PRÅMEN-163 år etter

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

PRÅMEN-163 år etter er ein artikkel som Hallvard Eldhuset skreiv i Jol i Setesdal 1973. Artikkelen skildrar då Tarjei Nordenå (1788-1808) rodde stein og leire på fjorden litt sør for Åraksbø. Pråmen med lasset var for tung og sokk og Tarjei drukna. I dag er det 210 år sidan det hende. Torbjørn G. Haugen oppdaga den gamle pråmen hausten 1972 då vasstanden i Åraksfjorden var lågare enn nokon gong. Eit supplement til artikkelen forklarer litt om ættene til dei personane som er nemde i artikkelen, litt om bygda, og gjev nokre glimt frå slåttonna på Nordenå rundt 1980.

Supplement til artikkelen[rediger]

Av Knut Eldhuset (1958)


Tarjei Nordenå (1788-1808) var født på gnr. 20 Nordenå bnr. 1. Kyrkjeboka fortel om han: «Var ved en ulykkelig hendelse ved Døden afgangen». Ifølge Hallvard og Bygland gard og ætt bind IV hadde Tarjei eit barn med Birgit Eriksdotter Skore (1773-1846 ) utanfor ekteskap. I Gamalt or Sætesdal fortel Johannes Skar: Tarjei Norenå drukknast unde Årakslandi me án rodde stein. Då sokk pråmen; ´n vegemann’e sprang ti, men de var forseint. Dei fann likji. Han ha kåme seg o’ pråmen å krabba å botnen; men ‘an ha tekj’ a gale lei: han krabba framte me stronde. Ha ‘an krabba so langt innetti, ha ‘an rukkje land. Vatni va ‘kji jupar’ ell a mannshægd. Targjei va i si beste år; det va nest’e fyrr ‘an sill have bryddaup. Moire sytt’ ‘an så uløyseleg. I Hallvards artikkel står det meir om denne hendinga som det står om i Gamalt or Sætesdal.


Som Hallvard nemner er det to variantar av korleis Tarjei omkom. Den andre varianten er at han for utover ei ufs og slo seg i hel då han hadde vore til Skore og tala om bryllaupet. Reidar Vollen meiner at drukningsulykka er den rette varianten.


Mor til Tarjei som er omtala i artikkelen var Gro Sigurdsdotter Lidtveit (1748-1825) som var gift med Olav Tarjeison Nordenå (1741-1823). Det var bror til Tarjei, Knut (1773-1836), som overtok garden. Han var gift med Gunne Olavsdotter Rosevoll (1770-1841). Son deira Olav (1805-?) som var gift med Kjersti Asbjørnsdotter Lidtveit (1814-?) for til Amerika i 1851 med 6 born. Han kom i alvorleg pengeknipe og måtte difor forlate garden.


Sannsynlegvis kom dei nye eigarane til Nordenå same året som dei gamle eigarane drog til Amerika. Det var Tarjei Knutson Austegard (1791-1859) som blei gift med Gro Åsulvsdotter Sandnes (1801-1838). Dei hadde 7 born (3 døydde som små). Den eldste guten, Åsulv (1824—1896) overtok og gifte seg med Sigrid Knutsdotter Sandnes (1836-1901). Son deira Tarjei (1875-1951) overtok og gifte seg med Ingebjørg Hallvardsdotter Brokke (1877-1973). Son deira Åsulv (1906-1981), som var ugift, overtok garden og etter han broren Olav Nordenå (Lisl Olav, 1916-2004) som også var ugift. Dei siste eigarene er Bjørg Nordenå (1949) og Nils Runar Hammer (1951). Bjørg er dotter til Stor Olav (1913-1987) og Gro Torgrimsdotter Eldhuset (1916-2006). Stor Olav var bror til Lisl Olav. Så slekta til Bjørg på Nordenå går ikkje lenger bak i tid enn til tippoldeforeldra hennes som var Tarjei Austegard frå Åseral og Gro Sandnes frå Sandnes.


Aslak Torbjørnson Haugen (1786-1841) kom ifrå Nordre Haugen (Bygland gnr. 30) bnr. 2. Det var han som hogg horveriver då han trefte på Tarjei Nordenå som gjekk att. Aslak og Birgit Knutsdotter Nordgarden (1787-1863) fekk 13 born. Ei av dei som heitte Eli fekk eit barn i 1858 med Helleik Gulson Koppangen (1806-1885) frå Svene i Numedal som var meistersmeden på Det Sæthersdalske Kobberværk i Åraksbø og var gift med ei kone som budde i Svene. Dei var ikkje formelt skilde, men soknepresten i Svene uttala seg svært negativt til livsførselen til denne kona. Eli leid vondt med å klare seg og forsørge barnet som heitte Bjørgulv og ho blei til slutt utmatta av fattigdom og døydde. Bjørgulv fekk ei ny mor som heitte Targjerd som var enke og budde i Borgi. Også Targjerd blei utmatta og døydde på grunn av fattigdom. Det kom inn ei ny ætt på denne garden med Torjus Knutson Sandnes (1864-1915). Han blei gift med Birgit Kjetilsdotter Haugen (1866-1937). Dette er oldeforeldra til Knut Torjusson Haugen (1967) som driv garden i dag saman med Liv Elin Frøysnes Berg (1968).


I artikkelen Nordenå pråmen 1808 er det fortalt om då båten blei dregen på land.


(Bilete 1) Kart over Åraksbø og fjorden med stader som er nemt i artikkelen
(Bilete 2) Åraksbø sett frå Skakstøylheii i 1968.
(Bilete 3) Nordre del av Åraksbø og Nordenå under det bratte fjellet Gakkås.
(Bilete 4) Åraksbø sett frå Nordenå i 1965 .
(Bilete 5) Slått med Fiaten til Ånund Eldhuset hos Åsulv Nordenå.
(Bilete 6) Hesjene på Nordenå i 1980.
(Bilete 7) Åsulv Nordenå med høygaffelen i 1980.
(Bilete 8) Nordenå garden med husa 2. mars 2019.
(Bilete 9) Pråmen som sokk med Tarjei Nordenå og lasset hans ved Heimre Oddan i 1808.


(Bilete 1) Kartet viser stader som er nemt i artikkelen. Tarjei var sannsynlegvis til Lislevik og henta steinane. Så rodde han rundt odden ved Lislevik og var sannsylegvis innom Revsdal og henta leire. Pråmen sokk utanfor Heimre Oddan litt sør for gardane i Åraksbø. Nordenå ligg litt nordafor bygda der Hovassåni kjem ned. Skore ligg mellom Åraksbø og Ose høgt opp i lia. Skore ligg i Austad sokn, difor blei barnet til Tarjei og Birgit døypt i Austad kyrkje.


(Bilete 2) Dette er bilete teke frå Skakstøylheii litt sørvest for Frøysnes. Ein ser dei fleste gardane i Åraksbø. Dei einaste som ikkje synest er Lidtveit, Fossli og Rosevall. Pila til venstre viser staden der pråmen til Tarjei Nordenå sokk ved Heimre Oddan (Åraksbø). Pila til høgre viser Raplurda i Lislevik der han henta stein. Pila i midten viser fjernsynsantenna som blei sett opp tidleg i 1960 åra.


(Bilete 3) Dette er nordre delen av Åraksbø teke vinteren 1967 og viser Nordgarden (Bygland gnr. 29) bnr. 1 til høgre i biletet og Urdi (Bygland gnr. 27 bnr. 1) i venstre kant av biletet. I midten ser vi det nye skulehuset som i dag er Åraksbø grendehus og det gamle skulehuset som seinare blei brukt til ungdomshus og blei rive i 1980 åra. Nordenå ligg under det bratte fjellet som heiter Gakkås. Her står den gamle løa som blei bygd om i 1980 åra. Ein kan sjå at det har vore tøyr fordi det har rasa snø av nokre av løene og husa. Det er endå godt med snø på Nordenå der våren ofte kjem veldig tidleg.


(Bilete 4) Dette er utsikt over Åraksbø sett frå Nordenå i 1965. Det var dette synet mor til Tarjei hadde til dagleg rundt 150 år tidlegare. Staden der Tarjei drukna er utanfor odden i fjorden heilt til høgre i biletet. Ein kan sjå at det er eit stort jordstykke som er pløgd opp i vodden på Nordgarden (Bygland gnr. 29) bnr. 2 hos Gunnar Torgrimson Nordgarden (1894-1974) til venstre i biletet. Kan hende det var siste gong han pløgde der. Han hadde ei flott firehjuls høyvogn for hest med 4 gummihjul. Den brukte han nok helst på det flate jordet ned mot fjorden.


(Bilete 5) Her er det Knut Eldhuset (1958) som slår gras i 1980 for Åsulv Nordenå med den nye Fiat traktoren til Ånund Eldhuset. Det bratte fjellet til høgre er Gakkås og det til venstre er Tønipen. Åsulv kår høyet ved den store steinen. Knut slo på Nordenå med Grom Basen frå 1976 til 1979 då Ånund kjøpte firehjulstrekt Fiat. Bilete av Grom Basen er vist i artikkelen Første traktoren i Åraksbø.


(Bilete 6) Her ser ein dei mange og lange hesjene på Nordenå i 1980. Lisl Olav hjelpte til i slåtten i ferien sin før han flutte heim frå Oslo i 1983. Før 1976 slo Åsulv graset med hest og slåmaskin.


(Bilete 7) Dette biletet er også vist i Bygland gard og ætt bind IV. Åsulv Nordenå kjem gåande med høygaffelen i 1980, året før han døydde. Han var ein uvanleg viljesterk arbeidsmann og hadde veldig styrke i armane sidan han brukte dei meir kreativt enn andre. Han fekk visst nok hofteskade etter at hesten spente han og difor gjekk han med eine foten føre den andre som biletet viser. Han hadde høy i Heddeviki (husmannsplass) og køyrde dette med hest ned den hoggbratte hestevegen til fjorden og så på isen tidleg om våren bort til Bryggevegen (Åraksbø) og så opp til Nordenå. På den tida hadde Hovassåni naturleg vassføring og laga eit stort ågap i isen langt utover fjorden om våren. Han måtte køyre på utsida av dette ågapet. Det blei fortalt at hesten ein gong for gjennom isen rett utanfor Ånesodden. Bygdefolk kom heldigvis raskt til og fekk hesten opp att.


(Bilete 8) Her ser vi våningshuset og løa på Nordenå 2. mars 2019. Ofte er det tidleg bart for snø på garden om våren slik som på dette biletet. Men dette året kom det eit godt snøfall etter denne datoen. Det var Lisl Olav som bygde om løa i 1980 åra då han hadde overteke etter bror sin Åsulv. Lisl Olav blei pensjonert i 1983 frå kontorstilling i Oslo og flytta heim då. Ein ser gjerde rundt husa og vegen sidan kyrne til Olav Lidtveit beiter der om sommaren.


(Bilete 9) Her ser vi Nordenå pråmen 1808 som blei dregen på land i 1972. Framme og bak er det lyse område der leira må ha lege. Steinane låg oppi og ved sida av båten. Steinane blei samla i ein haug som ikkje har kome med på dette biletet.


Kjelder[rediger]


PRÅMEN-163 år etter[rediger]

Av Hallvard Eldhuset

Byglendingen har alltid fjorden for auga. Om han arbeider på garden er han for auga. Om han ser gjennom vindauga, fell auga på fjorden. Om han høgg oppi åsen eller i neset, er fjorden der med si blåe flate. Alle opplever fjorden. Han er det levande i landskapet, auga som uttrykkjer skiftande ver og årstider. Ingen kan smila som fjorden i stille og sommarver, ingen rasa så om hausten i stormkast frå fjella, ingenting blinka som han i skilje mellom kveld og natt. Ingen er så klår, ingen så løyndomsfull. Han teier om det han eingong tok.


Det han tok —- i tevling med Toke og Tinne om å koma først til havet. Otra krev eit liv til året for det, og fjorden får sitt. Einskilde gjev han aldri attende: Svårtekoss sitt pengeskinn og tjuvgods har ingen sett att. Presten Anker ikkje heller.


Den som har hatt si vogge ved fjorden, har fått i seg av hans sjel —- er hans fange. Han er overalt i Bygland, fyller det veldige romet mellom fjell,fyller sinn og rører strenger —- er barneåra sitt fårlege, spenningsfylte element. Han er trufast, og han er trulaus, ung, om han er gamal som fjella.


Tarjei Nordenå hadde det travelt. Å grunnleggja ein heim krev sin mann. Det var overstått med Eirik Skore. Han hadde vore der og skipa alt til giftarmålet med Birgit, dotter til Eirik. Brudlaupet skulle stå utpå sommaren. Førebuingane var så smått i gang. Men eitt plaga han: Han såg ennå tåra på kinnet åt Birgit då barnet deira vart døypt i Austad kyrkje den 21. mai 1809, endå om lippene smilte med han i glede. Men det var nå så. Nå skulle heimen verta i stand så han kunne ta i mot Birgit og barnet.


Omnen i eldhuset (Eldhuset?) var til nedfalls. Kvar skulle han finna stein? I Raplurda i Lislevik. Steinen var så flat og grei der. Han måtte ro dit. Ja, fjorden var venen hans. Han hadde bore han til Skore, blå og smilande. Kanhenda var det første dagane i juni Tarjei stod attmed pråmen som låg i stranda.


Pråmen, ja. Han var god, laga som han var av fire kraftige botnplankar. Dessutan var kvar av dei hogne ut av ein stokk slik at dei bøygde oppover framme. Fem sterke tverrband heldt dei saman, feste med streke trenaglar. Men fjorden, isen, har sytt for å løyne for oss korleis sideplankene var festa. Dei er brotne frå og har reke vekk.


At botnplankene var pløgde saman, gjorde pråmen særleg tett og trygg. Det vanta ikkje noko såleis, men —- . Tarjei såg utover den vide, veldige fjorden.


Han seig fort langs med landet. Han var 20 år, sterk og arbeidshuga. Nå runda han dei Heimre Oddane, nå dei Ytre. Han var utpå Sandnesfjorden, brei og djup under det hoggbratte Vikfjell.


Det var eit strev å få steinane til fjorden, men det var grei murstein, flat og høveleg stor. Kor mykje kunne han lesse? Kanhenda alt så han slapp å ro meir enn ein gong?


Han var ferdig og skauv utpå. Tungt —- tungt som eit fjell såg pråmen utpå. Det var så tungt, kom han i hug. Vatnet var nær ripa, men det gjekk. Same vegen heimover att, på same stille flata.


Det kom inn noko vatn, men berre litt. Jau, han låg djupt i vatnet, pråmen. Han kom til å vippa litt. Meir vatn inn! Men komen i sig, så gjekk pråmen fort. Det gjekk nok, berre ikkje vippe til ei av sidene.


Han hadde nå sige rundt Heimre Oddan att og såg heile bygda for seg, Nordenå med husa høgt i bakken der heime. —- No kom heile fjorden, ville på han, ville ta han. Pråmen sokk —- loddrett mot den kvite, reine sandbotnen. Det vart tid berre til eit fortvila «Hjelp!» Siste akt vart utspela under vatnet. Tarjei kunne ikkje symja, men kravla eit stykke på botnen —- langs med landet, ikkje innover! Hadde det vore tilfelle, så var ikkje denne forteljinga å finne i «Jol i Setesdal».


Ein vegemann høyrde det eine ropet som slo inn mellom furustammene med si vonlause kvide. Han sprang mot fjorden, stod på den kvite sanden og såg bobler stiga opp og markera den siste stubben av Tarjei sitt liv.


Men ropet, det eine ordet skylde langs landet, bar sorga over lavande hegger og vollar i blom, nådde til sist mor hans på Nordenå. Ho hadde heile si tid på Nordenå hatt fjorden for auga, ven og vid som han tøygde seg ut mot Skomedal og oppover mot Ose.


Ho sprang mot vidauga, men bråsnudde. Ho tolde ikkje sjå fjorden no. Ho lyfte hendene, ropte mot skjeltilet (taket) , ropte mot veggene, skreik i den store stoga. Så sleppte ho seg ned på ein krakk i ein flaum av tårar og vonlause skrik. Nå kom dagar som mest alle enda med den såre klaga inn i natta og ut mot skogen: «Tarjei, bån».


Aslak Haugen hogg horveriver i skogen i Monen. Det hadde vore så underleg for han det siste. Nokon tyktest vera etter han så ofte, ein som ville han noko. Kvar gong han var på denne staden kom det over. Nå stod han framfor han att, sa ingenting, berre var der framfor han. Tarjei, stakkars Tarjei. «Æ de nåkå du vi meg», spurde Aslak. Då kom det ord frå den andre sida, ord over grensa: « Ha du villt bee mamme å inkje gråte me så fælt —- hu huvar ned husæ. Eg hev ingjo nau, men eg ha sillt livt i seksten år ti, å då fysste fær eg det fullgodt. Men de nauar kje no helle». Så heldt han fram. Han åtvara Aslak for tri ting når han gjekk til alters. Aslak heldt det for seg sjølv, all sin dag. Så stod han der att i skogen åleine.


Hausten 1972 seig Byglandsfjorden under alle kjende grenser. Framandt land dukka opp or vatnet og låg der øyut og fælt i kald haustsol. Torbjørn Haugen kom i hug kva forteljaren Johannes Skard sa: «An kan sjå steinann å botnen når fjorden æ liten. Eg hev sett da mang a gong». Steinane som Tarjei rodde! Kunne det vera mogleg nå? Utruleg! Men han hadde slikt å gjera denne føremiddagen, Torbjørn.


Då han nærma seg Oddan, såg han noko av tre som stakk opp or vatnet så vidt. Fjølstubben var tung å letta. Det var ei svær planke, gøymd delvis under sanden. Karane måtte ta i. Båten —- pråmen kom tilsyne. Det var ikkje tvil. Og steinane! Vi stod mållause, overmanna av den kjensla at det som var langt borte i tid med ein gong var nær. Vi ana hendene som hadde styrt høvelen og pløgt plankene, hendene som styrde øksa og hogg dei ut, han som hadde bore steinane som låg her. Vi gådde to ljose område framme og bak i pråmen. Der hadde to leirhaugar lege. Dei hadde han nok henta i Refsdal, for der henta folk leire til skorsteinar i lange tider.


Vi var ikkje opptekne med om han heitte Tarjei Nordenå eller Tarjei Eldhuset (sjå parantesen lenger framme), om han brukte ein gard i Eldhuset eller ikkje, om han gjekk utfor ei ufs og let livet då han hadde vore til Skore, eller om han hadde krabba på denne botnen. (Det finst nemleg to variasjonar om dette dramaet.) Det som tok oss så det lenge vart stilt på stranda, det var at ein mann som rodde stein, hadde drukna her. Der låg steinane, der låg båten, der var merke etter leira.


163 år var borte for ei stund. Vi ana nærleiken av ei tid og av ein slitar som var grunnlaget for velstandssamfunnet Noreg anno 1972.