Når det gjelder arrangement i Setesdalswikis kalender: sjekk med arrangøren før du reiser – mange arrangement avlyses dessverre pga corona.
Dette har vi ikke mulighet til å følge godt nok opp.

Birgit Eldhuset

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Birgit EldhusetSymbol confirmed.svg
Birgit Eldhuset husmorskulen.jpg
Birgit Eldhuset på husmorskulen
Født: 22. desember 1922 (97 år)


Birgit med sønene Ånund, Knut og Torgrim på Storestøyl.
Birgit ved hesjene i 1979.
Birgit bakar flatbrau hos ein granne.


Birgit vart fødd i Valle og var dotter til Ånund B. Åkre og Birgit Bjørnsdotter Kvestad (bnr 1) ( f 1899). Tipp tipp oldefar til Birgit var Olav Knutsson Tveiten som var ein av Eidsvollsmennene. Famileforholda kan ein sjå her.


Ånund kjøpte gnr 42 Prestegarden bnr. 11 og 13 Skeidvodden i 1925. Denne selde han att i 1934 til bror sin Torjus Åkre. Svigermor hans kjøpte gnr. 54 Kveste bnr. 1 Sygard på auksjon i 1934 og overlet garden til Ånund. I 1940 kjøpte han gnr 45 Rike bnr. 7 Skumstein. Difor voks Birgit opp på 4 gardar i Valle, sine 3 første år på Nordigard Åkre der far hennar voks opp. Ho voks opp i ei tid då det var støylsdrift i Stavedalen og Finndalen i Valle austhei. Ho var såleis med foreldra på Fisstøyl, Optestøyl og Håvestøyl. Ei stund etter krigen gjekk ho på Møglestu husmorskule i Lillesand.


Birgit (f. 1922) gifte seg i 1948 med Hallvard Eldhuset i Åraksbø . Dei fekk sønene Torgrim, Ånund og Knut. Mor til Birgit, Birgit (f. 1899), døydde alt i 1968. Etter det var Ånund (1889) og dotter hans, Inger (1936) , som regel 14 dagar hos Birgit i Åraksbø vår og haust. Då ho flytta til Åraksbø blei ho bondekone saman med Hallvard i Eldhuset på bnr. 5. Dei hadde 4-5 kyr i fjoset, høner og ein gris. Ho opplevde nokre år då dei slo på Sveige i Årdalen til rundt 1950. I tillegg slo dei og hadde med kyrne på Storestøyl. Då Hallvard døydde i 1976, overtok sonen Ånund. Dei første åra hjelpte ho og Knut til i slåttonna med hesjing og høying. Rundt 1980 bygde Ånund silo, og slåtten blei mykje meir lettvinn.


Birgit hadde blomar rundt huset og hageber og grønsakshage på garden. Ho brukte kunnskapen sin frå husmorskulen og hadde eit sunt og variert kosthold for dei veldig aktive gutungane og mannen sin. Ho var flink til å bake flatbrau og lefser og tok på seg baking rundt i bygda. Ho var aktivt med i kyrkjelyden i Åraksbø og misjonsforeiningar heile tida ho budde i Åraksbø til nokre få år før ho flutte på Byglandsheimen i 2013.


Kjelder[rediger]