1848-1925) som overtok Nordre Haugen (Bygland gnr. 30) bnr. 4. Han var gift med Gro Ljotsdotter Heistad (1855-1929). Gro er nemd i artikkelen og dessutan ei Signe som sannsynlegvis er mor til Vrål, Signe Olavsdotter Nordgarden (1832-1917). I Bygland Gard og Ætt står det at bnr. 1 hadde støylen Kjydding. Det er denne støylen det er tale om i artikkelen. Bnr. 1 og bnr 4. fekk kvar sin part då far til Vrål, Kjetil Vrålson (1816-1894) dela garden i 1893, det same blei tilfelle med Haugenloftet. Kjetil var den spennande ukjende oldefaren som Hallvard skriv om i artikkelen. På Kjydding var ei eldbu som folk kunne bu i under krigen. Bua rotna ned etter kvart etter at heieslåtten tok slutt etter krigen. Vrål hadde såleis halvparten av Haugenloftet. Seinare vart halvparten av buret som bnr. 1 åtte, seld til bnr. 4. Det var eldste sonen til Vrål, Kjetil Vrålson (1878-1929) som overtok bnr. 4. Han var gift med Anne Åsulvsdotter Haugetveit (1874-1954). Dei hadde ikkje born. Bror til Kjetil var Torgrim (1884-1952) som var gift med Jorånd Halvorsdotter Eldhuset (1880-1956). Dei hadde borna Gro og Hallvard Eldhuset . Hallvard overtok Eldhuset bnr. 5 og Gro (1916-2006) overtok Nordre Haugen bnr. 4. Gro blei gift med Olav Tarjeison Nordenå (1913-1987). Yngste dottera Liv Torhild (1958) som er gift med Harald Sørlien (1955) overtok bnr. 4 med heile Haugenloftet.


Haugenloftet er ein av dei eldste trebygningane i Noreg og er datert til 1218. Dateringa blei gjort med ein metode som heiter dendrokronologi og blei utført av Thomas Bartholin ved NTNU. Ein borer ut ei kjerne inn mot sentrum av stokken og bestemmer avstanden mellom alle årringane. Det er temperaturen på vekststaden som bestemmer avstanden mellom årringane. Ein samanliknar så denne prøva med referansemateriale som i dette tilfelle var utarbeida av Terje Thun ved NTNU. Han har feks klart å lage referansemateriale tilbake til år 761 på Vestlandet. Referansematerialet blir laga ved å ta eldre og eldre tømmer frå bygningar der det er overlapp i veksttida og såleis lagar ei lang vekstkurve frå notid til feks år 1000. Laurdag 2. september var det 800 års jubileum i Åraksbø. Bjarne Nordgarden skreiv ein flott artikkel i Jol i Setesdal 2018 om jubileet og om eigedomsforhold på garden.


Far min Hallvard nemner ei bok med tittel «Doomsday book» som han hadde kjøpt i den tida då fisken daua ut på Sørlandet i 1970 åra på grunn av svovel som kom drivande frå fabrikkpipene i Europa og gjorde fiskevatna sure. Den står endå i Hallvards boksamling i stoga i Eldhuset bnr. 5.



(Bilete 1) Kart av området rundt Kyddingdalen.
(Bilete 2) Gnr. 30 Nordre Haugen bnr. 4 rundt 1965.
(Bilete 3) Haugenloftet rundt 1965.
(Bilete 4) Aure frå Topsæ fiska med net (garn) i 1970.
(Bilete 5) Torgrim, Knut og Birgit Eldhuset utanfor bua i Løyningsli i 1969.
(Bilete 6) Nedstelo i Kjyddingdalen rundt 1967.
(Bilete 7) Utsikt nordover Grøssæ i 1979.
(Bilete 8) Grøssæstemmen i påska 2019.
(Bilete 9) Eit islagt Grøssæ slik det såg ut i påska 2019.
(Bilete 10) Torgrim Vrålson Haugen med hesten på Jotjørna.
Foto: Ukjent


(Bilete 1) Kart som viser ein del stader i Kjyddingdalen og området rundt som er nemde i artikkelen. Grøssæ er eit stort vatn på rund 4 km2 og renn ned Kjyddingdalen til Topsæ. Denne elva kallast Grønåne. Støylen Kjydding som høyrer til Nordre Haugen bnr. 4 ligg litt sør for Kjyddingåsen. Gardefjellet og Fantestigen ligg vest for sørenden av Grøssæ og Rjupetoheia ligg i Telemark aust for Grøssæ. Fylkesgrensa går midt på Grøssæ.


(Bilete 2) Dette er våningshuset på Nordre Haugen (Bygland gnr. 30) bnr. 4 rundt 1965. Den store lønen står i tunet. Ein hauststorm rundt 1970 knekte lønen fullstendig, og berre nokre greiner stod att. Lønen blei nokre år seinare fjerna. Den gamle telefonlina går gjennom bygda på denne tida. Før 1966 da automatisert telefon kom, måtte ein ringe til telefonsentralen i Nordgarden dersom ein skulle ringe andre folk i bygda. Huset i Nordgarden (Bygland gnr. 29) bnr. 1 ser ein i enden av bygdevegen.


(Bilete 3) Haugenloftet rundt 1965. Dette er buret i den stand det hadde etter ferdig restaurering i 1958. På jordet lenger nord i bygda kan ein sjå den svarte hesten til Olav Person Nordgarden (1916-1984 ) som seig ned i ei myr ved Austre Grunnevatn og daua der. Eikja som ligg under loftsvala på buret tilhøyrer Olav Kjetilson Borgi (1903-1987). Det er far hans det er fortalt om i artikkelen Då Kjetil Borgi sat fast som fugl i snare. Denne eikja brukte han med motor når han skulle over fjorden frå Åraksbø til Frøysnes og hjelpe til når dei støytte tømmer frå tømmerbilane ned i fjorden i Nordigard. Derifrå bruka dei slepebåten Thor II og drog tømmeret til Byglandsfjord.


(Bilete 4) Sjølv om fisken daua ut i mange fjellvatn i Setesdalsheiane i 1970 åra på grunn av sur nedbør, var det framleis fin fisk i Topsæ i 1970 sidan vatnet i elva frå Straumsfjorden var ekstra kalkhaldig. Som Hallvard fortel var det dårlegare med fisk i Grønåni som kjem frå Grøssæ. Biletet viser aure som ligg på ein taburett i Løyningsli. Legg merke til at det er fisk i alle storleikar. I Årdalsåna krydde det av fisk i desse åra, men det var berre små fisk og mange skarkar.


(Bilete 5) Her sit Torgrim, Knut og Birgit Eldhuset utanfor bua i Løyningsli august 1969. Familien låg her ei vekes tid etter slått onna i bygda i åra 1968-1976 og fiska med net og plukka molter. Mange av desse åra låg også Åsmund Knutsson Eldhuset (1915-2011) i Nedre Løyningsli med familien. Når Åsmund og Hallvard treftest i den gamle bua mangla det ikkje på soger frå gutedagane deira og støylslivet i Årdalen.


(Bilete 6) Her ser ein Nedstelo, ei av dei tre lonene i Grønåni. Der er ei stor øy med mykje gras i denne lona. Kona til Knut Torjusson Haugen (1885-1961), Torbjørg Tarjeisdotter Straume (1893-1987), fortalde at han slo graset på denne frodige øya. Det er oldebarnet til Vrål Kjetilson Haugen (1848-1925), Bjørg Nordenå Hammer (1949) som står ved elvebredden.


(Bilete 7) Utsikt nordover Grøssæ frå Rjupetoheia i 1979. Det bratte fjellet oppe til venstre i biletet er Gardefjellet. Under fjellet er det gunstige forhold for ei plante som heiter Turt som kan bli opptil 2 m høg.


(Bilete 8) Dette er Grøssæstemmen slik den såg ut i april 2019. Den er av same typen som Topsæstemmen og rundt 2 m reguleringshøgde. Restar av sleppebrua ligg framleis over det eine utlaupet.


(Bilete 9) Her er synet frå Grøssæstemmen og nordover eit islagt Grøssæ påska 2019. Det var eit fabelaktig skiføre, fast og fin skare opp Kjyddingdalen og på Grøssæ var det bare å skeise og stake seg med ein eventyrleg gli 5 km heilt til nordenden. Maken har ingen opplevd. Heldigvis blei det ikkje noko av å regulere dette flotte vatnet for kraftproduksjon. Då hadde vi ikkje hatt den flotte isflata å skeise på.


(Bilete 10) Her er son til Vrål, Torgrim Vrålson Haugen (1884-1952) med hesten sannsynlegvis utanfor bua til Tallak Frøysnes på Jotjørna. Han kom forbi her når han skulle til steane innafor Jotjørna. Det var her Knut Eldhuset (1881-1901) hadde henta høy då han omkom ( Då ungguten Knut omkom under høykøyring på heia ). Hallvard fortel at handa til far hans fraus forderva. Mor mi Birgit fortel at det blei koldbrann i to av fingrane.


Kjelder[rediger]

  • Basert på opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)
  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, s. 21, 459, 492, 513-523.
  • Bjarne Nordgarden, «Haugeburet-eit 800 år gamalt smykke», artikkel i Jol i Setesdal 2018, s 45-49.
  • Nina Granlund Sæther, «Årringer avslører alder», hus&bolig 5-2003, s. 75-78.
  • Terje Thun, «Dendrokronologi-presentasjon av metoden», NTNU Vitenskapsmuseet, Nasjonallaboratoriene for datering, 17.01.2019.


Tankar i fotspora hans bestefar[rediger]

Av Hallvard Eldhuset

Orsak, kjære lesar at eg denne gongen brukar eg-form. Det er for å dra stoffet og tankane nærare oss alle.


Lat meg byrja med vegen hans bestefar, stølsvegen. Eg skulle gå han i sommar. Ein god veg er trygg og leier til målet. Vegen hans bestefar er knapt det, om han kan kallast veg då i dag. Han er der så vidt, halvkjøvd av lyng og gras. Lange stykke er han der ikkje, men kjem så vidt fram att berre som veike merke som må tolkast som veg. Han leier ikkje vandraren sin. Han må ana kvar vegen går. Der det er lett og rimeleg i lendet for ein veg, der må han vera. Ein framand ville fara vill. Det er spennande dette: Å følgja intuisjon og aning fram til ein trygg samanheng i nærpå usynlege spor.


Støvlar, klauver og hovar sleit vegen i hundrad av år. Spenninga med å koma attende til stølen var ny kvar sommar, for menneske som dyr. Den gong høyrde husdyra med til familien.


Der må han vel gå, inn sidedalen til vinstre. Der må vel bestefarstølen, Kjydding, liggja. Eg har knapt vore der. To-tre halvdøde tråkk i lyngbakken stadfester at eg er i sporet. Ingen jubel er som jubelen over å vera i sporet og veta at ein finn.


Jau, stølsvollen dukkar fram or bjørkeskogen, innringa av Kjydding-åsen, og lier med skjelvande ospelauv og silkemjuk smøle.Skogen er nærsøken, vågar seg mest fram til bua. Ho står der ennå, grå av ver og alder. Ho har vore heim for menneske i utlange tider. Åsane under taket har brotna, og taket har sturta ned på jordgolvet. Ruin! Ruin over alle heier i dalen. Men ruinar gøymer historie. Eg gjev meg til som arkeolog med mi eiga ætt som objekt. Mellom taknevrane ligg ein haug trog. Der ligg eitt med namn på. VKSH står der —— Vrål Kjetilsson Haugen —— eit spor etter tollekniven hans. Eg hugsar han så vidt frå barneåra der han sat i stolen sin heime i stova i kvit skjorte og sundagsstille. ——- Men oldefar er den spennande ukjende.


Fjernsynet kan ein kunst: På ein blunk å rykkja eit fjernbilete inn i næraste synskrinsen. Eg let att augo og freistar det same med fedrane mine. Og der stig dei fram: Vrål og Kjetil heitte dei langt attende. Så kjem andre namn i uendeleg rekke. Kvinnene deira følgjer dei gjennom historia. Ættelinene sprikjer i breidda bakover. Tar eg ein av dei som utgangspunkt og går framover, så kjem den same breidda, eit mylder av etterkomarar. Med ospetroget hans bestefar i handa og namnet opplever eg Adams-ætta som ein einaste organisme der alle er knytte til alle, der alle er noko for alle, der alle skulle elska alle. Den som gløymer dette, vil detta av livstreet og liggja som ein annan turrkvist under storgrana ved Kjyddingtjørn.


Eg rykkjer inn eit anna bilete: Bestefar høgg ei skjelvande osp borti lia, høgg av ein kubbe. Ein kveld i angen frå turkande høy og visne villblomar høgg han med øks og skjer med kniv noko av si eiga sjel inn i den mjuke, kvite ospeveden. Troget vart til av skaparglede og skapartrong. Dei fine linjene i troget har sjel av bestefar si sjel. Industrivarer kan vera sjel-lause og endar som dødt avfall. Maskinene surrar skaparglede ut av menneskesinnet.


Augo mine finn åren, midstaden for livet i bua. Her har dei vermt valne hender og frosne føter, fortalt soger og drømt medan glørne døydde. Lenge føre tidleg kraup ein Vrål eller Kjetil, ei Signe eller Gro fram av brisken og gjorde eld. Tunn og blå steig røyken frå grankvist gjennom ljoreholet mot ein blå høyvershimmel eller eit regngrått skytak. Alle arbeidde sommardagen til ende. Stuttljåen sjoga, skåppen klapra, hjuringen sprang eller halvsov, klegger svirra, og rygger verkte. Det var mange plager, men fleire gleder. Livet på heia var høgda i livet. Her hadde hugane grodd fast. Her var godt å vera. Ættled etter ættled kom att kvar sommar. Menneske, foreldre og born, hesten, kyrne, sauene, alle levde dei seg saman og samverka i ein rein, fri og stor natur. Lukkelege menneske! Lukkelege? Dei var då fatige. På gods, men ikkje på glede, på pengar, men ikkje på ånd. Den rikaste gledekjelda er natur. Kva har vel setesdølane dikta stev om? Dalen, heiar og lier. Kva har vel fela tona om i tidene? Fossen, fjella, vatnet. Kva har vel treskjerarane og rosemålarane forma? Blomar, blad og dyr. Det vakraste i skaparverket er kloden Jorda, den vi held på å øyda i dag.


Aust for bestefarstølen renn Grønåni, «en sterkt strømmende fjell-elv» (Helland). Her stod fisken i alle hølar og loner, under alle fossar. I soldagar kunne ein sjå stimane som manøvererte mot straumen som grågrøne skuggar, vaktande på føde. Bestefar, far og alle dei andre henta fisk her ofte, sprek aure med raude sideprikkar. Ny fisk kvikna til at kvart år slik han skal etter skaparlovene. Elva var eventyret, den store gleda, den levande songen gjennom den stille heiedalen.


Eg såg etter fisk då eg gjekk langs elva hit. Ein einaste ein rende ut frå stranda, ein stakkars forvilla einstøing i døden sitt rike. Ein har svivyrdt forteljinga om svovelet over Sodoma og Gomorra. Kva ville far eller bestefar seia til det at det ikkje lenger regner vatn over Kjyddingdalen, men fortynna svovelsyre frå den store velstandsverda. Det finaste distribusjonsapparat i tilværet, skyene, står til disposisjon for døden. Alt er ureint i dag. Heile vår grøne jord er truga. På jakt etter levestandard vippar menneske med vitskapen sin det fint samverkande, avbalanserte apparatet som naturen er ut av balansen. Dyreslag blir borte. Kvar har det vorte av orren med dei blå halefjørene, tiur, røy og alle dei andre? År for år vert dei færre. Reinmosen? Det store Barriere-revet på Australiakysten?


Eg ser på graset på stølsvollen, smølen i Kjydding-åsen og ein isnande otte kryp gjennom sjela midt i sommarvarmen: Når graset ikkje kan verta grønt lenger, då er sluttstreken sett. Då talar røysta «ovan or høgda». Det er ikkje eg som fantaserer i Kjyddingdalen dette. Vitskapsmenn har alt gitt ut bøker om emnet som heiter «Doomsday book».


Borti kråa står sanneleg slipesteinen. I skyer av mygg er han dregen rundt av barnehender, kanskje far si hand som fraus forderva i heiane her. Brått vert det slik for meg at slitet var også for meg, —— ryggene bøygdest også for meg, —— at brynet klapra i åsen her også for meg. Eg fyllest av den mest positive av alle kjensler, takksemd. Kva har eg vel som eg ikkje har fått?


Veggene er fulle av namn og årstal. Der er alle slitarane. Nokre låg i grava då andre falda hendene føre måltidet. Dette er historie, og historie vedkjem oss alle. Utan historie, inga aning om vegen, vingling i vakuum. Då er mennesket utsett for alle makter. «I anelsens mangel, har mannen med hoven sin beste angel», er fader Ibsen sine ord.


Vi er komne så langt i dag. Vi har bytt ut stuttorvet med traktor, arbeidsgleda med arbeidspress, striden for det daglege brød med stress, harmonien i heimane med generasjonsmotsetnad, redsla for skrymt med angsten for at graset skal visna, at det siste skal skje. Vi er kvitt så mange av dei gamle sine plager, men også mange av deira mange gleder.


Eg reiser meg frå tufta og tankane, forvirra, som dei fleste er i dag. Troget er ennå i handa. Eg tar det med endå botnen er bortrotna. Det gjev ei kjensle av feste i noko kjent og kjært.


Sola strålar på skrå over Fantestigen og Gardefjellet, fiskelause elvar og loner, rotne, folketome buer og attgrodde slåtter. Eg er trøytt. Det er ikkje den gode trøyttleiken, men den moderne. Det spennest ein streng frå Fantestigen til Rjupetoheia. Så vert den veldige bogen lagd på. Medan eg går vegen attende, lokkar tonen fram ei linje eg har lært: «Jeg ønsker jeg var barn igjen, og så min moder smile».