Hannås

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Garden Hannås med bruka Nedre Hannås og Øvre Hannås til høgre. Til venstre Gullringstjønn og Otra.
Øvre Hannås 13. april 2019.

Hannås er ein gard (gnr. 22) nord for Moisund i Hornnes i Evje og Hornnes kommune.

Hannås kan vere ein gamal gard. Det samansette topografiske naturnamnet peiker i den retning. Men garden er truleg ikkje mellom dei aller eldste i Evje og Hornnes. Etter gardsgrensene kan det sjå ut til at han er gått ut frå garden Kjetså i nord. Men namnet Voremyr som ein finn på garden kan au tyde på ein samanhang med garden Moi i sør, der Vorehei ligg.

Strøyman var husmannsplass under Hannås på 1600-talet, men vart skild frå og blei eigen gard i 1693.

Den første oppsittaren ein kjenner namnet til i lensrekneskapane er Tomas (Thommis) Hannås. Han er nemd frå 1610 til 1623. Etter 1650 kom det folk frå Grindheim i Vest-Agder til Hannås. Ola Torjusson Sveindal eigde 1 1/2 hud i Hannås. Han budde ikkje sjølv på garden, men sønene Leif Olson Sveindal-Hannås og Lars Olson Sveindal-Hannås budde der. Dei to delte garden mellom seg, i bruka Øvre Hannås og Nedre Hannås. I dag er det lastebileigaren og tømmerbilsjåføren Nils Thomas Hannaas som eig Nedre Hannås. På Øvre Hannås bur det ikkje folk.

Kjelder

Kart

Laster kart...