Gløtt frå frigjeringa i 1945

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Gløtt frå frigjeringa i 1945 er ein artikkel av Erik Kjebekk. Den stod i heftet Minne frå ei svunnen tid, som vi har fått legge ut på Setesdalswiki.

Gløtt frå frigjeringa i 1945

Dette stykket er inga heilskapleg og samla framstilling av frigjeringa i Evje og Hornnes våren 1945. Stykket inneheld berre nokre «fragmentariske bilete» frå ei dramatisk tid. Eg har vore rundt til nokre personar og fått dei til å fortelje korleis dei opplevde frigjeringsvåren. Eg har dessutan plukka opplysningar frå forskjellige kjelder. Mykje meir stoff burde ha vore med, men eg får ikkje plass til meir i dette stykket.

Eg vonar likevel at dei gløtta som kjem fram i tekst og bilete vil vere av interesse både for dei som opplevde krigsåra og for dei som er fødde etter frigjeringa. Kunnskap om krigsåra og frigjeringa er viktig for oss alle. Denne kunnskapen kan hjelpe oss til å arbeide for fred og forbrødring mellom menneska.

Einar Katterås fortel om då den tyske kapitulasjonen vart kunngjort i Evje sentrum. Sigurd Skomedal tek oss med til Evjemoen og gjev oss gløtt frå heimsendinga av tyskarane og oppryddinga etter dei. Av Finn Torgersen får me høyre om ferda frå Tyskland om Sverige og heim til Noreg. Ragnhild Hegland, som var svigerinna til Nils Hegland, gjev oss eit gløtt inn i lidinga til dei som ikkje fekk sine kjære heim.

I historisk perspektiv er 50 år ingen lang bolk. Men det er eit langt stykke av eit menneskeliv. Og i løpet av 50 år er det lett å ha gløymt nokre detaljar. Det er også lett å hugse ting noko feil. Dei eg har samtalt med, er fullt klar over dette. Likevel har dei stilt opp, og det takkar eg dei så mykje for.

Litt frå krigsåra i Evje og Hornnes

I krigsåra var det mange tyske soldatar og offiserar her i distriktet. Til alle tider var det tyskarar nær sagt over alt. Dei fleste tyskarane heldt til på Evjemoen, der dei dreiv ei omfattande byggeverksemd. I aprildagane 1940 blei nokre bygningar i Nordre leir som me no seier, bomba. Tyskarane stod for oppbygginga av den nye leiren som strekkjer seg frå jernbanebrua til eit stykke nord for hovudporten.

Syrtveit bygde tyskarane opp ein forlegning. Her hadde dei lagerbygningar, og ein tysk vaktstyrke heldt til der. På Moi bygde tyskarane eit ammunisjonslager. Korleis det gjekk med dette lageret, har Olga Haughom skildra for Molla Moi:

- Ein dag i 1942 kom Trygve og Astrid Moi og eg gåande frå Slettefet med kyrne. Vi var komne til Tåralsmyr, litt ovanom Sandbekk. Då smalt det! Vi vart hevne i bakken av lufttrykket. Ein svær soppliknande eldmørje stod over ammunisjonslageret, og vi vart redde. Kyrne ville heim til garden, men vi fekk dei med opp gjennom Moi og heilt til Øvre Hannås. Folk frå Moi skunda seg opp mot Hannås, opp i heiegardane og opp mot Tveit. Heile Moi var i opprør. Vi stod på Rosefjellet, mellom Øvre Hannåsmoen, og såg at skulehuset brann. Uthuset der ute som Grunde Austad no eig, brann og opp. Dette var ein sabotasje av dei tyske soldatane. 12 – 14 tyskarar omkom den dagen, men ingen Moi-folk.

Nikkelutvinninga i Flåt Gruve var av stor interesse for tyskarane. Difor var vakthaldet strengt på sjølve gruveområdet og på Verket. Heile verksområdet var inngjerda med piggtråd. Innafor gjerdet var det nokre stader utplassert miner. I porten måtte ein vise adgangskort. Det var ein nordmann som stod vakt i porten, men ikkje langt frå inngangsporten heldt tyskarar til i ei brakke. Tyskarane var redd sabotasje. Difor var vakthaldet så strengt.

Einar Katterås arbeidde nokre år under krigen på kontoret på Gruva. Han minnest at tyske bergverksingeniørar kom stundom for å sjå på drifta. Dei ville intensivere drifta og meinte at dei bergfesta som inneheldt nikkel, måtte sprengast ut. Dette sette dei norske ingeniørane Torkildsen og Smith Meyer seg imot. Dei meinte det ville vere å øydeleggje Gruva for vidare drift.

Mange arbeidarar frå andre bygder kom i krigsåra til Evje. Dei vart sende av trygdekontora og måtte møte fram til arbeid på Gruva eller på Verket. Men mange av desse måtte sendast heim igjen. Dei hadde ingen erfaring frå dette arbeidet. Nokre demonstrerte tydeleg mot heile tvangsutskrivinga. Ein mann møtte fram på Gruva i smoking og flosshatt.

Tyskarane sette også sitt preg på det sosiale livet i bygda. Både nordmenn og tyskarar var innom kafeane. Då hende det stundom at det kunne oppstå ei følbar spenning i kafelokalet. Ein måtte vere forsiktig og ikkje opptre utfordrande. Det skulle ikkje mykje til for å verte arrestert.

Sjølv om det var lite mat å få tak i, greidde folk seg så nokonlunde. Dei fleste hadde kjøkkenhage, poteter og gris. Einar fortel at sjølv om dei budde midt i sentrum, hadde mor hans gris. Dei fleste fekk bytta til seg eller kjøpt noko mat kring på gardane i tillegg til det dei fekk kjøpt på rasjoneringskorta i butikkane. Men rikeleg vart det ikkje, og kosthaldet var einsformig. Mange åt seg nok lei på kålrot og potetkake.

Otte og uvisse sette sitt preg på krigsåra. Mange dreiv med ting som var ulovlege ifylgje okkupasjonsmakta. Ville dei bli oppdaga? Mange blei også tekne og sette i fangenskap anten her i landet eller i tyske konsentrasjonsleirar. Kor forferdeleg opphaldet i desse leirane var, vart seinare fortalt av dei som overlevde og kom heim att.

Men det aller verste i krigsåra var truleg forholdet til dei norske nazistane som gjekk i aktiv teneste hos okkupasjonsmakta og quislingstyret. Heller ikkje i Evje og Hornnes var dette ukjent.

Sjølv om radioapparata vart inndregne i 1941, var det likevel nokre som fekk lurt dei unna. Gjennom radioen fekk dei høyre nytt frå London. Det hadde mykje å seie for å halde motet oppe. Fram til 1943 veksla det nok mellom pessimisme og optimisme, men då snudde krigslukka og nyhetsmeldingane frå London gav mot og inspirasjon.

Vinteren og våren 1945 var dei fleste klar over at det berre var kort tid att før tyskarane var nedkjempa. Åsmund O. Kjetså skreiv i hytteboka si:

- Me vonar på fred i året 1945.

Men spørsmålet var om dei tyske styrkane i Noreg ville akseptere kapitulasjonen. I Festung Norwegen stod over 300 000 kamptrena tyske soldatar. Våren 1945 var ei spanande tid ikkje minst i Evje og Hornnes med mange tyske soldatar på Evjemoen.

Kapitulasjonen vert kjent på Evje

Dei siste dagane i april og fyrste veka i mai 1945 var fulle av dramatikk. 30. april 1945 gjorde Adolf Hitler sjølvmord i Berlin. Han hadde då overlete makta til storadmiral Dønitz. Alt 4. mai 1945 kapitulerte Tyskland på deler av vestfronten. Og natt til 7. mai 1945 underteikna den tyske mititære overkommandoen kapitulasjonsdokumenta i general Eisenhower sitt hovudkvarter i Reims i Frankrike. Kapitulasjonsprosedyren vart teken opp att i det sovjetiske hovudkvarteret i Berlin før midnatt den 8. mai 1945. Offisielt skulle våpna tagne midnatt mellom 8. og 9. mai.

Dei allierte ville ikkje sende ut noka formell melding om kapitulasjon om morgonen den 7. mai. Men nyhetene spreidde seg likevel. Klokka 1550 gjekk den offisielle tyske meldinga om kapitulasjon ut over kringkastinga i Oslo på tysk. Klokka 1730 blei ho teken oppatt på norsk. Seinare kom det også melding om kapitulasjonen på norsk frå London. Og Fædrelandsvennen fekk ut eit ekstranummer der det stod FRED med feite bokstavar. Klokka 2200 gjorde sjefen for Wermacht i Noreg, general Bøhme, i ein radiotale det klart at dei tyske troppane lojalt ville fylgje ordren om kapitulasjon. Reichskommissar Terboven, som Dønitz hadde avsett dagen i førevegen, ville visstnok ha ført kampen vidare i Noreg. No var hans sak tapt, og like før midnatt sprengde han seg i ein bunkers på Skaugum.

Kapitulasjonen blei kjent også i Evje og Hornnes den 7. mai. Hos Gunnar Austegard på Hornnes sette dei fram radioen som dei hadde halde skjult under krigen. Mykje folk samla seg der for å høyre på sendingane frå London. Ein flokk menneske samla seg utanfor kyrkja. Der kom rektor Danielsen frå landsgymnaset på Hornnes. Han steig opp på kyrkjetrappa og heldt ein tale.

Einar Katterås hugsar godt maidagane i 1945. Han fortel:

- Erling Gullestad hadde radioapparat under heile krigen. 7. mai tok han fram radioen, fyrst i butikken. Seinare plasserte han radioen på verandaen. Ein stor menneskemasse samla seg på vegen framfor butikken. Etter kvart vart plassen for liten til alle menneska. Mange måtte difor trekke inn på jernbanen sitt område og lytte til sendingane frå London. Eg trur det var røysta til Toralf Øksnevad me høyrde, seier Einar.

- Medan me stod der i alvor og glede, kom fleire tyskarar forbi med hest og kjerre. Kjerrene var fulle av soldatar og utstyr. Dei hadde begynt evakueringa frå Syrtveit. Nokre av nordmennene begynte å pipe. Men Torvald Haavardstad som også var i flokken, bad folk vere forsiktige sidan kapitulasjonen ennå ikkje var trådt i kraft og tyskarane framleis hadde våpen.

Då sendinga frå London var over, spurte Haavardstad meg:

- Må eg seie noko?

- Ja, visst må du det, svara eg. Og så steig Haavardstad fram og heldt ein fin og gripande nasjonal tale til oss.

Like etter kapitulasjonen sende styresmaktene ut eit opprop der dei bad nordmenn melde seg til vaktteneste i Kristiansand. Einar saman med fleire frå Evje gjekk i eit par døger vakt på kaia. Nokre reiste også til Oslo og gjekk vakt der.

Etter kapitulasjonen tok Torvald Haavardstad straks over leiinga av Evje kommune. Det gamle kommunestyret frå 1940 vart innkalla. Utpå hausten var det val på nytt kommunestyre. Einar som var formann i Arbeidarpartiet, fekk mykje arbeid med å byggje opp partiapparatet igjen.

17. mai 1945 hugsar Einar godt.

- Eg var formann i 17. mai komiteen. Våren kom seint det året, men sjølve grunnlovsdagen var uvanleg vakker. Sola vermde og trea grønkast. Me heldt til i hellinga bak Evje ungdomsskule. Torgeir Berulvson som var overlærar ved Kristiansand lærarskule og hadde vore styrar av Setesdal ungdomsskule 1917-1922, heldt hovudtalen. Russiske krigsfangar var saman med oss. Dei deltok med russiske folkesongar og vart hylla og fagna av oss norske. Eg har framleis eit lite skrin som eg fekk av ein russar. Korleis det gjekk desse fangane då dei kom heim att til Sovjet, veit eg ikkje, seier Einar.

Avvepning og heimsending av tyskarane

Ifylgje kapitulasjonsavtalen skulle tyskarane samle seg i leirar eller reservat som var utpeikte til det. Evjemoen var ein slik samlingsleir her på Sørlandet. Der skulle tyskarane leggje ned våpna og overgje kommandoen til allierte styrkar. Fleire tusen tyske soldatar og offiserar oppheldt seg ei tid på Evjemoen. Dei låg på flatsenger nær sagt over alt.

Berre nokre dagar etter kapitulasjonen begynte dei fyrste allierte styrkane å kome hit til lands, britar, kanadiarar og amerikanarar. Desse styrkane nådde til slutt opp i cirka 30 000 mann.

Sigurd Skomedal vart under frigjeringsfeiringa i maidagane 1945 kalla inn til teneste i Forsvaret. Møtestaden var Vaktbataljonen/IR7 på Gimlemoen. Sigurd meiner dei var om lag 500-600 mann som tilhøyrde Vaktbataljonen. Sjef for Vaktbataljonen var kaptein Nomeland frå Rysstad. Sigurd fortel:

- Det var amerikanske og kanadiske soldatar og offiserar som først inntok Evjemoen. Dei gjekk under namn av The Red Devils. Noko seinare kom også britiske styrkar til Evjemoen. Alle tyske soldatar og offiserar blei kommanderte ut på sletta framfor hovudporten for avlevering av våpna. - Den troppen eg tilhøyrde i Vaktbataljonen, blei sendt opp til Skoghytta på Hornnes for å halde vakt. Me sette ut vaktpostar i alle vegkryssa og på jernbanebrua. All trafikk blei stoppa og kontrollert.

- Då utskipinga av tyskarar frå Mandal kom i gong, var eg med og førte tyskarane til Øvrebø. Det vart mange turar. Me dreiv dei som ein saueflokk. Fleire tyskarar hadde laga seg doningar til å frakte med seg sitt jordiske gods på. Men kjerrene gjekk i sund etter grusvegen og dei måtte berre kaste sakene sine i vegkanten.

- Undervegs kom det til heftige episodar. Høgare tyske offiserar tykte det var fornedrande at dei blei drivne på denne måten etter vegen. Nokre sette seg ned i grøftekanten og ville ikkje gå vidare. Men så snart ein offiser frå The Red Devils kom køyrande i Jeepen og tyskarane fekk pistolmunningen retta mot seg, var dei ikkje seine med å kome på vegen att.

På forsommaren tok ein del av Vaktbataljonen under leiing av kaptein Nomeland over kommandoen på Evjemoen. Alt etter tyskarane skulle no registrerast. Dei tyske bryggehestane blei slakta og laga pølse av. Ponnyane, esla og muldyra vart selde. Det var Direktoratet for Fiendtlig Eiendom som stod for denne handelen. Eit kapittel for seg var dei 60 ridehestane. Dei skulle overtakast av Landbrukshøgskolen på Ås. Sigurd var med på hestetransporten til Ås.

- Fyrst vart dei frakta med Setesdalsbanen til Grovane. Der måtte dei lastast over på Sørlandsbanen. I kvar vogn var det seks hestar og to soldatar som heldt vakt. Me hadde eit raudt flagg som me kunne henge ut gjennom vindauget dersom noko skulle bli gale med hestane og toget måtte stanse. Det vart nokre stopp på turen til Oslo, for fleire av hestane var temmeleg ville.

- Me kom til Oslo om kvelden, og så laut me leie hestane frå Vestbanen til Austbanen. Dersom me ikkje hadde fått hjelp av politiet i Oslo, trur eg snaut at me hedde makta dette. Men alle hestane kom til slutt velberga fram til Landbrukshøgskolen.

Sigurd fortel også at det var att ein tysk arbeidskommando på Evjemoen. Dei heldt til i Nordre leir. Nokre av dei var bakarar og eit bakeri var i sving i fleire månader. Andre blei sette til å rydde bort piggtrådsperringar og andre ting som låg att etter herrefolket. Forsvaret hadde ein god del ved på Bjoråheia. Sigurd hugsar godt at dei stilte tyskarane opp på ei lang rekke. Så langa dei veden ned til vegen medan nordmennene stod attmed og skråla på dei.

Denne arbeidskommandoen reiste heim til Tyskland i 1946. Sigurd kom resten av sitt yrkesaktive liv til å arbeide som offiser i Forsvaret.

Frå tysk konsentrasjonsleir heim til Evje

Eg kjenner ikkje talet eller namnet på alle frå Evje og Hornnes som sat i konsentrasjonsleirar i Noreg eller Tyskland under krigen. Til all lukke kom dei fleste heim att. Men ikkje alle gjorde det, det viser minnesmerka ved kyrkjene i Evje og Hornnes.

Dei fleste av våre falne døydde i tyske leirar. Men Jørgen Kristian Tambini, Oskar Torvald Johan Austenå og Torleif Jensen (Engenes) vart torpederte og fekk si grav på havet. Innsatsen til krigsseglarane er blitt altfor lite påakta i etterkrigstida. Med den store flåten Noreg hadde, kom sjøfolka sin innsats til å få mykje å seie for utviklinga av krigen.

Fleire av dei som overlevde opphaldet i konsentrasjonsleirar og krigsåra på sjøen, er borte no. Ein av dei er Leif T. Birkeland. I ei lita notisbok, som eg har fått lånt av dottera Laila, fortel Leif gripande minne frå fangeopphaldet. Leif kom ut frå Tyskland med ein av dei kvite bussane og 7. mai var han i Sverige. Leif skriv:

- Det er ein stor dag for oss å få høyre at Norge er atter fritt. Dei følelser vi har er der ikkje ord for. Selv dei kamaratane vi har mista i kampen mot barbari og terror, er i dag med oss hjem i våre tanker og hjerter.

Leifs vesle notisbok er eit klenodium. Mellom anna skriv han om fleire av kameratane sine som bukka under og som ikkje kom heim til eit fritt land. Men her har eg ikkje plass til kome noko meir inn på det.

Bak fangetransporten med dei kvite bussane stod i fyrste rekk grev Folke Bernadotte. Frå 19. januar til 18. april reiste han ikkje mindre enn fem turar til Berlin for å forhandle med leiaren for SS og Gestapo, Heinrich Himmler, om å få lov til å hente heim dei skandinaviske fangane. Dagen etter det siste forhandlingsmøtet gav Himmler ordre om at nordmenn og danskar kunne forlate Tyskland. 20. april begynte transporten frå Neuengamme ved Hamburg som var oppsamlingsleir. Leif T. Birkeland skriv i notisboka si at han forlet leiren den 20. april.

Finn Torgersen var også ein av dei mange norske fangane som kom ut av Tyskland med dei kvite bussane. Han fortel at i Neuengamme kom grev Folke Bernadotte bort til han og sa:

- Ni skal snart vara i Sverige.

- Turen gjekk fyrst til ein leirplass i Møgelkjær i Horsens i Danmark, fortel Finn. – Der var eg med og steikte kjøttkaka mellom anna til den svenske greven som me følte hadde gjeve oss livet tilbake. Danskane tok fint imot oss, kan du tru, seier Finn. – Ennå i dag kjenner eg på ein indre varme når eg høyrer det danske målet.

I eit brev til mor si som er dagsett 8. mai, skriv Finn mellom anna:

- Rett etter nyhetene samlast alle norske samt den svenske betjeningen som er her, ute på gardsplassen der vi stod kring flaggstanga og såg det kjære og herlege flagg gå til topps, det var som fargane lyste sterkare og vakrare i flagget i dag. Grunnen var vel at vårt land var atter blitt fritt, og at det tyske barbarvelde var fullstendig tilintetgjort.

Finn skriv også at mange var så sterkt tekne at dei gret då dei gratulerte kvarandre. Om kvelden var det fest. Og Natvig Pedersen frå Stavanger heldt ein gripande tale og takka svenskane for alt dei hadde gjort mot nordmennene.

17. mai traff Finn igjen bror sin Karl i Ronneby Brunn i Blekinge. Dagen etter prøvde Karl å ringe heim til mor deira. Men på sentralbordet sa dei at det var berre viktige telefonsamtalar som kom fram. – Ja, men det må vel vere viktig når to søner er komne ut frå dødsleirar i Tyskland, sa Karl, og etter ei kort stund hadde Karl kontakt med mor.

- Turen heim til Evje gjekk med toget, fortel Finn. – På Grovane møtte eg Elef Åsland frå Flatebygd. Så gildt å treffe igjen ein sambygding! Mange av tysklandsfangane kom heim med same toget som eg. Ein stor flokk var møtt fram for å helse oss velkomne heim. For meg var det spesielt stort å møte mor og kjærasten Ruth igjen.

- Nokre dagar etter at eg kom heim, vart eg sjuk. Heldigvis kom eg meg fort igjen. Og eg var med på den nasjonale folkefesten som var halden i Evje bedehus 7. juni, dagen då vår kjære konge kom heim. Eg minnest at Gunnstein Greibrok, som i mange år var styrar ved på Setesdal ungdomsskuleGalteland, heldt festtalen. Einar Klepsland helste frå offiserane som hadde vore i tysk fangenskap. Seinare på sommaren heldt sokneprest Kvamsdal takkegudsteneste i kyrkja.

Finn har alltid vore interessert i idrett. Han var aktiv og gjorde det godt i forskjellige øvingar både før og under krigen. Etter krigen hadde han opphald i mange år, men etter at han vart pensjonist, har han igjen vore med i fleire tevlingar med gode resultat.

- Før krigen var det to idrettslag i Evje, Idrettslaget Ørnen og Evje AIL, fortel Finn. Etter krigen vart dei to laga slegne saman til eitt, Evje idrettslag. Det var idrettslaget som i september arrangerte fredsmarsjar med god oppslutning både på Evje og i Flatebygd. Og det var idrettslaget som kontakta kaptein Nomeland og bad om hjelp frå den tyske arbeidskommandoen på Evjemoen til å opparbeide Trollbakken. Tyskarane gjorde eit godt arbeid der.

Ikkje alle kom heim

Men det var ikkje alle som kom heim på våren og forsommaren 1945. Dei som hadde mista sine kjære, bar på eit verkesår midt i glederusen som gjekk over landet. Eg har fått Ragnhild Hegland til å fortelje noko om det. Ragnhild var altså svigerinne til Nils Hegland som døydde 3. mars 1945 i fangeleiren Mauthausen i det noverande Østerrike.

Nils var utdanna lærar, men han hadde sitt arbeid som kontorist på Verket. Under okkupasjonen var han aktiv med som leiar i Milorg i Evje. Natt til 20. januar hende noko som Ragnhild ikkje gløymer:

- Eg vakna av høgt prat nede på kjøkkenet til svigerforeldra. Mannen min Peder, veslejenta og eg budde då i huset deira. Nils var ugift og budde saman med foreldra. Peder fekk på seg kleda og gjekk ned i kjøkkenet. Der fekk han sjå at dei var komne for å hente Nils. Faren Johan var også på kjøkkenet. Før dei reiste med Nils, sa han til far sin. – Gud er attåt! – Slik skildest far og son. Men då dei seinare fekk høyre at Nils var død, vart dette eit kjært minne for foreldra midt i den tunge sorga.

- Nils kom fyrst til Grini. 10. juni vart han sendt til Tyskland, til forskjellige Nacht und Nebel-leirar. Eg hugsar ikkje at foreldra fekk brev frå han. Like før freden fekk me høyre at han var død. I fangeleiren arbeidde han i eit sandtak. Der vart han utsett for ei ulukke og den eine foten vart øydelagt. Han kom på sjukehus og der døydde han. Den allmenne helsetilstanden etter opphaldet i dei forferdeleg NN-leirane var nok også dårleg, seier Ragnhild som legg til:

- Etter krigen kom Nils si klokke og nokre andre småting heim. Dei gamle foreldra sørgde sjølvsagt over tapet av sonen. Faren Johan sa ikkje så mykje, men mora som hadde stått Nils særleg nær, gav oftare uttrykk for sorg og liding. Dei gamle sitt soverom var like inntil vår leilegheit. Om kvelden når dei heldt andakt, kunne me høyre gjennom veggen kor vondt det var for dei at Nils var død…..

Ragnhild nemner også at ho stod i vindauget heime og såg då Erling Gullestad heiste flagget. Det var ei underleg stund. Tårene kom fram.

Med tanke på alle dei som gav livet i kampen for fridom og fred i åra 1940-45, står ein strofe frå diktet De Beste av Nordahl Grieg for meg:

De beste blir myrdet i fengsel,
sopt vekk av kuler og sjø.
De beste blir aldr var fremtid.
De beste har nok med å dø.

Intervjua er gjort i 1995