Johan Hegland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Johan Hegland
Født: 10. april 1872
Død: 12. mars 1952 (79 år)

Johan Hegland (fødd 10. april 1872 i Gyland) var bøkkar, sagbrukseigar, bustadbyggar og gardbrukar i Evje. Han spelte ei viktig rolle i utviklinga av stasjonsbyen Evje.

Hegland var frå Gyland i Vest-Agder. Han lærte seg sjølv til bøkkar (tønnemakar) og arbeidde med det i nokre år. Han var i Strømstad i Sverige og hos Brødrene Jernes i Kristiansand. I 1898 kom han til Evje som sagmeister for Gudbrand A. HenriksenEvje nikkelverk. I 1900 gjekk han saman med Henriksen om sagbruket. I 1908 overtok han sagbruket aleine. Denne første tida budde han i Fossvik. Seinare budde familien mellom anna i Heglandshuset i Evje sentrum, der den svære Sentrumsgården nå står.

Hegland kjøpte opp hustomter i stasjonsbyen som var i ferd med å vekse fram. Han sette opp ni hus, som han selde vidare. Husa blei sett opp med materialer frå sagbruket hans på Verksmoen. Han var også interessert i jorddyrking. Han kjøpte 20 mål jord på Grenjåmyra av Gudbrand Henriksen, og dyrka opp dette arealet.

Johan Hegland var engasjert i lokalpolitikken. Han sat i kommunestyret 1916-1925, for Venstre. Han var med i skulestyret, fattigstyret, overlikningsnemnda og bustadnemnda. Han blei mykje nytta som takst- og skønsmann. Han var med i fleire kristelege organisasjonar i bygda.

Johan Hegland var gift med Tonette Hegland. Dei hadde fleire born, mellom anna Nils Hegland som døydde i tysk krigsfangenskap under 2. verdskrigen.

Kjelder[rediger]