Torgrim Eldhuset

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torgrim EldhusetSymbol unrelated.svg
Født: 29. januar 1951 (68 år)

Torgrim Hallvardson Eldhuset (født 29. januar 1951 i Åraksbø) var sjefsingeniør i Agder Energi til januar 2018. Han gjekk reallina på Oddernes gymnas i Kristiansand 1969-1971. Torgrim blei sivilingeniør i 1976 med eksamen i sterkstraum på Elektroteknisk avdeling ved Norges Tekniske Høgskole (NTH). Han var deretter tilsett i Norsk Elektrisk & Brown Boveri A/S (NEBB) og 3 år i Samkjøringen av kraftverkene i Norge i Oslo til han begynte ved Kristiansand Energiverk (KEV) i Kristiansand i 1983. Han gjekk over i Agder Energi i 2000. Han hadde ansvar for relevern som er utstyr som skal kople ut komponenter i kraftsystemet ved feil.

Torgrim er son til Birgit og Hallvard Eldhuset og voks opp i Eldhuset bnr 5. Han er bror til Knut Eldhuset (1958) og Ånund Eldhuset. Han er etterkomar etter Eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten som var tipp tipp oldefar til Birgit. Han er gift med Anna Oveland Eldhuset (1951) som var lærar i Kristiansand. Dei har tre jenter: Mari (1981) er adjunkt i Grimstad, Hanne Berit (1984) er sjukepleiar i Kristiansand og Kristin (1988) psykiatrisk sjukepleiar i Oslo.