Minne frå ei svunnen tid

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Minne frå ei svunnen tid - Erik Kjebekk.jpg

Minne frå ei svunnen tid er eit hefte med lokalhistorisk stoff som Erik Kjebekk gav ut i 2007. Undertittelen er Historiske gløtt frå Evje og Hornnes. Heftet har foredrag, intervju, stykke og artiklar. Setesdalswiki har fått manuskriptet til heftet for å legge ut på nettstaden. Her tek vi med kva forfattaren skriv i føreordet:

Føreord[rediger]

I eit par tiår har eg skrive nokre intervju, stykke og artiklar av lokalhistorisk art i Setesdølen og Arnstein. Likeeins har eg halde nokre foredrag med emne frå Evje og Hornnes. Stundom har eg tenkt at det skulle ha vore gildt å ha hatt desse stykka samla mellom to permar. Dei inneheld etter mi meining opplysningar om fortida som eg trur er av interesse for ettertida også. Eg vende meg til styret i Evje og Hornnes sogelag for å høyre om sogelaget kunne stå som utgjevar av ei slik samling. Der fekk eg grønt ljos med ein gong. Det tykte eg var overmåte gildt. Hjarteleg takk til sogelaget!

Eg har vore med i Evje og Hornnes sogelag heilt sidan laget vart skipa, og sjølv om eg no mellombels bur i Oslo, fylgjer eg med stor interesse med i sogelaget sitt arbeid. Dersom eg er heime når sogelaget har ulike arrangement, prioriterer eg høgt å vere på desse samkomene. For meg er det viktig og verdifullt å ha god kontakt med heimbygda. Ein må høyre til ein stad. Eg har mine røter i Evje og Hornnes, og då særleg Flatebygd med heiegardane. Heime er for meg ikkje hovudstaden men Flatebygd.

Tanken om å gje ut dette heftet lufta eg fyrste gongen for skulesjef Tim Dåsnes. Ein særleg takk til deg, Tim, for gode råd! Den same takken går til rektor Alf Georg Kjetså som også denne gongen har hjelpt meg med å finne fram høvelege bilete. Alf Georg sitt biletarkiv er eineståande, både når det gjeld omfang og orden!

Eg ynskjer at dette heftet må bli lese, ikkje minst av ungdomen. Det velferdssamfunnet me lever i, har ikkje gjort seg sjølv. Dei som levde før oss, gjorde ein stor innsats for at etterslekta skulle får det betre enn dei hadde det. Etter mi meining er det både interessant og lærerikt å høyre noko om den innsatsen dei gjorde på det materielle og åndelege området. Eg ynskjer at eg med dette vesle heftet kunne vere med og auke interessa for å lære våre historiske røter betre å kjenne.

Flatebygd i september 2007

Erik Kjebekk

Innhald[rediger]

  1. Hornnes Gamleheim 40 år
  2. Påskehelg på Lauvland i gamle dagar
  3. Fiskebollar til julemiddag
  4. Frå det gamle jordbruket
  5. Mannen som bar fram posten til heiegardane i Evje i 44 år
  6. Gløtt frå forkynnarverksemda til honndølen Johannes Daasvand
  7. Gløtt frå frigjeringa i 1945
  8. Då matros Oskar Austenå frå Evje vart torpedert i Sør-Atlanteren
  9. I fotefara til ein utflytta slektning
  10. Tryggheim bedehus hundre år
  11. «I Jesu navn skal all vår gjerning skje»