Torleif Jensen Engenes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Torleif Jensen Engenes
Torleif Jensen Engenes.jpg
Født: 15. april 1923
Død: 9. november 1942 (19 år)

Torleif Jensen Engenes (fødd 15. april 1923 i Vennesla, død 9. november 1942) frå Evje var sjømann. Han omkom då skipet han var matros på, DS Fedelia, vart torpedert av tyske motortorpedobåtar medan det låg i ballast utanfor austkysten av England.

Engenes drog til sjøs berre 16 år gamal. Skipet hans blei liggjande i Nord-Afrika då krigen braut ut. Han fikk rømt til Sevilla. Her mønstra han på det norske skipet DS Fedelia, som altså vart senka av tyskerane 9. november 1942.

Foreldra til Torleif var Jens Jensen (f. 1888 i Lyngen, d. 1927 i Bjelland) og Gyro (f. Månes 1894 i Bygland).

Torleif Jensen Engenes vart berre 19 år gamal. Namnet hans er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje, som ungdom i Evje fekk reist etter krigen til minne om dei frå Evje som mista livet sitt i kampen for fedrelandet 1940-1945.

Kjelder

Eksterne lenker

Om Torleif Jensen Engenes hos minnehallen.no