Guten som såg 2 mødre døy

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Guten som såg 2 mødre døy er eigentleg ein artikkel som Hallvard Eldhuset skreiv i serien «Om slitet si soga i Åraksbøheiane» i Fædrelandsvennen i 1972. Han seier sjølv i artikkelen at han tok det med i serien fordi dramaet enda i Åraksbøheiane. I Bygland Gard og ætt bind VI kan vi lese at denne guten fekk ei tredje mor som døydde då han var 7-8 år. Med den kronglute oppveksten Bjørgulv fekk kom han likevel til å klare seg fint i den bygda han flytta til.


Supplement til artikkelen

Av Knut Eldhuset (1958)


I denne artikkelen fortel Hallvard om ein gut som heitte Bjørgulv som såg mor si Eli døy av utmatting i Fånekleiva som ligg mellom Longerak og Lauvdal. Deretter fekk Bjørgulv ei fostermor som heitte Targjerd som leid same lagnad som Eli ved Austre Grunnevatn på Åraksbøheia. Det er fortalt i artikkelen PRÅMEN-163 år etter at Eli Aslaksdotter Haugen (1823-1861) fekk Bjørgulv utanfor ekteskap i 1858 og måtte forsørge han åleine. Bjørgulv var altså 2-3 år då mor hans døydde. Ho var nummer 8 i ein barneflokk på 13 på Nordre Haugen (Bygland gnr. 30) bnr. 2. Om fostermora Targjerd som budde i Borgi skriv Reidar Vollen at det er litt usikkert kven denne Targjerd var.


I artikkelen er det fortalt om då Torstein Haugen var i Grytingskardet og høyrde barnegråt ved Austre Grunnevatn. Denne Torstein Haugen var eigentleg Torstein Tomasson Skjevrak (1835-1925) som var gift med Margit Olavsdotter Haugen (1833-1896) i Åraksbø. Han var bestefar til Torstein Tomasson Haugen (1893-1983) som budde på Nordre Haugen (Bygland gnr. 30) bnr. 3. Reidar Vollen skriv at Torstein (1893-1983) ofte fortalde om då bestefar hans hadde denne opplevinga i Grytingskardet då han høyrde barnegråt på andre sida av Austre Grunnevatn då fostermora Targjerd seig om og døydde. Det var forresten Torstein som oppdaga Topsæ stokkebåten.


Hallvard skriv at det var Gunnar Nordgarden som var formann i fatigstellet i bygda. Dette måtte vere Gunnar Torgrimson Rosevall (1819-1886) som kjøpte Nordgarden syndre (Bygland gnr. 29 bnr. 2). Han var også lagrettemann og takstmann og var med i formannskapet.


Folketeljing i 1865 når Bjørgulv er 7 år viser at han bur i Nordre Vikelid (husmannsplass under Nordre Sandnes gnr. 32 ) der han fekk vere hos Sigrid Olavsdotter Vikelid (1800-1866). Altså døyr ho når Bjørgulv er 7-8 år. Mannen hennar døydde i 1851. Så dette var den tredje mora til Bjørgulv som døydde. Sannsynlegvis blei han buande i Vikelid saman med nokon av borna til Sigrid. Reidar Vollen fortel ganske mykje om korleis det gjekk vidare for Bjørgulv. I 1875 då han var 17 år flytta han til Gjøvdal og var tenestegut hos Sven Jørgenson Smeland. Han gifta seg i 1883. I 1892 flytta han med kone og tre born til Gjevdeli som ligg øvst i Gjøvdal. Han var veldig ivrig til å lese og underviste til og med nokre grannar i engelsk som skulle til Amerika. Han song og dikta, sette opp badstoge og vasskvern på den vesle garden.


(Bilete 1) Kart over området rund Grytingskardet og Austre Grunnevatn .
Foto: Kart frå kartverket.no
(Bilete 2) Halvtunellen i Fånefjellet juli 2019.
(Bilete 3) Bua i Grytingskardet i oktober 2019 som høyrer til Nordre Haugen (Bygland gnr. 30) bnr. 3.
(Bilete 4) Austre Grunnevatn i 1970 .
(Bilete 5) Teikning av Bjørgulv og mor hans.
Foto: Teikning av Jan O Henriksen


Bilete 1 viser eit kart i området ved Grytingskardet og Austre Grunnevatn. Området der Torstein var og høyrde barnegråten er markert med ei stjerne i på kartet. På sørsida av vatnet er området der Targjerd og Bjørgulv var då ho døydde markert med ei stjerne. Avstanden er rundt 1.5 km dersom dei var på dei avmerka punkta. Det var sannsynlegvis på den gamle stigen dei gjekk som er teikna som ei prikka kurve på kartet.


Bilete 2 viser halvtunellen i Fånefjell og ein støypt mur som støttar opp vegen. I Bygland gard og ætt bind V les vi at far til Aasmund K. Eldhuset, Knut Aasmundson Eldhuset (1886-1946), var ute for ei ulykke då han dreiv med forskalingarbeid for ein støttemur. Kanskje var det den muren som biletet viser? Han miste balansen og datt ned i fjorden og slo hovudet mot ein stein og døydde etter at han hadde blitt køyrt heim att til Åraksbø.


Bilete 3 Bua i Grytingskardet slik den ser ut i dag. Det var sannsynlegvis på støylen her Torstein Haugen var då han høyrde barnegråten på andre sida av Austre Grunnevatn.


Bilete 4 Austre Grunnevatn 1970 sett mot den staden der Targjerd skal ha falle om og døydde. I dag går det skogsbilveg innover til Årdalen eit lite stykke opp frå vatnet. Den gamle stigen gjekk ganske langt oppe i lia slik som ein kan sjå frå kartet i Bilete 1.


Bilete 5 Teikning av Jan O Henriksen i Fædrelandsvennen som illustrerer den tragiske lagnaden til Bjørgulv.


Kjelder

Guten som såg 2 mødre døy

Av Hallvard Eldhuset


Når dette dramaet er teke med i denne serien, så er det ikkje fordi det heile vart utspela i Åraksbøheiane, men det enda der. Dessutan syner det klårare enn noko anna det som er tanken i desse artiklane: At å byggja dette landet og å føre ætta fram gjennom tidene har kosta slit, blod og tårer.


Den unge mora hadde vore ein tur utover dalen og selt sokkeband. Det var den einaste å livberga seg og den vesle guten på. I lange vinterkveldar sat ho ved dimt lampeljos og «slengde» sokkeband, raude og grøne trådar som vatt seg saman til den draumen ho aldri fekk oppfylt.Ingen gav dei to ei hjelpande hand. Ikkje noko velferdssamfunn strødde sine rike gåve over henne og guten. Det var blanke livet det galdt. Nå hadde ho traska milevis, fått selt nokre sokkeband, med knapt nok til å berga livet særleg lenge, kanskje nokre dagar, kanskje eit par veker.


Vesleguten og dei uselde banda hadde ho i ein pose på ryggen. Ho var nå på heimveg. Vinterkvelden nærma seg, nordisk og hjartelaus, tvinga henne til å søkja hjelp hos menneske. Einkvan hadde då det rette hjartelaget og sleppte henne inn for natta. Som store, grå steinar ruva husa fram or halvmørkret bortetter gardane. Ho prøvde på fleire dører. Men for henne var husa stengde som steinar, som fjellet framfor henne. Smellet frå dørklinka sa tydeleg nok at den varme, lognande to bak tømmerveggane ikkje var for henne og vesleguten. Ho fekk ikkje vera saman med menneske, men kanskje med dyra —- som ho elles var så glad i? Ho bad om å få liggja i eit sauefjøs, talle. Heller ikkje her fekk ho tilgjenge.


Ho starva ut i den stumande natta. Vesleguten klynka og smågret av og til. Det skar verre enn dei nei ho hadde fått, og dei kvasse smell frå dørklinkene.


Framfor henne reis nå Fånefjellet opp, tungt, stengjande og trugande. Vil ein studera hovudstega i utviklinga av norsk vegbygging, skal ein vitja dette fjellet. Det står loddrett og svart opp av fjorden og stengjer for all trafikk langs stranda. Dei gamle måtte over det. Først tråkka vel dyra opp ein stig der. Så kom mennesket. Det vart ein gangveg. Mjøl- og anna varekøyring frå Kristiansand kravde utbetring. Så vart det mura ein veg stykkevis der det var naudsynt. Han er der ennå. Han bør aldri koma bort i landskapet, jamvel om vår tids artsmenneske ikkje ser han.


Over fjellet vart det så for tungt for moderne trafikk. Det vart bygt halvtunell rundt fjellet. Jamvel engelskmenn har beundra byggverket og skrive om det. Endå meir moderne trafikk og fart krev beinare liner enn den krokutte vegen rundt fjellet. For nokre år sidan kom tunellen gjennom fjellet.


Hit hadde nå unge Eli kome med vesleguten sin. Ho orka ikkje stort meir. Dei få brødmolane ho hadde att, laut vesle Bjørgulv ha. Bakken steig framfor henne —- inn i mørkret. Livet hadde bode henne så mang ein bakke. Ung som ho var, hadde ho greidd dei. Fånekleiva vart hennar siste. Ho sleit seg fram nokre steg, seig så i kne att. Tankane trøytna —- stogga til sist. Berre eit namn forma seg på lippene hennar: Bjørgulv. Kulden overmanna henne. Ho seig saman. Det siste ho greidde å gjera, var å leggja guten innåt berre kroppen sin. Unge Eli! Hubroskrik i Fånefjellet vart den song som tona over din død —- for Bjørgulv.


Då det grydde av dag, vart Eli funnen. Ein liten gut sat på bringa hennar. Med butte hender krafsa han i seg nokre flatbrødmolar som endå var att. Kven skulle nå ta seg av han? Hjå ei kvinne i Åraksbø, som hadde vorte enkje, fekk han ein heim att. Targjerd heitte ho og budde i Borgi. Før mannen døydde måtte dei frå garden. Som mange andre vart dei med i ei skride av tvangsauksjonar som gjekk etter at koparverket i bygda måtte leggje ned. Det hadde gått ein tiårsperiode omkring 1850. Den som ikkje åtte jord på den tid, stod ofte på berr bakke. Så og med Targjerd. Som ei mor stelte ho Bjørgulv. Dei siste molane ho hadde, fekk oftast han. Han leid inga naud nett.


Utpå sommaren for vel 100 år sidan vakna ho ein morgon utan brødmolen så å seia i huset. Ho hadde berre ein veg å gå: Til Gunnar Nordgarden som då var på Grunnevatn og var formann i fatigstellet i bygda. På den tid var det ikkje lett å få offentleg hjelp. Fatigforstandarane ville naudleg ut med noko.


Targjerd la i veg på den 14 km lange vegen. Ho var svolten. Sjuk hadde ho og vore ei tid. Det gjekk smått. Bjørgulv var så stor at han kunne gå stutte stykke. Lange stykke måtte ho likevel bera han. Timane gjekk, og kreftene minka. Ho kvilde ofte, småprata med Bjørgulv. Setervegen vreid seg fram mellom kjørr og steinar, knudrut og tung. Nå greidde ho mest ikkje å lyfta føtene over steinane som Kjeksestranda var fullset av. Ho hadde gått vegen gjennom Grunnevassdalen som gjetslejente, som breidslejente og som kone i Borgi saman med born og mann. Dette var siste reis. Ved heimre enden av Austre Grunnevatn seig ho ned i lyngbakken. I glansen av julisol over svaberg og den fiolette røsslyngen anda ho ut.


Torstein Haugen stod i Grytingskardet med handa bak øyra og lydde. Kunne det vera mogleg? Barnegråt på den andre sida av vatnet! Jau det var ikkje til å ta feil av. Dette kunne berre tyda på noko fælsleg. Han sette av stad. Han fann dei —- den vesle guten som gret over den kvinna som nå var mor hans. Denne gongen skjøna ha meir enn i Fånekleiva. —-


Står ein her i bakken ved vatnet der ikkje den sparsame, men vakre heievegetasjonen greier å dekkja den magre bakken der Targjerd låg, så stig biletet av ein liten gut og to kvinner som døydde for han fram. To kvinner måtte bokstaveleg stupa i bakken for å halda saman den lange livsens kjede av menneske og lagnader fram til i dag. Ser ein så ein turist her i heia med utstyr og alt han ønskjer seg, så er det vanskeleg å vara seg for å spørja: Er dette livsens urettferd? Og ein tenkjer vidare: Eller var kan henda dei to kvinnene lukkelegare enn turisten når «dom skal sies?»


Bjørgulv vaks opp. Det høyrer med til soga. Han vart ein dugande mann, velvyrd i den bygda han kom til. Gjennom dei offentlege tillitsyrke han fekk, var han med å arbeida fram mot eit samfunn som ikkje nektar den fatige brød, eller stengjer dørene for den utstøytte.