Då Kjetil Borgi sat fast som fugl i snare
Då Kjetil Borgi sat fast som fugl i snare er den tredje av fem artiklar som Hallvard Eldhuset skreiv i Fædrelandsvennen i 1971 om slitet si soga i Åraksbøheiane.
Supplement til artikkelen
I artikkelen som fylgjer fortel Hallvard om Kjetil Borgi som kom i ein sers kritisk situasjon da han køyrde høy på heia. Kjetil Hallvardson Borgi var fødd 1863 og døydde i 1948. Han voks opp på garden Eldhuset bnr. 3. Han var gift med Gunhild Knutsdotter Nordenå (1870-1951) og han dreiv bnr. 3 etter far sin. Dei fekk 9 born. Ei av døtrene, Signe (f. 1897) var gift med Gunnulv Torbjørnson Haugen (1891). Det er no barnebarnet deira Gunnulv Hallvardson Haugen (1958) som eig bnr. 5. Hallvard Haugen var far til Gunnulv.
Kjetil var ein sterk arbeidsmann. Han var påskrivingsmann for Hunsfoss Fabrikker i mange år. Jobben gjekk ut på å kontrollere at all last som merkarar frå Hunsfoss hadde blinka ut hos skogeigarane blei levert som det skulle.
Kjetil slo gras i Årdalen heilt til han var 76 år. Han var ein gong ute for ei dramatisk hending som han fortalde til dottersonen Torbjørn G. Haugen (son til Signe). Årstalet for hendinga er ikkje oppgjeve i Bygland gard og ætt. Han skulle køyre ned ei hengebratt li frå Pilegrimheii til Toptestøyl i Årdalen og måtte legge ein vreist under sleden. Torbjørn Haugen fortalde til sogeskrivar Reidar Vollen at tommelen blei sitjande fast mellom draget og meien og han leita etter kniven for å skjere av fingeren. Torbjørn sa det slik at fingeren losna av seg sjølv, men Hallvard fortel i artikkelen at han ropa etter hjelp. Ein redningsmann som heitte Sigurd hadde høyrt ropet frå Sveigen på 2 km avstand. Sveigen ligg i lia aust for Sveigshyl ovanfor støylen Sveige. Denne Sigurd kunne godt vere Sigurd Halvorson Eldhuset (f. 1865). Han overtok Eldhuset bnr. 6 i 1893 da far hans Halvor Sigurdson Rysstad (1835-1915) dela Eldhuset i bnr. 5. og 6. Han sat som eigar av dette bruket til 1904. Det er ikkje umogleg at artikkelen nedanfor er frå dette tidsromet.
Det blir fortalt om Lyftingsteinen mellom Grytingskardet og Grytingskardtjønni. Det var ei sterk kone som lyfte denne steinen med ei hand. Ho heitte Sigrid Olavsdotter Nordgarden (1804-1866) og var gift med Olav Taraldson Haugen (1798-1866). Dei var oldeforeldre til Torstein Tomasson Haugen (1893-1983) som oppdaga Topsæ stokkebåten. Det er få menn som klarer denne steinen sjølv om dei for det meste har større og kraftigare hender enn kvinnfolk.







(Bilete 1) Sannsynleg rute som Kjetil Borgi køyrde med hest og slede for å hente høyet som stod i stakk i ein dal mellom Pilegrimheii og Pilegrimnuten (Pilegrimnapen). Vardane Rysen og Gygra er markert oppe på Grunnevassfjell. Ruta passerer Lyftingsteinen som ligg mellom Grytingskardet og Grytingsskardtjønni. Frå staden der høystakken er plassert på kartet og ned til Toptestøyl nede i Årdalen er det hengebratt. Sveigen ligg aust for Sveigshyl litt ovanfor støylen Sveige. Her var det eit veldig godt moltekjarr då det var støylsdrift her. Ruta passerer så forbi Joridsbu i austenden av Austre Grunnevatn.
(Bilete 2) Dette er Austre Grunnevatn i 1979. Det høge fjellet til venstre i biletet er Pilegrimnuten (eller Pilegrimnapen).
(Bilete 3) Utsikt over Sveigshyl i Årdalen. Dette er nokre år etter at det blei bygd bilveg til Årdalsåna og med ei grein vidare nord til Årdalstøyl og ei grein inn til Furebuvatnet. På biletet har dei snauhogge heile Sveigsneset som er det flate neset til venstre i biletet. Den flate støylen i framgrunnen er Toptestøyl. Der bjørkeholtet er mellom vegane ligg den attgrodde støylen Sveige. Etter at støylsdrifta slutta etter krigen voks det opp så tett bjørk at det var vanskeleg å kome fram der. Den delen som blei rydda opp att i 1970 åra er ikkje synleg på grunn av bjørkeskogen rundt. Det måtte vere omtrent denne utsikten Kjetil Borgi hadde med vinterlandskap utan skogsbilveg då han for ned den hengebratte lia med høylasset.
(Bilete 4) Toptestøyl med dei to buene i rundt 1965. Det er sannsynleg at Kjetil Borgi kom ned dalen mellom dei to høgdedraga på biletet. Kanskje var det ikkje så tett skog på den tida. I 1980 åra blei bua til høgre på biletet som høyrde til Stoplestog bnr 2 frakta til Segberg og bygd inni ei ny hytte. Det var Tormod Torgrimson Nordgarden (1950) som brukte stokkane i denne bua som stoge i hytta som blei bygd på tomta Suneflot, Nordgarden bnr. 7.
(Bilete 5) I mars 2019 hadde bua til venstre i Bilete 4 sett sine beste dagar.
(Bilete 6) Dette er Joridsbu som ligg på nordsida i austre enden av Austre Grunnevatn. Høybua har kvåv tak som er laga av stokkar som er dela i to og uthola på langs. Bua hadde visstnok plass til eitt høylass.
(Bilete 7) I mars 2019 hadde også Joridsbu rotna ned bortsett frå nokre få kvarv.
(Bilete 8) Teikning av Jan O Henriksen som blei laga til artikkelen i Fædrelandsvennen i 1971. Her er det Kjetil Borgi som har klemt fast fingeren mellom skåka og meien.
Kjelder
- Basert på opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, s.372-377, s. 400, s. 449, s. 560-567 .
- Norgeskart.no
Då Kjetil Borgi sat fast som fugl i snare
Fjellvegen frå Åraksbø til Årdalen går framom stader som vekkjer eit mylder av minne om menneske og lagnader. Mange av dei kjenner ein. Ein hugsar då dei vart lagde på kyrkjegarden , eller dei lever ennå. Andre tala besteforeldra om. Nokre er lenger borte. Gjennom tida sitt slør skimtar vi einskilde drag av dei. Andre er gøymde i ”sagnets natt”. Berre namnet er att, knytt til ei bu eller stad. Kven var nå han som har gjeve namn til Sigurdsdal? Ingen kan svara. Eller kven var ho som Joridsbu heiter etter, den vesle høybua i austenden av Austre Grunnevatn. Hundradvis av namn er rita inn i veggene, men Jorid, kvar finn du Jorid? Kan henda ho gjekk her gjetargjente? Kan henda at den mannen ho gjorde lukkeleg, åtte bua? Var det Sigurd?
Alle buene er oversådde med namn, skorne inn med kniv i malmstokkar, djupt og varig, rita med spiker eller strikkepinnar av budeier som stod under uttoka i regnet og hutra, eller dei er skrivne med blyant i nyare tid, uvarige og lite interessante. Ved dei fleste står det årstal, som er å finna mellom 1700 og 1948. Eldre enn frå 1700 tykkjest buene ikkje vera.
Til namnet er lagde sparsame opplysningar. Frå nyare tid finner ein skrive med blyant:”På fisketur” eller ”Fint ver”, ”På molteplukking”. Alt saman nyttige ferder. Frå gamal tid er tonen ein annan. Vemodet over å måtte skiljast med den natur som har nørt sjel og draum, er uttrykt med salmen sitt ålvor slik: ”Gud ved om jeg kommer her mer. Tor Torgrimssøn. 1751.”
Øvst på Syrdalen er vasskilet. Grunnevassdalen med alle vatna vidar seg ut austover. På nordsida løfter seg Pilgrimnuten og verkar som ei dragande gåte både på grunn av namn og form.
På nordsida under den sørvende, veldige fjellsida ligg stølane. Her er snøbert like tidleg som heime i dalen.
Buene lågnar og luter mot mark og mold att. Torvolane rotnar og ramlar ned. Sauene skitnar ut omkring veggene. Skal ein inn i ei slik bu, må ein bøya seg —- kanskje krabba. Ein gufs av alder, gamal myrhøy, brukt til sengebos, og tyngjande einsemd slår mot ein. Jorgolvet er slite ned i bakken av traskande, trøytte føter. Midt på golvet ligg åresteinane i rot og røre. Ikkje slik då her var folk. Gjennom ljoren ser ein lette skyer sigla på himmelen sitt store sommarhav. Grasstrå som voggar ved ljoreopninga, er det einaste rørlege, om her ikkje er ei mus då, eller om ikkje mylderet av namn gjev ei kjensle av at her er m a n g e. Tråkket rundt åren gjev ein tokke av føter som vart flutte og flutte medan samtalen går. Ein anar ord som vart sagde i halvljose sommarkveldar eller i stappmørke netter når tora dundra over Rysen og Gygra, (to vardar på Grunnevassfjellet.) Slåttedagen er slutt. Trufaste slitarar har kasta seg på briskane. Kvinnene får ennå ikkje kvild for mjølkestellet. Så døyr siste glørne på åren. Ei røykblå stripe løfter seg opp gjennom ljoren som dagens siste minne om menneske i fjellheimen. Plump av vakande fisk vert færre, og ringane på vatnet jamnast ut i den slørde natta. —- —-
Stoggar vi lenger ved stemningane i dette frie, einfelde naturlivet med det gode samvitet, vert vi misnøgde med vårt eige liv i ovnøgd, stress og klivesjuke.
Mellom alle namna legg ein merke til eit som går att på mest alle buene: HKSB står der, Kjetil Halvardson Borgi tyder det.
Nå har han kvilt nokre år under torva etter ein uvanleg arbeidsdag. Den som hugsar han kan knapt gløyma han. Eigenskapane hans er ofte mangelvare i dag: Han var stillfarande, smålåten, kravlaus, uthaldande og utrøytteleg aktiv, tok sjølv dei tyngste taka, overvann alle hindringar med enkle, naturlege hjelpemidlar. Med kniv, bjørkekvister og vidjer berga han seg or mange leie kniper. Han bad ingen om hjelp —- unnateke den gong både kniv og norsk bjørk sveik han, og som eg nå skal fortelja om. Berre den gongen har eg høyrt at han stod fast. Alle som høvde til å vera i lag med han i skog og på slåtta, fekk sanna kor lettvint han var til å samarbeida med.
Sin del av dette landet kjende han som tunet heime. Han var mange år påskrivningsmann for Hunsfoss. Dette arbeidet gav han slik detaljkunnskap til skogane her i bygda som ingen har hatt. I heiane var han så kjend at han gjerne fann fram i skodda. Her ferdast han sommar og vinter, haust og vår. Som Napoleon hadde han kartet i hovudet. Som Paulus hadde han ofte ”vore i fårar i elvar” i uver og snøstormar i fjellet.
Mannen bar merke av dette livet. Eit ljost drag i andletet vitna om åndstyrke. Munnen, som kunne knipa seg saman til ei smal stripe, synte ein gå-på-vilje, som var adla av dei tider og det land der vogga hans stod. Augo kunne vera kisande, vande som dei var med å stira mot regnbøyer som kunne øydleggja høyet, eller mot ei rennande sol, mot piskande snøver som valt, nedover Grunnevassfjellet.
Livet hans har stoff nok til bøker. Ein kunne skriva om den gongen han vart nøydd til å gå den 15-16 km lange vegen frå Årdalen til Åraksbø tre gonger på ein dag med kløvhest. Eller ein kunne følgja han då han etter 10-12 timars slåttedag i Langeli, tok holken på ryggen og henta 6 nottong (36 l) mjølk i Årdalen. Han kom heim utpå natta. Ein kunne undra seg over at han levde sin alder ut, han var knapt sjuk ein dag, når ein høyrer at han under floting i Grunnevatn seinhaustes, vassa til livet, låg våt i ei høybu om natta, og tok på neste dags arbeid medan vassrøyken dreiv av han om morgonen.
Han skapte gode kår for ein stor barneflokk. Økonomien greidde han ved, utan å krevja av samfunnet. Korkje krisetider eller naturhindringar stogga han. Men det vart med han som med alle som er geniale i sitt yrke: Ein ovmodig ide fekk han i fella.
Som vanleg var han grytidleg oppe den morgonen han skulle henta høyet sitt på Pilegrimheia. Dit var ingen høyskogsveg. Hest og mann arbeidde seg opp over Grytingsskardet. Han paserte steinen som vart lagd på ein annan stein av ei sterk kone frå Haugen som løfte han med ei hand. Han ligg der ennå, og hundradvis av sterke hender har prøvt seg på han slik at steinen han ligg på, er gnika kvit.
Den siste oppstigninga fører opp påsjølve fjellplatået som ligg om lag 850 m over havet. Pilegrimheia fell bratt av mot dalar mest på alle kantar. Høystakken Kjetil skulle henta, stod i ein dal midt på platået. Han måtte dela stakken og køyra to gonger opp på høgaste punktet. Dette vart slitsamt og tidkrevjande.
Då Kjetil hadde lesst, fekk han ideen: Kvifor ikkje køyra austover og ned i Årdalen? Så slapp han tvikøyringa. Som tenkt, så gjort. Med det store lasset bar det austover. Årdalen opna seg djupt der nede med skog og lier. Ein styrlaus bekk hadde faret sitt her om sommaren. Nå var han kjøvd under vinteren sitt grep. Det halla meir nå. Det hallar fårleg. Ferda for nedover mellom kjempeost, ungbjørk og attgløymd storgran. Her hende det:Lasset tok til å stupa framover og til sida. Kjetil greip i skåka for å stydja, som han så ofte hadde gjort. Farten auka. Hest og lass og mann for nedover. —- Då den styrlause ferda stogga, sat Kjetil fast. Og så på slik ein måte: Ein finger vart klemd mellom skåka og meien. Ingen ting var til å rikka, ikkje hest, ikkje lass, og aller minst fingeren. Kjetil drog, men korkje finger eller skåk gav etter. Nå var han ikkje meir verd enn fuglen i snara, den røynde fjellmannen. Kjetil leita etter utveg. Bjørk var til ingen ting nå. Ikkje fekk han skjera av noko heller. Men kniven då? Kniven som klara mest alt. Kniven var berginga! Kniven kunne setja han i fridom att. Eit lynrakst snitt, så var fingeren fri. Men slira sat så meinsleg til at han fekk ikkje tak i ho. Like nær, like hjelpelaus! Så skulle han døy som ei fugl i snare på villande hei.—-
Var der folk nedi dalen? Han laut då freista. Han ropte, høysta. Der skaut ein hest, eit lass og eine in mann over Sveigen, 2 km borte. Det vart hard ventetid.—- Mannen skunda seg. Der nådde han vatnet! Der var han over! Ei stund etter dukka han opp or lia nær Kjetil. Det var Sigurd. Bergingsarbeidet gjekk fort. Kjetil var atter fri.
Trur nå lesaren at høyet vart liggjande, så er det fordi det finst få som Kjetil. –— Lasset vart lesst på att og kom velberga heim. – At Kjetil søkte dokter, er lite truleg.
Står ein i dag på Toptestøl, og let augo følgje vegen han køyrde ned over lia, så skjønar ein kor sann ”Prestens tale” i Peer Gynt er. Eg har stått der mange gonger, gått vegen og. Kjempeosp dett ned og vert føde for nye tre. – ”Skal noen kunne leve, må andre kunne dø”.