Mannen som fall på slåtteteigen ved Austre Grunnevatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Mannen som fall på slåtteteigen ved Austre Grunnevatn er den fjerde av fem artiklar som Hallvard Eldhuset skreiv i Fædrelandsvennen i 1971 om slitet si soga i Åraksbøheiane.

Supplement til artikkelen[rediger]

Av Knut Eldhuset (1958)


Tomas Aslakson Fosslid var fødd i Fosslid i 1809. Far hans heitte Aslak Lavransson Stuttstog (1767-1848). Han var brukar av Rosevall bnr. 2 (Fosslid) og var gift med Jorunn Knutsdotter Nedstoga (1779-1823). Tomas blei brukar av Stoplestog bnr. 3 i 1848. Han var gift med Jorunn Gunnisdotter Skeie (1815-1904). I Bygland gard og ætt står det: Tomas døydde 12. august 1855 på ein dramatisk måte. I kyrkjeboka er dødsfallet skildra på denne måten: «Under Højslåtten fik han et Stik i den ene Fod af en Ljaae, som den bag ham følgende Søn førte. Dette skede paa Heien, stærk Forblødning og derpaa Kolbrand i Saaret». Det var sonen Aslak som var uheldig og kom til å kutte faren i foten. Ulukka skjedde i Brokka, ved enden av Austre Grunnevatn.


25. april 1860 fekk borna Aslak, Gunni og Tore presteattest for utreise til Amerika. Det same fekk dottera Jorunn med mann og eit barn. I Bygland gard og ætt står det at det blei ikkje til at nokon av dei kom av stad før i 1882. Hallvard Eldhuset skriv utreise til Amerika i 1861.


25. mai 1882 reiste Aslak frå Kristiansand i lag med kona Anne Gunnarssdotter Frøysnes (f. 1842) og borna Torbjørg , Gunnar, Tomas og Gunni. Med i fylgjet var også mor hans. Av syskena som fekk reiseattest i 1860, hadde systera Tore gifta seg i 1874 og blei buande som husmannskone i Jordalsbø til ho døydde i 1893. Hallvard skriv at Aslak reiser med systera Tore i 1861 (Tore var jentenamn).


Knut Lageson som hadde den sterke opplevinga først i artikkelen kunne vere son til ein Lage Pålson Tovsli (1788-1862) i Birtedalen. Han blei gift med Anne Knutsdotter Nordenå (1796-1872). Det var nok ikkje einaste ekteskapet mellom setesdølar og dalføre lenger aust. Når folk i Åraksbø slo på støylane i Årdalen og nordover til Rekedalen kom dei ofte i kontakt med folk frå Birtedalen og andre stader langsmed fylkesgrensa til Telemark som slo støylane sine. Dei hadde to søner som heitte Pål f. 1829 og Knut f. 1834. I artikkelen er det Knut Lageson som hadde ei sterk oppleving som dei kalla førebod i 1835, så spørsmålet er om det ikkje var faren Lage Pålson som hadde sett dette førebodet som gjekk så sterkt inn på folk. Lage var ikkje noko vanleg namn i Åraksbø, men heller eit Telemarksnamn, så det var nok ingen andre i Åraksbø som heitte Knut Lageson. Men hvis årstalet 1835 er feil kan det hende at Knut Lageson såg førebodet som ung mann.


Lage Pålson sat i Skotet som er øvst i Nordenå garden. Han var ovkar av dei fælaste. «Det e likeså umogelegt leggje Pålsonen å ryggjen som å velte Gakkåsen nyve Skoti», sa han. Gakkås er eit bratt fjell ovanfor Nordenå. Ei anna herme etter han: «Høy Pålsonen koss han donar», sa han.


(Bilete 1) Kart av området kring Austre Grunnevasstøl.
(Bilete 2) Rosevall og Fosslid i 1966.
(Bilete 3) Austre Grunnevasstøl og den gamle bua i 1971.
(Bilete 4) Grunnevassbekken buktar seg stille ut av Austre Grunnevatn (mars 2019).
(Bilete 5) Kyr som beiter på Austre Grunnevasstøl ein gong i 1950 åra.
Foto: Ukjent
(Bilete 6) Torgrim Vrålson Haugen med høybør på Sveige etter krigen.
Foto: Ukjent
(Bilete 7) Høying på Stedjan som ligg aust for Sveige.
Foto: Ukjent
(Bilete 8) Teikning av Jan O Henriksen i Fædrelandsvennen 1971


(Bilete 1) Kart som viser ein del stader kring Austre Grunnevasstøl som er nemde i artikkelen. Støylen der slåttkarane heldt til ligg ved osen av Austre Grunnevatn. Slåtta der karane slo ligg ved Raudetjørn. Brokkefjellet ligg på nordsida av denne slåtta og i Brokka gjekk den gamle høyskogsvegen ned til Årdalen. Steinefjellet er staden der den ulukkelege slåttekaren Aslak hadde utsikt mot Bjoruvstøyl, Nystøl og Sveige. Vegen der dei bar liket av far hans er teikna inn. Den passerer Rastesteinen der dei la steinar kring kroppen hans (likkvile). Denne gamle vegen gjekk ikkje i traseen for den bilskogsvegen, men høgt oppe i lia fordi der var mykje tørrare.


(Bilete 2) Dette er gnr. 24 Rosevall. Bnr. 1 og 6 er nærast midt i biletet og bnr. 2 Fosslid ligg til høgre i biletet. Åraksfjorden og Frøysnes er lengst borte. Det var i Fosslid Tomas Aslakson Fosslid var fødd og var brukar der saman med bror sin ei stund før han blei brukar i Stoplestog. Olav Rosevall som det er fortalt om i artikkelen Han døydde under Steinen kom frå huset ved sida av den raude løa som står på bnr. 6.


(Bilete 3) Austre Grunnevasstøl slik der såg ut i 1971. Dette var sannsynlegvis den bua som slåttekarane heldt til i 1855. Fjellet i bakgrunnen er Pilegrimnuten.

(Bilete 4) Her ser ein Grunnevassbekken som vind seg så varsamt ut av Austre Grunnevatn. Det bratte fjellet er Brokkefjellet og Rauetjørn der ulukka skjedde er mellom skogholtet og det bratte fjellet.


(Bilete 5) Dette er kyr frå Åraksbø som beiter på Austre Grunnevasstøl. Dei er sannsynlegvis på veg til stølen Monen (like ved Bjoruvstøyl) i Årdalen der Olav Aslakson Rosevoll (1910-1994) tok på seg å gjete kyr frå Åraksbø i 1950 åra.


(Bilete 6) Torgrim Vrålson Haugen (1884-1952) som dreiv Eldhuset bnr. 5 med høybør på Sveige. Fjellet i bakgrunnen er Steinefjell der Aslak stod og skoda mot Sveige etter ulukka på slåtta. Ho som sit på benken til høgre er Tone Knutsdotter Eldhuset (f. 1923) som blei gift med Nils Olavson Smeland (f. 1920) i Gjøvdal like ved Telemark grensa.


(Bilete 7) Her er det høying rundt 1935 på Stedjan som ligg noko aust for Sveige. Hallvard Eldhuset rakar høy til venstre. Det er sannsynlegvis Knut Aasmundson Eldhuset (1886-1946) som kjem med høybør og systera Tone som har rive. Son til Knut, Aasmund K. Eldhuset, står ved høybøra som ligg på bakken.


(Bilete 8) Teikning av Jan O Henriksen som blei laga til artikkelen i Fædrelandsvennen i 1971. Her ber slåttekarane liket til Tomas Fosslid frå slåtta til bua på støylen.




Kjelder[rediger]


Mannen som fall på slåtteteigen ved Austre Grunnevatn[rediger]

Av Hallvard Eldhuset

Sommarnatta sveipte Grunnevasstølen inn i sitt dimme slør. Dei 7-8 berggrå buene lægde seg mot bakken i svevn. Ingen vind bøygde bjørkekrattet. Men hadde ein lagt øyra inn til veggen i ei av buene, ville ein ha høyrt andedrag frå ein einsleg, sovande mann, Knut Lageson. På finnboset og det daude bjørkeriset kvilde han til ein ny dag med strid for det daglege brød. Han snudde seg, kasta seg rundt som om noko plaga han. Ei gnagande uro sneik seg inn i djupaste svevnen. Han opna augo eit lite sekund. Kva skulle henda? Døra gleid opp, utan skrik i gamle hengsler. Knut såg stølsvollen utanfor med finngras og steinar. Det skygde i døra. Nokon kom inn. To mann fylte dørglytten. Dei bar noko slapt og tungt. Ein mann! Ein død man som det draup blod av! Mørkt blod frå høgre hælen. Dei nærma seg senga hans Knut, bad liksomom rom for den døde, utan ord. Knut flutte seg mot veggen, klemde seg inn til dei runde furestokkane med namna og årstala på. Redsla raus gjennom han som ei isskrede i Brokkefjellet. Nå var han ålvak. Han drøymde ikkje. Like ljodlaust som døra vart opna gleid ho att. Det same mørkret kvilde i krærne, og ingen var inne. Ja, han var åleine, åleine med ein uskjønleg otte.——


Slik seier tradisjonen.


Knut hadde denne opplevinga si 21 år etter at nordmennene hadde lova kvarandre truskap og samhald til Dovre fall, og 2 år føre kommunalt sjølvstyre.


20 år har gått. Nå skriv vi det Herrens år 1855. Sommaren er atter over Grunnevasstølen og folket der. Natta er halv dag. Ein ljoske på himmelranda varsla ein dag med slått og slit, sveitte og høyturk, stakksetjing, raut og kulokk. Kyrne ligg ennå, jortar og har god tid, slengjer av og til med hovudet eller svingar med rova for å kvitta seg med ei plage. Ingen er nemleg så tidleg som myggen her i norhallet mot vatnet. Det ligg og speglar alt som vil, ei velsigning for eit leitande, ottefullt auga. Eit einsleg klingert bjølleslag styrkjer freden. Fisken kviler nær botnen sin, men tek til å halda auga med overflata. Det kunne vanka morgonmat. Dagen og ljoset kallar. Sol fløymer, fuglar vaknar. Dei rører seg i buene bortetter vollen, slitne slåttefolk og fillutte hjuringar. Flatbrød, sur mjølk og ein salme styrkjer til taka som ventar i slåtta.


Unge Aslak Tomasson Fosslid vaknar og, der han ligg ved sida av far sin. Tomas søv, dreg anden langt og roleg. Aslak ser på han, far som hadde slite han fram, far som sjølv som 4-åring hadde ete borkebrød. Tomas var sterk, berre 47 år gamal. Han var fødd då Napoleon si stjerne stod på det høgste. Han var ein sterk arbeidskar, vel skikka til å halda liv i ein barneflokk, jamvel i den tids Noreg.


Nå snur han seg, ikkje roleg, men mest med ein rykk. Han gjev frå seg ein tung sukk. Det vert stillare enn før. Det er som pusten vil stana, men så kjem den rolege rytmen attende.

Stølen med alt livet der vaknar. Kyrne ris, strekkjer seg og rister i vidjebanda. Dei ståkar og stellar bortover i alle buene, et morgonmat, flatbrød og sur mjølk.


Tomas Fosslid er seinare enn vanleg i dag. Kan henda var all høyinga i går for mykje, jamvel for han?


Klokka 6 går han og sonen over Grunnevassbekken, denne stille bekken som vind seg så varsamt ut av vatnet, men vert til vilske nedover liene mot Årdalen.


Karane kjem til slåtta ved Rauetjørn, finn orva og bitt i nyslipte, kvasse ljåar. Skåppen hengjer dei i ei reim rundt livet. Han er halvfull med vatn, og nedi der stikk brynet. Når slåttekaren brukar stuttorven, slår brynet ei hol takt i skåppen.


Far har bunde i (tyder:sette ljåen på skaftet). Ljåen lyner i sola. Han bryner. Aslak kjenner alle slåttekarane rundt i heiane her på brynetakta. Nå bøyer far seg — atter ein sukk. Så høgg han i. Aslak står ei stund. Så framandt her er i dag, jamvel her er vakkert som alltid. Brokkefjellet bøyer steinbringa si aust og nord mot Årdalen. Vatnet siklar på svaberg og vert til små bekkar i dei lubne liene i Brokka. Rumpetrolla i Rauetjørn vrikkar seg fram over den jarnraude botnen som er synleg rundt heile tjørna. Det er alt jarnet i myrane omkring som gjev fargen.


Karane slår med runde bøygde ryggar. Klapr av skåppar, og sjo-sjo gjennom storr, rome og bjønnboke. Rommen fell så viljug , saftig og mjuk som han er. Det susar meir i storr. Finn er her ikkje. Den er seig. Bikkjeskinn, brukte far å seia.


Aslak høyrer faren eit stykke framfor seg, men har ikkje tid til å sjå opp. Det gjeld å hanga på han. Det gjeld å berga høy medan veret er godt. Det gjeld å samla det ein stutt og intens sommar har å by.


Driva på, tenkjer Aslak. Nå att faren er målet. Ikkje misse æra som slåttekar. Det er å missa alt. Sveitten må fram, salt og svidande i augo. Sola høgnar og vermer. Slik skal ein høyversdag vera.


Aslak høyrer faren sine hogg nærare nå. Han er ikkje god å ta att, men nærare kjem han —— for nær. Aslak ser berre gras og mark. Han har ikkje løft augo. Ljåen går gjennom noko, skjer noko av, kvass som han er, skjer av alt, Akillessena åt faren, livår og musklar. Blodet sprutar, gøyser. Livet vert tappa ut av far. Far som —-. Aslak ser andletet hans. Det får etterkvart farge som ospeliene i Brokka om hausten, nei som romen langs bekkefara når all slått er slutta. Heile slåtta vert haust, hard og bleik. Aslak riv av seg skjorta og sveiper ho rundt hælen åt faren. Blodstraumen må stogga — han må —- må. Ørvæna brenn i augo åt den unge guten. Han ropar ut i alle heiar etter hjelp. Fjellet svarar, og Grunnevassfolket svarar frå støl, holt og myrar. Dei kjem, ei heil skreid. Faren kan ikkje bleikna meir. Det kveldar for Aslak. «Papa», græt han. «Papa.» Faren strekkjer den eine handa mot han, kan ikkje tala. Aslak legg seg ved sida av han, bøyer seg mot det bleike andletet. Blod, sveitte og tårer frå to generasjonar dryp i Rauetjørnmyrane.——


Det gråtande følgjet av fatige slitarar ber Tomas stille til stølen. Han vert lagd i senga hans Knut Lageson. Liket skal dei bera heim når dei har ete dugurd og kome seg av sjokket. Aslak skal ikkje eta. Han rømer frå stølen den stunda, spring mellom bjørkekjerr og forkrøpla gran opp i snauheia. På Steinefjellet stoggar han. Urkreftene har ein gong kløyvt fjellet. Ein veldig blokk har flutt seg noko. Aslak står ved den rettvinkla loddrette avgrunnen mellom fjellet og blokken. Kor lettvint og løynt han kunne enda all jammer her. Ingen ville leita i gjelet der sol ikkje skein.


Då løfter han augo. Dei glid rundt i det veldige panoramaet. Dei stoggar ved Nystøl, Bjoruvstøyl, Sveige , liene i Årdalen. Alle stader vekkjer minne. Folk over alt, strevar som han. Han klamrar seg til livet att, til den magre jorda, til den yre føremiddagen. Han trur han kan makta heimferda med den døde faren—han må.


Berrhovda med kvite skjorteermar som var det sundag snåvar karane seg fram over den steinutte vegen i Grunnevassheia med Tomas Aslakson på ei båre, laga av bjørk og granbar. På berget nær Rastesteinane legg dei Tomas. Skjelvande hender leitar fram stein til «likkvile». Dei set seg. Sveitten får renna saman med tårar. Dei faldar hendene, bøyer hovuda og prøver ein salme. Dei seier ingenting når dei løfter liket att. Dei er vande med tunge tak, men dette er det tyngste. Tomas var ein av dei alle, ein av dei som bygde Noreg i borkebrødstider.


Aslak har ikkje fleire tårer. Han v i l og m å lida dette til endes. — ——- ——


I 1861 reiste han saman med systera, Tore, til Amerika.


Ordforklaringar:

rom - eit grasslag med breie, flate strå. Veks langs vassig.

finn - eit rundt, stridt grasslag. Veks på harde vollar.

bjønnboke - grasslag med runde strå.

skåpp - ein smal, firkanta haldar med vatn i for brynet. Laga av tre, ofte vunden med bjørkenever utanpå.